Fôr

Hald surfôret fritt for sporar

Kjelda for sporar i mjølk er hovudsakleg «forurensa» grovfôr, enten gjennom for låg stubbehøgde, jordinnblanding, dødt plantemateriale eller møk på plantene. Det er difor viktig med gode tiltak ute på jordet og under innhaustinga for å unngå at sporane kjem inn i fôret.

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

ingunn.schei@tine.no

Set att 10-12 cm av stubben for å unngå dei mest utsette områda på plantene.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Det er først og fremst smøresyresporane vi vil fokusere på her, men kjelda for aerobe sporar er mykje den same; gjennom jord og skit.

Det kan fort bli ein vond sirkel med sporar i surfôret: inn i kua og ut i møka, møk i fjøset og sporar i mjølka, møka ut att på jordet og inn att i graset på nytt. Denne sirkelen er det om å gjere å bryte.

I prinsippet dreier det seg om to ting:

  • 1. Unngå at fôret blir forurensa med sporehaldig jord og husdyrgjødsel

  • 2. Unngå at sporer som likevel blir med på graset går over i aktiv form og formerer seg i siloen eller i rundballane.

La minst 10 cm av stubben stå

Smørsyrebakterier og sporene finst først og fremst i jord og i husdyrgjødsel. Gras som står og veks på marka er nesten fritt for smørsyrebakteriar og sporar, med unntak av heilt nedst på stengelen. Set difor att 10-12 cm av stubben for å unngå dei mest utsette områda på plantene. Stubbehøgda er òg avhengig av vèrforholda. Våte innhaustingsforhold krev høgare stubbing enn om det er tørt. Det er relativt lite å hente i mengde og energiverdi på å ta med lågare stubb sidan stubben har det minst fordøyelege fiberet, og energiverdien blir dermed heller dårlegare. I tillegg blir gjenveksten betre stimulert i enga, så totalavlinga blir lite påverka. For å få riktig innstilling på stubbehøgda er ekstra slepesko eller meier til slåmaskina gode reiskap. Riktig høgdejustering av slåttebjelken og riktig innstilling av fjøroppheng for å få rett marktrykk vil vere avgjerande for eit godt resultat. For sidemonterte maskiner vil riktig lengde på toppstaget ha avgjerande betydning for stubbehøgda. Og ikkje gløym å kvesse knivane!

Praktiske tiltak for å unngå sporer i fôret:

  • Sørge for jevn overflate på jorda, og gode tiltak mot vånd/jordrotter

  • Riktig bruk av husdyrgjødsla, helst blande den ut med vatn. Spreiing i overskya vêr er best, og regn eller vatning like etterpå...

  • Stubbehøgde minst 10 cm, særleg viktig under fuktige forhold

  • Unngå at jord og møkk blir ”sparka opp” i fôret med feil innstilt rive eller for låg pickup på hausteutstyret

  • Riktig dosering av effektive ensileringsmiddel

  • Rask innlegging, hard pakking og press på siloen, rask innpakking av rundballar

  • Gras med for lang kuttelengde gir ekstra utfordring med luft i massen, pakking og press ekstra viktig

  • I rundballar: Fortørking til 35 – 40 prosent tørrstoff om mogleg

  • Sørg for god hygiene ved innkøyring i plansilo

Jord i fôr – nei takk!

Jord inneheld alltid sporar og skal difor ikkje inn i surfôret. Køyring under ugunstige forhold når det er vått bør unngåast. Om ein må ut på jordet slik at ein set att store spor etter traktoren så bør ein jamne ut før det er aktuelt å slå. Oppslag etter kraftig regnvèr kan òg smitte graset med sporar. I område med vånd/jordrotter bør ein sette inn tiltak. God tromling av gjenlegget kan gi mindre problem i seinare år. Det skal vere eit fast og jamt dekke, men det kan vere ein utfordring å halde enga plan i eit heilt engomløp. Ved hausting av nysådd eng eller vårsådde vekstar med mindre etablert plantedekke bør ein vere påpasseleg med ikkje å rive opp røter. Det kan fort skje ved låg stubbing og/eller bruk av rive.

Møkarestar på graset

Kyr som har fått surfôr med sporar vil ha oppkonsentrerte sporemengder i gjødsla. Det er difor viktig å bruke husdyrgjødsla fornuftig på engareala. Møka bør køyrast ut iblanda vatn og godt omrørt tidleg i sesongen eller på kort stubb før planter og bladverk har fått tid til å utvikle seg. Det bør vere litt regn eller vatning etter at møka er køyrd ut. For lite nedbør kan føre til redusert plantevekst og mindre vasking av plantene og dermed høgare konsentrasjon av sporar på plantene. Store nedbørsmengder kan gi større køyreskadar og meir innblanding av jord og dødt plantemateriale under innhaustinga. Graset bør få vekse i cirka 4 veker etter at møka er køyrt. Nedfelling kan være et alternativ om jorda er tørr og tåler kjøringa. Fast husdyrgjødsel bør ein unngå på enga. Til eittårige fôrvekstar bør møka moldast ned.

Plantevekst frå i fjor

Døde og døande plantedelar har meir mikroorganismar enn friskt gras. Døde plantedelar blir gjerne liggande nær jordoverflata der det er relativt liten tilgang på luft, høg fuktigheit og samtidig næringstoff for mikrobane. I fjor haust var det mange stader bra vekst i graset etter siste slåtten slik at graset vart ganske langt før vinteren. Slikt gammalt gras som har overvintra kan innehalde mykje sporar. Gras som har lagt seg og som er i kontakt med bakken kan ein også forvente kan innehalde meir sporar. Er ein i tvil om sporane er med inn i siloen eller rundballane så lønar det seg å ta ei analyse. Då har ein i alle fall muligheit til å planlegge bruken av fôret.

Fortørking av graset

Under vanskelege ensileringsforhold kan noko av sporane utvikle seg og gi smørsyregjæring i surfôret. Fortørking reduserar aktiviteten til smørsyrebakteriane, og kjem ein opp i 35-40 prosent tørrstoff vil ein ikkje få smørsyregjæring, men sporeinnhaldet kan likevel vere høgt viss forureininga har vore stor. Raking eller breispreiing kan vere ei utfordring ettersom ujamne jorde og køyrespor kan føre til at tindane på riva tar ned i bakken og drar jordpartiklar inn i gras-strengen. Det går an å fortørke graset til over 30 prosent sjølv om strengen ligg i ro. Men vêret og fuktigheita i bakken er heilt avgjerande for kva ein kan oppnå av tørrstoff. Fortørkinga bør skje raskt, helst berre nokre timar. Er det gode forhold med 20 grader, god lufting (vind på 1 meter/sekundet) og fuktigheit på 50 prosent, kan ein rekne med cirka fem timar på å nå 30 prosent tørrstoff. Graset bør ikkje bli liggande meir enn to dagar. Er vêret dårleg så er det betre å få det raskt i hus og tilsette rikeleg med ensileringsmiddel.

Bruk tilstrekkeleg med ensileringsmiddel

Når graset er komen i siloen er det viktig at forholda blir slik at smørsyrebakteriane taper kampen mot mjølkesyrebakteriane, og det mest effektive er å senke pH. Kjem pH raskt under 4,2 vil det ikkje bli smørsyregjæring. Maursyrehaldige tilsetningsmidler er nok dei enklaste å bruke under vanskelege forhold, men husk tilstrekkeleg dosering. Våtare gras treng større doseringar. Uansett kva middel som blir brukt så følg anbefalingane frå leverandøren. I rundballar kan Kofasil vere eit alternativ fordi det kan deaktivere smørsyresporar og andre mikroorganismar. Men då er det ekstra viktig med rask innpakking av rundballane fordi Kofasil ikkje har direkte pH-senkande effekt. God kutting av graset, rask innlegging og god pakking, både i siloen og i rundballen, er med og legg forholda til rette for rask mjølkesyregjæring og dermed rask pH-senking. For mykje luft i massen gjer det vanskelegare med pakking og kan fort føre til feilgjæring. Rundballane og siloen må vere tett pakka, og pass på at plasten på rundballane dekkjer godt. Ved pakking i plansilo så skal traktorhjula vere reine!

Still krav til entreprenøren

Innleigde maskinentreprenørar gjer ein stadig større del av grashaustinga/ensileringen i dag. Det er viktig at bønder som kjøper slike tenester set tydelege kvalitetskrav til entreprenørane. Det kan løne seg å betale litt ekstra for kvalitet. Verdien av ei surfôravling av god kvalitet og fri for sporar kan vise seg å bli verd litt ekstra innsats med våronnarbeidet, gjødslingsspreinga, slått og hausting.