Reportasje

Dyktig bonde tok avføringsprøvar av kalvar

Alle opplever frå tid til anna at nokre kalvar får laus avføring eller diaré, og dersom dette gjentek seg eller vert eit problem, kan det vera lurt å ta avføringsprøvar, for å finna ut kva som er bakgrunnen for diareen.

Oddfrid Vange Bergfjord

Tekst og foto

oddf-van@online.no

Bolset i Jølster kommune i Sogn og Fjordane

  • Andreas Bolset

  • Buskap: 116 storfe med stort og smått, 50 mjølkekyr

  • Mjølkekvote: 455 000 liter (leiger delar av kvoten)

  • Areal: Haustar 250 mål til silofôr, kjøper fôr fra 90 mål som vert hausta av grunneigar, har 150 mål innmarksbeite

Aktuell fordi han har svært godt kalvestell, men leitar etter forbetringar og har tatt ut avføringsprøvar ved tendens til diaré

Det ligg godt til rette for grasbasert husdyrhald på Skei i Jølster. Her er garden til Andreas Bolset med heilt ny driftsbygning frå 2014.

Det er godt dokumentert at kalvar som har hatt sjukdom, tapar tilvekst og vert sett tilbake slik at dei ikkje vert så gode produksjonsdyr som vaksne i høve til kalvar som har vore friske og vokse godt i ung alder. Dette gir motivasjon til å optimalisera kalveoppdrettet så mykje ein kan klara.

Andreas Bolset i Jølster i Sogn og Fjordane har allereie eit svært godt kalveoppdrett, men han er også motivert for å forbetra drifta si endå meir, og han har i samråd med veterinær Karin Johnsen tatt ut avføringsprøvar av unge kalvar som har hatt tendens til diaré.

– Kalvane har ikkje hatt store problem med diaré, men gjentekne episodar med diaré på kalvar på om lag to veker. Diareen har gått fort over, men eg ynskjer likevel å vita kva som er årsaka, og korleis me kan førebyggja at dette skjer igjenn, seier den ivrige bonden.

Tek ut prøvar ved gjentekne problem eller flokkproblem

Karin Johnsen er ein erfaren stordyrveterinær med stort engasjement for kalvehelsa. Ho har også vore foredragshaldar på den populære kursserien “Go`kalven”, og ho driv aktivt med rådgiving i førebyggjande helsearbeid for bønder som ynskjer gjennomgang i sine besetningar.

– Eg anbefaler produsentar å ta ut avføringsprøvar ved gjentekne problem med diaré eller ved flokkproblem, seier den stødige veterinæren. Prisen på desse prøvane gjer at ho “held litt att”, for det kostar 2 350 kroner pluss meirverdiavgift å få analysar prøvane.

Diarépakke kalv

Denne “diarépakke kalv” frå Veterinærinstituttet i Oslo inneheld alt ein treng for uttak og innsending av avføringsprøvar frå fem dyr under fire veker. Her vert det undersøkt om kalvane har rotavirus, coronavirus, E. coli F5 eller Cryptosporidium parvum. Dette er vanlege årsaker til diaré hjå spedkalvar dersom diareen skuldast smittestoff. I veldig mange tilfelle skuldast kalvediaré også at noko har gått gale med fôringa som til dømes dårleg hygiene, for svak fôring eller at mjølka har blitt for sur.

”Kalveflyt”

Hjå Andreas Bolset kalvar kyrne i kalvingsbinge, og like etter kalvinga vert kalvane flytta over i enkeltboks som dei står i til dei er 3 – 4 dagar gamle. Etter dette vert kalvane flytta over i fellesbinge der dei går til dei er 14 dagar gamle. Vidare går turen til bingen med kalveautomaten der dei vert gåande til dei er åtte veker og ferdig avvent frå mjølk. Kalvane får fersk mjølk så lenge dei får mjølkefôring, og i automaten får dei 9 liter for dagen. Dei har også fri tilgang på kalvekraftfôr, vatn og silofôr. Tilveksten ligg på mellom 700 – 750 gram for dagen, og dei er om lag 100 kilo på åtte veker ved avvenjing.

Råmjølk er viktig

Karin viser fram “diarépakke kalv” frå Veterinærinstituttet. Her er alt av prøvetakingsutstyr, og pakken er ferdig frankert og klar til å sendast etter uttak av prøvane.

Eg passar alltid på å få i kalvane rikeleg med råmjølk av god kvalitet. No har eg kjøpt flasker som rommar 4 liter, og dei fleste kalvane drikk mellom 3 – 3,5 liter med ein gong dei er fødde, ein stor kalv kan drikka opp til 5 liter. Eg gir dei så mykje eg får i dei umiddelbart etter fødsel, for då er sugerefleksen god, smiler den flinke bonden. Dei kalvane som ikkje drikk sjølv, får sondefôring, men det høyrer med til unntaka. Andreas måler også råmjølkskvaliteten med refraktometer, og han brukar berre råmjølk med god kvalitet. I tillegg noterer han ned kor mykje kvar kalv drikk like etter fødselen, slik at han kan gå tilbake å sjå på dette dersom nokon av kalvane vert sjuke.

Rotavirus

Prøvesvaret på “diarépakke kalv” hjå Andreas var rotavirus på to kalvar, og dei tre andre kalvane var negative på alt. – Det kostar det same for analysen om me tek ein eller fem prøvar, og me kan like gjerne få utslag hjå tilsynelatande friske kalvar som går i same bingen, seier Karin. Ho oppmodar derfor folk til å ta ut fem prøvar sjølv om berre ein eller to viser symptom på sjukdom. – Det kan også vera vanskeleg å få tak i avføring hjå kalvar med diaré fordi avføringa er så tynn, eller det kan vera heilt tomt i bakre del av tarmen. Då kan det vera lettare å få ut prøvar av dyr i same binge med tilsynelatande normal avføring, seier Karin engasjert.

I denne besetninga der dei fann rotavirus, vert tiltaka å sjå endå meir på råmjølkstildelinga, fôringa generelt, oppbevaring av mjølk, reinhald av mjølkebarar og miljøet som kalvane er i. Rotavirus er vanleg førekommande, særleg i vinterhalvåret, og tilsynelatande friske dyr, både vaksne og ungdyr, kan vera smitteberarar. – Oppgåva vår vert derfor å gjera kalvane så robuste og sterke at dei toler å komma i kontakt med rotaviruset utan å bli sjuke. Dette kan me greia ved å få i dei rikeleg med råmjølk av god kvalitet med ein gong ettet fødsel, gi dei nok mjølk av god kvalitet vidare slik at dei er i positiv energibalanse og samstundes syta for at dei har det reint, tørt og trekkfritt rundt seg, seier den erfarne og stødige veterinæren.

Det er når kalvane er rundt 14 dagar gamle dei har fått litt laus avføring i denne fellesbingen. Ved prøveuttak fann ein rotavirus.

Andreas og Karin framfor mjølketanken til kalveautomaten. Her vert heilmjølk kjølt ned til 3,5 grader Celsius, og i eit eige kammer vert den varma opp til 38,5 grader Celsius som kjem ut som drikkeklar mjølk i automaten.

Lite behov for antibiotika til kalv

Karin fortel vidare at behovet for antibiotika til kalv med diaré er lite.

– Det er i dei fleste tilfella ikkje behov for antibiotika. Eg anbefaler gjerne andre produkt som Diakur, Glutellac, Correct acta eller Floryboost. Dette er varer som er med å minskar diareen og legg til rette for at kalven ikkje skal bli så påkjendt etter stort væsketap som diaré kan gi. – Nokon synest kanskje eg er litt streng når det gjeld utlevering av antibiotika, men kalvane greier seg like godt utan, og då er det ikkje noko poeng i å gi dei antibiotika, slår Karin fast.