Forskjellig
Dagbok fra oppigard

Livet som bonde om sommaren

Livet som bonde om sommaren kan vere ei merkjeleg blanding av store påkjenningar og glede over alt ein får til. Veiret spelar ei hovudrolle her. Når det står på som verst, så er det viktig å ta seg tid til å gjere det du likar aller best. For min del, så er det å gå opp på støylen.

Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

nina.engel@enivest.net

Stølsjentene mjølka og bar heim mjølka kvar dag. På den tida var det Vestlandsk fjordfe på garden vår.

Foto: Privat

Det gode i livet

Phu! Endeleg oppe. Sveitt på ryggen, men lukkeleg får å kunne finne fram nøkkelen og låse opp døra til det vesle selet vårt som står høgt og fritt (425 meter over havet) over Gloppefjorden. Eg ser heilt til Byrkjelo i søraust. Dei er nok ferdige med slotten der også. Eg bøyer hovudet og stig inn i utselet. Det luktar grønsåpevaska tømmer og eldre tider. Eg elskar det! Inne i selet dreg eg frå gardinene og slenger meg på senga. Den er kald og rå. Best å lufte sengkleda i dag som det er så fint ute. Skal eg koke meg kaffi, så må det fyrast i Jøtulen. Eg ruslar ned i fjøsen for å hente nokre skier med bjørkeved og litt never. 12 båsplassar står no og hyser ved, never, målingspanner og ting som har blitt samla over tid. Dette er norsk historie, tenkjer eg. Stølsjentene mjølka det som var i dei små fjordfekyrne for hand. Mjølka vart sett opp i askar. Fjerde dagen var rømasken ferdig, og då fløtte dei av rømen og samla den i rømambaren. Skjøret hadde dei i beringsambaren og bar heim i bøgtre. Når rømambaren var full, så skulle den også berast heim. Frå 1950 bar dei mjølka heim søt kvar dag, for då tok dei til å levere den på meieriet på Sandane. Dette gjorde livet lettare. Vel, alt er relativt!

Eg fyrer i ovnen og kveiker eit lys. Det einaste eg høyrer er bekken som sildrar, veden som sprakar og brenn og ei og anna sauebjølle som ringlar svakt når sauen beitar utanfor. Her i selet på Ravnestadstøylen går pulsen ned. Her senkjer skuldrene seg og livet er godt.

Ei kjensle av maraton

Heilt sidan eg vart bonde og mor, så har somrane vore som eit maraton og ein kamp med tida og prioriteringar mellom jobb og oppfølging av barn. Kven kjenner ikkje på det når naboar og vener tek seg fri og nyt late dagar, medan ein sjølv ikkje får nok timar i døgnet til alt som hastar. Ei tid kjende eg mykje på dette, og eg sakna den ansvars- og bekymringsfrie sommaren med lange kveldar og dovne dagar. Eg ta sommaren tilbake, tenkte eg av og til. Åra går og ungane veks. Eg har funne roen! Visst kan ein ofte trenge gode nervar som bonde om sommaren når ein er skikkeleg sliten og ting går i stykke når du treng det som mest. Det hjelper at ein har eit godt team rundt seg som er med og dreg i same retning, eller som i det minste forstår kva dette livet handlar om. Det var i mitt hovud at livet kunne vore betre. No gler eg meg over dette yrket som gir lange dagar ute. Det gir glede ved å sjå dyra kose seg på beite og det gir ein sliten kropp som søv hinsides godt heile natta.

Fantastiske forhold

Eg tek med meg kaffikoppen og nista mi ut i sola. Eg set meg ned og ser utover garden som ligg langt der nede. Er det mogeleg å vere så heldig! Heile fyrsteslotten vart hausta utan ein einaste regndrope. Tørre og fine dagar som gav fantastiske arbeidsforhold. Jorda vart skåna mot oppkøyring, og det innhausta fôret trur eg held bra kvalitet. Den høge varmen tidleg i mai var nok med på å redusere mengda litt, men det voks liksom på seg på slutten. Vi starta å slå mandag 6. juni. Fredag var timoteien i beste fall på begynnande skyting, men så hadde vi ei sommarhelg av dei sjeldne og vi kunne praktisk tala sjå graset gro. Det blir lett for lite energi i fôret og for mykje iNDF (ufordøyeleg fiber) når graset set i veg på den måten. I fjor viste analysen at grovfôret i fyrsteslotten inneheldt 0,87 FEm/kg tørrstoff. Håpet er sjølvsagt eit høgare tal for dette året. Nettoavlinga i fjor vart på 630 FEm/dekar. Det er eg nøgd med.

Nettokostnadane på grovfôret var i fjor på 2,62 kroner pr. FEm. Men no som vi må lære oss å tenkje Mj, så blir det 37 øre/Mj. Dette er vel heilt innanfor det vanlege trur eg. Men for å prøve å få enno meir gras inn på siloane, så fylte vi i år på både plansiloen og ein tårnsilo samstundes. Vågalt vil vel nokon tenkje, men på den måten rakk den i plansiloen å trakke skikkeleg med Dexta’en i mellom lassa. Når det meste av jorda ligg kring begge siloane, så er det lite tid som går vekk i køyring. Lessevogna sørger for store lass, og fylltømmaren jamnar etter kvart i tårnsiloen. Ein må no prøve å vere effektiv!

Norsk landbruk - ei suksesshistorie

Eg slår ut resten av kaffiskvetten. Litt mykje grut det der. Eg får sile meg opp ein kopp til den siste skjeva med brunost. Tankane systematiserer seg når ein finn ein slik ro. Eg får så mange planar om ting eg vil gjere. Som bonde så trur du heile tida på at ting blir betre ...

Eg pakkar opp att i sekken min. På tide å gå heim att og mjølke kyrne. Det går heilt fint, for no har eg fått lada batteria og fått ro i sinnet. Eg bles ut lyset, stengjer trekken på ovnen, dreg for gardinene og låser døra. Det hadde vore moro å fått opplevd denne tida då dei «støyla» her på Ravnestadstøylen. Mange er flinke og held tradisjonen i hevd og det er så flott. Men her på stølskvia er det ingen drift lenger. Den som seier at landbruket ikkje har utvikla seg, den har ikkje perspektiv! Få eller ingen næringar har endra seg så fort og så mykje, og kanskje har vi no kome inn på ein motorveg der hastigheita er større enn godt er. Landbruket slik den er forma i Noreg, er ei suksesshistorie. Lat oss ikkje køyre i grøfta!

Vår gamle Fordson Dexta vert brukt til å «trakke» i plansiloen.

Foto Kristianne Engelbrektson

Graset vert fordelt utover i plansiloen med hjelp av traverskran.

Foto Kristianne Engelbrektson