Fôr
Testing av engvekstar i Norge

Kva sort er best i ulike område

Nå er alle sortane av timotei, engsvingel og raudkløver testa i same feltet.

Liv Østrem

Forskar NIBIO

liv.ostrem@nibio.no

Tor Lunnan

Forskar NIBIO

Artar og sortar i frøblandingane må tilpassast både klima, bruks- og driftsmåte.

Foto: Liv Østrem.

Landsdekkande forsøksseriar med godkjende sortar av timotei, engsvingel og raudkløver vart starta i 2020 og 2021. Det er første gong at alle godkjende sortar i ein art for bruk i Norge er testa i same feltet. Målet er å finna kvar i landet dei ulike sortane er best eigna for dyrking. Forsøksseriane er i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Graminor.

Godkjenning av sortar (offisiell verdiprøving)

Norske og utanlandske sortar av ein art må gjennom ein nasjonal test før sorten kan bli godkjent for bruk i Norge. Overvintring og avling er dei viktigaste faktorane. Denne «offisielle verdiprøvinga» skjer i regi av Mattilsynet og blir gjennomført av NIBIO. I tillegg skal sortane gjennom ein test utanlands for å visa at sorten verkeleg er ein ny sort som kan skiljast frå alt godkjende sortar i Norge eller i andre land. Norsk verdiprøving kan sjåast på som ei kvalitetssikring av nye sortar som i første rekke er knytt til overvintringsforholda våre, og som vanskeleg let seg lesa ut av tilsvarande testing i andre land.

Kandidatsortane prøvde mot godkjende sortar

I verdiprøvinga blir kandidatsortane prøvde mot alt godkjende sortar, såkalla målesortar. På norsk offisiell sortsliste (sjå lenke nedst) er det no 12 godkjende sortar kvar av timotei og raudkløver og 16 engsvingelsortar. Av desse er det berre eit fåtal sortar som er frøformeira og i sal. Når sortar i testing blir samanlikna med dei beste sortane frå tidlegare testing, vil ein venta at det er dei beste sortane som til ei kvar tid også blir marknadsførte. I godkjenningsprosessen blir dei ulike sortane omtalt som best tilpassa i Nord-Norge, Trøndelag, fjellbygdene i Sør-Norge, Austlandet og Vestlandet.

Kan ein for første gong få ei totalvurdering av alle sortane i same arten

Rettleiingsprøving

Alle godkjende sortar i ein art i same test vil visa om det verkeleg er den best eigna sorten som blir marknadsført rundt omkring i landet. Det kan også føra til at for dårlege sortar raskare blir trekte ut frå sortslista, men også at nokre gode sortar kan koma meir i bruk. Dette er målet med forsøksseriane med alle godkjende sortar av timotei, engsvingel og raudkløver som vart starta i 2020 og 2021. Timotei er sådd i reinbestand, og engsvingel og raudkløver er begge etablerte saman med timotei. I fleire artar vert det marknadsført sortar som er godkjende i andre land og som ikkje har vore gjennom norsk verdiprøving. Av kapasitetsgrunnar er forsøksseriane som alt er starta, avgrensa til sortar som er godkjende etter testing i Norge. Tilsvarande testing av andre artar vil koma etter kvart, og felta skal gå i tre-fire engår. Verdiprøvinga har berre ein eller to prøvestader i kvart distrikt, og alle felt har forsøksfeil, slik at den nystarta testinga av alle sortar innan same art, gir ei god etterprøving som kan gi andre og sikrare resultat.

Forsøksseriane i timotei, engsvingel og raudkløver er alle delte i felt med nordleg eller sørleg tilpassa sortar pluss nokre sortar som er med både sør og nord i landet. Høgde over havet kompenserer for nordleg breidde, men det er ikkje lett å fastslå kvar ein skal bruka nordleg tilpassa sortar i Sør-Norge. Her vil daglengde og temperatur verka inn.

Sjukdom i vekstsesongen

I norske frøblandingar er timotei den viktigaste arten og engsvingel ein god nummer to. I teorien skal engsvingel ta over plassen når timotei går ut. Botaniske studiar av eng har vist at det finst svært lite engsvingel att når enga er blitt 4–5 år, og når timoteiinnhaldet på same tida går jamt ned, ligg enga open for mellom anna kveke. Ein grunn til at engsvingel går ut kan vera bladsjukdommar i gjenveksten. Lengre sør i Europa er kronrust ein stor sjukdom, spesielt på fleirårig raigras, og testing i Danmark har påvist kronrust også på norske engsvingelsortar. Sjukdomsangrepa i engsvingel er til no ikkje dokumenterte og det er uklart om ein får sjukdomsangrep i heile landet eller om her er sortsskilnader. Alle engsvingelsortane i same forsøksserie kan gi ein peikepinn om sortskilnader, og også kor langt nordover desse sjukdomsangrepa viser seg. Mange sjukdomsorganismar overlever i jorda, og mildare vintrar som følgje av klimaendringane, tilseier også auka sjukdomsangrep på engvekstane i vekstsesongen. Dette bør få større merksemd i sortsutviklinga, men utfordringa er å finna rett teststad i område med årlege sjukdomsangrep.

Forsøk med alle godkjende sortar i same art er nytt i Norge

Rettleiingsprøvinga er finansiert med midlar frå Landbruks- og matdepartementet og omfattar alle vekstar i norsk jord- og hagebruk. Hovudmålet for grovfôr er å testa eng- og beitevekstar under ulike dyrkingsteknikkar og hausteregime på varierande naturgrunnlag. Gjennom samarbeid med NLR dekkjer ein det meste av landet med klimatisk svært ulike dyrkingsvilkår. I dei nystarta forsøksseriane kan ein for første gong få ei totalvurdering av alle sortane i same arten. I tillegg til NLR er også Graminor med, og nokre felt ligg også på NIBIO-stasjonar.

Gras- og kløversortar i testing ved NIBIO Fureneset.

Foto: Liv Østrem.

Testing av frøblandingar

Når nye engvekstsortar blir godkjende, er dette basert på testing i reinbestand ifølgje nasjonale og internasjonale retningslinjer. Det aller meste av norske såvarer til grovfôrproduksjon, blir likevel omsett i frøblandingar. På sikt må målet vera å testa frøblandingane før sal slik at såvarene får ei kvalitetsmerking som gjer det enklare å tilrå dei rette blandingane til rett stad og bruksområde, der dei best klimatilpassa artane og sortane er nytta.

På sikt må målet vera å testa frøblandingane før sal

Avlinga er høgre i fleirartsblandingar

Omfattande studiar med forsøk over heile Europa så vel som norske forsøk, har vist at avlinga er høgre i fleirartsblandingar samanlikna med dei same artane i reinbestand, og med god fôrkvalitet. I tillegg gir mange artar i blanding også mindre ugras. Konkurranseevna varierer mellom sortar i blanding med andre artar, og det er dermed viktig at arts- og sortssamspela blir testa før dei blir nytta i ny frøblanding. I tillegg til konkurranseevna kan slike forsøk omfatta kritisk mengde frø av ulike artar der ein tek omsyn til den svært ulike frøstorleiken i engvekstane. Timotei er til dømes ein konkurransesterk art der innhaldet må reduserast dersom fleire artar skal kunna etablera seg i enga. Innhaldet av belgvekstar er også viktig. Kløveren skal ikkje vera med i ei frøblanding for syns skuld, men i stor nok mengde for verkeleg å gjera bruk av nitrogenfikseringa.

Artsblandingar aukar engavlingane.

Foto: Liv Østrem.

Testing av artar og sortar til grovfôrproduksjon i Norge, er i dag på eit minimumsnivå. Med dei nystarta forsøksseriane har ein auka fokuset på sortsmangfaldet. Dersom ein på sikt også får testa frøblandingane og får fokus på innhaldet i desse blandingane, vil me etter kvart omtala sortane med namn på linje med sortar i korn og andre vekstar. Det fortener norske engvekstsortar.

Litteratur: Lunnan og Todnem J (2017): Enggransking i fjellbygdene i Sør-Noreg. 1. Botanisk samansetjing av fulldyrka eng. NIBIO-rapport 3 (144).
Norsk offisiell sortsliste: www.mattilsynet.no/planter_og_dyrking/plantesorter/Norsk_offisiell_sortsliste/