Tema: Fra båsfjøs til løsdrift

Frå båsfjøs til lausdrift med enkle grep

Høgt oppe i den stupbratte fjellsida over den vakre Lustrafjorden i Sogn ligg det fleire gardar i grenda Mollandsmarki. På ein av desse gardane bur ein driftig familie som med enkle midlar og stor eigeninnsats, har gjort om ein gammal båsfjøs med langbåsar til ein funksjonell og enkel lausdriftsfjøs der både dyra og dei som steller fjøsen har ein triveleg kvardag.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Sie, Luster i Sogn og Fjordane

  • Jorunn og Ole Johnny Sie

  • Barna Karin 14 år, Erlend 12 år og Lars Arne 11 år

  • Areal: 185 dekar inkludert leigejord

  • Mjølkekvote: 79 000 liter

  • Mjølkekyr: 10 -14 mjølkekyr

  • Fullt påsett med framfôring av 10 – 12 oksar i året.

Det driftige paret over gardstunet. Garden er bratt, og det er 150 høgdemeter frå lågaste til høgaste punkt på slåttemarkene. Her er det vossakasse og fôrhaustar som gjeld, og heile sommaren går med til å hausta fôr til vinteren. Møkaspreiinga vert utført med transportar og slangespreiar.

– Rådgivarane frårådde oss å gå over til lausdrift for ein så liten besetning, men me følgde magekjensla og gjorde det me trudde var best, og me er veldig godt nøgde med resultatet.

Sjølve fjøsen er frå 1885, og det var oldefar til Ole Johnny Sie som sette han opp. Fjøsen er ein tømmerfjøs, og låvedelen er grindverksbygg. Ole Johnny overtok garden etter onkelen sin i 1992. Etter dette er bygningen påbygt med mellom anna høyturke, ungdyravdeling og ny silo. Det som frå gammalt av var rommet til storfe, er bygt om til lausdrift for mjølkekyr, medan ungdyra har fått eit heilt nytt hus å vera i.

Trassa rådgivarane og fekk ikkje økonomisk støtte

Ombygginga til lausdrift vart gjort sommaren 2003, og dette var før politikarane bestemte at båsfjøsa skulle utfasast. Bakgrunnen for at Ole Johnny og Jorunn Sie bestemte seg for lausdrift, var at dei hadde tru på at dette var den beste løysinga både for dyra og dei sjølve. – Rådgivarane frårådde oss å gå over til lausdrift for ein så liten besetning, men me følgde magekjensla og gjorde det me trudde var best, og me er veldig godt nøgde med resultatet, smiler Jorunn. - Då me ikkje gjorde slik rådgivarane anbefalte, fekk me heller ikkje noko i økonomisk støtte til ombygginga, men me valte likevel denne løysinga, seier dei.

Liggebåsfjøs

Lausdrifta som er eit liggebåsfjøs er 7 meter breitt og 13 meter langt. Tidlegare var det tregolv i fjøsen. Då golvet var gammalt og råte, laut noko gjerast. Paret fortel at golvet var enkelt å riva bort, og det vart erstatta med støypte dragarar og spalteplank på heile golvet. Etterpå bygde Ole Johnny ti liggebåsar av tre oppå spalteplanken langs eine langveggen. Liggjebåsane har 5 centimeter fall på 2,20 meter lengde og har gummimatte på toppen. Det er open forbindelse ned i møkakjellaren. Fôrbrettet er langs veggen på andre langsida. I lausdrifta er det tre drikkekar med god kapasitet. Tildeling av kraftfôr skjer manuelt ved fôrbrettet. Gamle fjøsar har ofte lita takhøgd samanlikna med nybygg, men sjølv om takhøgda er låg med sine 2,3 meter, er luftkvaliteten tilsynelatande god.

– Me har ei vifte med god kapasitet som syg ut luft, og ventilar i ytterveggen over fôrbrettet som tek inn frisk luft slik at luftutskiftinga skal vera tilfredstillande. - Temperaturen ligg på 10 – 14 grader, seier Ole Johnny. Veggane er kvitmåla tømmerveggar, og taket er same takåsane som då fjøsen vart bygd, med kvite plater mellom åsane.

Tre er best

Ole Johnny har ei heilt klar formeining om at tre er det det beste byggjematerialet.

– Her på garden vert minst mogeleg bygt i stål, humrar han. Den flittige bonden har svært god innsikt i bygging og med eiga sag nede i bygda Hafslo, og med god tilgang på skog, har han gjort alt snikkararbeidet sjølv.

– Dette er med og held kostnadene nede. Me lever av denne garden, og me kan ikkje investera meir enn kva me kan betala utifrå storleiken på garden, seier Ole Johnny. I tillegg til formidabel eigeninnsats, har også naboane stilt velvillig opp på dugnad. Kostnadene er i hovudsak spalteplank, gummimatter, ferdigbetong og innreiing, seier Ole Johnny. Talet på arbeidstimar har ikkje den arbeidsame og dyktige bonden rekna på.

Mjølkar på spalten

Det som er litt spesielt med denne løysinga, og som gjer at ho er rimeleg, er at mjølkinga går føre seg på spalten ved fôrbrettet .Ved fôrbrettet er det fanghekk, og når kyrne skal mjølkast, stengjer dei annakvar opning i fanghekken, slik at kyrne står fast med god plass mellom seg. Spalten vert skrapa rein, og dei ivrige bøndene strør med sagflis på underlaget før mjølkinga tek til.

– Rådgivarane trudde det var vanskeleg å ha god hygiene ved mjølking på spalten, men her er det like lett å halda reint som i ein båsfjøs, seier Jorunn. Her på garden har dei levert elitemjølk i 20 år, og dei har fått både Sølvtine og 20-årsplakett, så dyrestellet og mjølkinga står det stor respekt av. – Dersom me i framtida vil byggja om til mjølkestall, så er det god mogelegheit for å få det til i samband med ungdyravdelinga, men me er godt nøgde slik me har det no, så får me sjå korleis framtida vert, smiler dei flinke bøndene.

Jorunn og Ole Johnny er klar til mjølking. Mjølkinga går føre seg på spalten medan kyrne står fast i fanghekken ved fôrbrettet. Paret har levert elitemjølk i 20 år og har fått Sølvtine og 20-årsplakett.

Nesten alle kyrne ligg når me kjem inn i fjøsen, og dyra er rolege, reine og fine. Dette vitnar om godt dyrestell.

Fjøset er av tre. Veggar og tak er kvitmåla, og fôrbrettet er langs den eine langveggen.