Tema: Fra båsfjøs til løsdrift

Ombygging til lausdrift i mindre einingar

Når produksjonsauken etter utbygging er liten vil ofte løysingar der eksisterande bygningar er ein viktig del av det ferdige utbyggingsprosjektet gje den mest kostnadseffektive løysinga.

Svein-Åge Vangdal

Bygningsplanleggjar i Tine

svein.age.vangdal@tine.no

I vinter og vår har eg vore rundt på ei rekkje fagmøte i alle landsdelar, der temaet har vore lausdriftsløysingar for mindre einingar. Eg opplever. at interessa for temaet er svært stor, og at denne i større grad er styrt av eit ynskje om å leggja om til lausdrift, enn av lausdriftskravet. Bøndene som har bestemt seg for ei framtid som mjølkeprodusentar, ser at dei med lausdrift vil få ein trivlegare og meir framtidsretta arbeidsplass. Med moglegheit til å ta i bruk den teknologien som er, og vil verta, utvikla framover. Verre er det å høyra er at så mange rundt dei, i ulike rollar, ukritisk slår fast at dette berre kan skje med stor ekspansjon. Ekspansjon mange anten ikkje har moglegheit til, eller ikkje ynskjer.

Eksempel på lausdrifts­løysingar

Eg vil i artikkelen visa nokre ulike eksempel på lausdriftsløysingar, der eksisterande bygningar er utgangspunktet, og ein viktig del av det ferdige utbyggingsprosjektet. Ut frå røynsle vil dette hjå mange gje den mest kostnadseffektive løysinga, når produksjonsauken etter utbygging er liten. Det er likevel ein god regel parallelt å vurdere kostnad på nybygg, som under gjevne føresetnader og med aksept hjå byggherren for rimelege løysingar, kan vera konkurransedyktig også for små einingar. Og einaste alternativet dersom eksisterande bygningsmasse er av dårleg standard, har utfordrande tomtetilhøve og liknande.

Fôringsliggebås

Dette er ei løysing me ikkje tilrår i nybygg, og som ein del bønder har prøvd og gått bort frå. Men i kombinasjon med «rett bonde» og driftsopplegg, ser me og velfungerande fjøs med fôringsliggebåsar. Og til låg kostnad, som er hovudargumentet for å vurdera løysinga i det heile. Utfordringa med løysinga er fôrsøl i båsane, og at det krev noko ekstra arbeid for å sikre reine dyr, sidan gangarealet bak båsane er knapp. Her kan ein nytte skrapeanlegg, eller spalt som er vist i planteikninga i figur 1, der bygget frå før hadde open forbindelse til kjellar. For å få gangbreiddene bak kyrne større, er det ein fordel å smale inn fôrbrettet og gjerne nytte bandutfôring anten under tak eller på fôrbrettet.

Figur 1 viser ei løysing med robot, der eit tidlegare fjøs med båsar til 24 mjølkekyr og 10-12 kviger er ominnreia til 32 mjølkekyr. Her var det vurdert å setje bort kvigeoppdrettet til ein nabo – ei løysing som godt kunne vore nytta meir når små mjølkekueiningar skal finna økonomisk gode løysingar. I alle fall burde ein senka påsettprosenten ned mot 30, og fokusera på størst mogleg leveranse frå kvar bås. Og slik sikre finansiering av ombygginga, som i dette tilfellet vart kostnadsrekna til under kr 10,- pr. liter kapasitet i fjøset (totalkostnad inklusive eigeninnsats og utan fråtrekk for tilskot frå Innovasjon Norge).

Figur 1. Fôringsliggebås.

Einrekkers «utanfor boksen»

Denne løysinga utfordrar prinsippet om at lausdriftsfjøs skal ha rundløp for dyra, utan blindgater. Frå før visste me at dette ikkje har vore noko stort problem i mindre buskapar med mjølkestall, sidan løysinga finns i mange tidlege lausdriftsfjøs. No ser me same biletet når ein set inn robot – fjøsa fungerer godt nok. I alle fall når kutalet er under 30 kyr i robotavdelinga.

Figur 2 viser eit tradisjonelt fjøs som er utvida med ei liggebåsrekke langs eine langveggen. Båsane er lagt på eit betongdekke som kviler på søyler, og overbygget er løyst som ei halvtekkje der eksisterande bygg er i to etasjar, og med utviding av takstolane i breidda på lågbygget. Eksisterande langvegg vert erstatta med søyler.

Eine sida av fôrbrettet er rydda for båsinnreiing, og ein spaltebinge som i dag er nytta til kviger er teken inn i mjølkekuavdelinga. I motsatt ende er ein silo fjerna og erstatta med spaltebinge. For å reingjera det tette golvet, har ein valt å behalda gjødselrenna med trekk, erstatta ristene med spalt, og la ein gjødselrobot reingjere mot spalteareala.

Bygget er basert på konsentrert haustkalving, som i tillegg til å gje brukarfamilien eit kjærkome avbrekk frå fjøsarbeidet, også forenklar fjøsplanen ved at ein ikkje treng gjeldkuavdeling, og ungdyrsida berre består av ein kalveavdeling og ein kvigeavdeling. Dimensjonert ut frå alder på dyra ved beiteslepp.

Bygget har ein totalkostnad på 12-15 kroner pr. liter kapasitet, alt etter yting. Ein auke på ca. fem årskyr «tek hand om» investeringskostnaden.

Figur 2A og 2B. Einrekkers «utanfor boksen»

Figur 3. Torekkers ny liggebåsavdeling

Torekkers ny liggebås­avdeling

Dei fleste lausdriftsfjøsa der ein har teke med seg eksisterande fjøsareal, er ulike variantar der det vert bygd ny liggebåsavdeling, og kyrne går inn i eksisterande for å nytta same fôrbrett og fôringslinje som tidlegare. Ein kan og tenkja motsatt og la gamlefjøset vera liggebåsavdeling, og så bygge ny fôringsavdeling. Tilbygget kan uansett vera lagt i enden av eksisterande bygg, som vinkel ut frå langvegg, som eit meir frittståande bygg, eller som eit smalare bygg langs langveggen med to liggebåsrekker, som vist på figur 3. Her er takløysinga to parallelle saltak, som vil fungere greitt om ikkje snømengdene normalt er store. Hadde dagens bygg vore i to etasjar, ville det vore valt ei halvtekkje.

Løysinga med to liggebåsrekker med inngangar til fôrbrettet gjennom eksisterande vegg i begge endar, gir god dyreflyt og sikrar eteplass til alle kyrne. Frå mjølkestallen og eventuell robot er det direkte utslusing til sjukebingane.

Med brukt mjølkestall og med 38 liggebåsar er totalkostnaden berekna til under 10 kr pr. liter kapasitet. Viktig sidan ombygginga ikkje inneber utvida produksjon. Det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å utstyra løysinga med robot. Plasserar ein denne litt inne i tilbygget, opnar dette også for å få til ei velferdsavdeling, som er eit pluss når buskapsstorleiken nærmar seg 40 kyr. Er noko meir usikker på om det er rett å koste på seg dette på dei minste einingane.

Nesten nybygg

Så langt er det vist løysingar der produksjonen ikkje har vore auka mykje. Men ein del mindre lausdriftsfjøs på til dømes 30 årskyr, har kanskje hatt eit utgangspunkt på det halve. Dette er vist i figur 4, der tilbygget inneheld både liggebåsavdeling for kyr og kviger, robot og nytt fôrbrett med fôring med minilastar. Eksisterande fjøsareal vert lite i høve til det totale arealet etter utbygging, og skilnaden i kostnad mellom påbyggløysinga og nybygg vert liten. Vinsten her ligg i å få utnytta grovfôrlageret og gjødselkjellar vidare, og sleppa bygge nytt bygg til kalv, sjukebingar, kontor og tankrom/sluse.

Med flyterenner for gjødsla, overbygg med plassbygd heiltre tak og vegger på limtrerammer, og brukt robot, held byggherren totalkostnaden nede på ca. 15 kr pr. liter kapasitet.

Figur 4. Nesten nybygg

Heller «god nok» enn «heilt optimal»

Eksempla ovanfor er ikkje mykje anna enn å visa at løysingar som me har vorte kjend med siste tiåret frå større lausdrifts- og robotfjøs, kan tilpassast mindre einingar og inn i eksisterande bygningar. Til ein akseptabel kostnad, viss byggherren heile vegen greier å halda fast på kostnadsfokuset, og aksepterer at målsetjinga for løysinga heller er «god nok» enn «heilt optimal».

For å koma vidare i utvikling av framtidas mjølkefjøs, bør ein likevel i større grad våge å prøve heilt nye løysingar – både planleggarar og bønder. Kanskje kan dei minste einingane her vise veg, på leit etter rimeleg bygg.

Se tegninger på www.geno.no/Aktuelt/Nyhetsarkiv