Bygg
Å bygge nytt fjøs, del 4

Praktiske råd ved planlegging og bygging av nytt fjøs

Besøk fjøs av ulike storleikar som har vore i drift nokre år. Diskuter fjøsteikningane dine med rådgjevarar og erfarne gardbrukarar. Hent prisar frå fleire aktørar, og legg vekt på kvalitet og ferdigstilling ved val av aktørar. Ver kritisk til kva du kan gjere sjølv i prosjektet. Bruk byggeleiar dersom du har lite erfaring med styring av byggeprosessar.

Torfinn Nærland

Rådgjevar økonomi og bedriftsutvikling

Tine Rådgiving

Torfinn.Narland@tine.no

Besøk mange fjøs, også dei som har vore i drift nokre år. Då har gardbrukaren fått røynd fjøset, og sett kva som er bra, og kva som kunne vore annleis.

Foto: Torfinn Nærland

I prosjektet Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i Rogaland spurde vi kva konkrete råd prosjektbrukarane hadde til andre som skal planlegge nytt fjøs. «Besøk mange fjøs» var svaret som ofte gjekk igjen. Både for å sjå kva løysingar du kan tenke deg sjølv, men studer og løysingar som ikkje fungerer så godt, og spør kvifor. Når du finn fjøsløysingar du meiner er gode, bør du besøke dette fjøset fleire gonger fordi du får ikkje med deg alt fyrste gongen. Reis gjerne fleire saman, slik at de får med dykk fleire inntrykk og kan diskutere etterpå. Ta bilete og lag skisser av gode løysingar. Spør brukarane kva dei ville ha gjort annleis neste gong dei skal bygge.

Sjå fjøs av ulike årgangar og storleik

Mange har sikkert delteke på «Ope fjøs-arrangement» som i-mek- og byggeleverandørane inviterer til når bygget står ferdig. Men besøk og fjøs som har vore i drift nokre år. Då har gardbrukaren fått røynd fjøset, og sett kva som er bra, og kva som kunne vore annleis. Det er lett å tenkje at det beste er å besøke fjøs i den storleiken ein sjølv vurderer, fordi det vert opplevd som mest relevant. Besøk og større fjøs enn det du skal bygge. Her kan du lære mykje av dei drifts-, arbeids- og logistikkerfaringane som brukarane har gjort. Tenk 15 år tilbake til år 2000, kor mykje har ikkje norsk fjøsbygging endra seg? Det byggetrinnet vi planlegg i dag må utformast slik at vi kan få god dyreflyt og logistikk med ein effektiv arbeidsdag, sjølv dersom utviding vert aktuelt.

Bruk diskusjonspartar i teiknefasen

Det er i teiknefasen du bestemmer kor rasjonell og lettstelt arbeidsplassen din skal bli dei neste 20 åra. Mange har bare praktisk erfaring frå å drifte og arbeide i sitt eige fjøs eller frå avløysarjobbar. Då kan det vera vanskeleg å vurdere om fjøsteikninga er slik at du kan arbeide rasjonelt og ha god dyrevelferd. Bruk fagrådgjevarar og erfarne bønder som sparringspartar i teiknefasen. Dette paret sa det slik: «Vi brukte Tine sin rådgjevar som sparringspartnar i forhold til alle leverandørar. For det dukka opp så mange påstandar du ikkje veit så mykje om, til dømes: Er det behov for fire meter frå liggebåsen til fôrbrettet? Vi har ikkje drive lausdrift, har ikkje auka produksjonen så mykje, og det var mykje eg ikkje kunne seie så mykje om på grunn av mangel på erfaring. Det var veldig nyttig, og du fekk mange innspel.»

Råd om prisinnhenting

Kva skal vi legge vekt på når vi skal velje entreprenørar og leverandørar til fjøset? Gardbrukarane i prosjektet meinte at pris er viktig, men at det må leggjast avgjerande vekt på kvalitet og ferdigstilling til rett tid. Vidare bør ein velje firma etter referansar og omdømme. Altså bør du sjekke ut korleis andre gardbrukarar har opplevd firmaet, samarbeidet og byggeprosessen. Når du hentar inn prisar må teikningane og spesifikasjonane for bygget vera slik at pristilboda blir komplette, og slik at ulike pristilbod kan samanliknast. Spesifiser at pristilbodet skal vera inklusiv alt/komplett leveranse/nøkkelferdig bygg slik at du ikkje får tillegg på grunn av manglande spesifikasjon.

Mange erfarte klare prisvariasjonar mellom leverandørar og entreprenørar for den same vara eller leveransen. Hent difor prisar hjå fleire for å gjere deg opp ei meining om prisnivået. Bruk tid til å forhandle om prisen, gjerne i fleire omgangar. Dette er godt betalt eigeninnsats i byggeprosjektet. Likar du ikkje å forhandle sjølv, kan du leige denne tenesta frå rådgjevar, byggeleiar eller få hjelp av ein erfaren gardbrukar.

Ver kritisk til eigen innsats i byggjeperioden

Mange har ambisjonar om stor eigeninnsats i byggjeperioden for å få ned byggekostnaden. Har du erfaring eller bakgrunn frå byggebransjen kan dette vera verdifullt. Men tenk gjennom kor mykje du kan og vil legge ned av eigeninnsats, slik dette paret i 40-åra hadde gjort: «Ikkje overvurder kor mykje ein klarer sjølv, for dette er mykje arbeid. Det er ikkje slik som før når du bygde garasje eller eit reiskapshus. Dette er volum, det er mengde av alt.»

I ein hektisk byggeperiode er det lett miste fokuset på den ordinære drifta, slik mannen i 50-åra hadde erfart: «Når vi bygde hønsehuset stod eg for bygginga. Det viste seg året etterpå at eg var så oppteken med å bygge, at det var tomme kyr fordi eg ikkje fekk sett etter brunst og slikt. Nå prioriterte eg å stelle kufjøset og passe drifta medan vi bygde, og så kunne eg heller vera med å bygge etterpå.»

Av dei 36 prosjektbrukarane sa 22 prosent at det hadde blitt for stor eigeninnsats under bygginga. Dei same brukarane hadde og lågare kvotefylling etter at fjøset var teke i bruk. Ein mann i 30-åra som gjorde mykje sjølv sa det slik: «Det kostar helsemessig, var rimelig slitne når bygget var ferdig. Men det er etterpå arbeidet begynner, når du skal fylle opp med dyr. Så det er ikkje bare å bygge. Eg hadde nok ikkje gjort dette ein gong til.»

Her er eigeninnsats aktuelt

Ein av prosjektbrukarane poengterte at «..dersom du er heilt grøne på byggearbeid er det ikkje noko poeng å gå og tulle der. Men alle kan rive forskaling, reinske opp og halde det i orden slik at alt ligg klart. Det sparer handverkarane for kjempemykje tid.»

Brukarane på eit to-generasjonsbruk gjorde mykje av arbeidet sjølve. Dei meinte at «Grunn- og støypearbeid er ein veldig god ting å gjere sjølv. For då har du ikkje lagt ut nokon pengar, du er i ein tidleg fase av byggeprosessen og det er greitt å gjere sjølv. Når det begynner å nærme seg slutten, så er det om å gjere og bli ferdig. Dei meinte også at «Dersom du skal gjere eigeninnsats så plukk ut noko og gjer det. Eigeninnsats inn i noko som andre gjer er det lite pengar å tene på. Det du kan tene pengar på er at du plukkar bort risikoen. Gevinsten får du viss du klarer å gjere det sjølv utan at det skjer noko uføresett.»

Eit par i 40-åra som bygde folkefjøs konkluderte slik: «Dersom du skal kople deg inn på eit gamalt bygg, så skal du prioritere det arbeidet. For der går det tid og det er arbeidskrevjande. Om du står og meislar eller ein annan gjere det så betyr ikkje det at han gjere det fortare enn deg. Der er det pengar å hente.»

Bruk av byggeleiar

Ein byggeleiar kan ha ulike rollar, avhengig av kva byggherren ynskjer. Tradisjonelt skal byggeleiar fylgje opp og kontrollere at arbeidet vert utført i samsvar med kontraktane med omsyn til kvalitet, kravspesifikasjonar og tidsfristar. Han skal leie byggemøte og koordinere arbeidet på byggeplassen, og ta i vare interessene til byggherren. Mange vil og bruke byggeleiaren som diskusjonspart ved innhenting av pristilbod, til å kvalitetssikre og samanlikne tilboda.

Bruk av ekstern byggeleiar i landbruket er lite utbreidd. Dette har fleire årsaker: Det er tradisjon for å vera byggeleiar sjølv, det er mangel på byggeleiarar med kjennskap til landbruksbygg, bonden har kanskje manglande kunnskap/forståing for byggeleiar sin rolle og funksjon, og ikkje alle bønder vil betale for denne typen tenester.

I Rogaland har ein del spesialiserte fjøsentreprenørar teke på seg ei koordineringsrolle i byggeprosjekta. Dette har resultert i at bruk av byggeleiar er lite utbreidd i fylket. I undersøkinga var det bare to av 36 bruk som hadde brukt byggeleiar, men desse to opplevde stor avlasting i byggeprosessen. Ein av dei som var byggeleiar sjølv tykte det var krevjande, og uttrykte seg slik: «Eg ville vera byggeleiar. Eg forstod kvifor det ikkje var for alle, for det gjekk veldig varmt oppe i skallen min av og til. Du hadde ikkje mykje kapasitet til å tenke på andre ting.» Har du ikkje erfaring frå å bygge før, kan det vere smart å overlate byggeleiaransvaret til profesjonelle som kan byggefaget.

Gjennom prosjektet «Økonomi og driftsleiing på utbyggingsbruk i mjølkeproduksjon» har 36 brukarar frå Rogaland delt sine erfaringar med å planlegge, bygge og ta i bruk nytt fjøs. Dei nye fjøsa er tekne i bruk i perioden 2008-2011, slik at dei har tre heile driftsår i nytt fjøs som grunnlag for undersøkinga.

Ver kritisk til eigen innsats i byggjeperioden.

Foto: Kay Arne Aarset, Tine Rådgiving

Har du ikkje erfaring frå å bygge før, kan det vere smart å overlate byggeleiaransvaret til profesjonelle som kan byggefaget.

Foto: Kay Arne Aarset, Tine Rådgiving

Eigeninnsats i byggeprosjektet – viktige spørsmål å stille seg:

  • Kapasitet - kor mange produksjonar og kor stort produksjonsvolum skal du drifte i byggeperioden? Har du ledig arbeidskapasitet/tid og mental kapasitet til å fylgje opp alt dette, samtidig som du skal bygge og ta mange avgjerder, og gjere eigeninnsats?

  • Byggkompetanse - kva byggekunnskap og byggeerfaring har du frå før – kva del av bygget bør du konsentrere deg om?

  • Når - kva tid på året har du best arbeidskapasitet, og passar dette med byggeframdrifta?

  • Omfang - kor stort er bygget, og kor stor del av bygget vil du utføre eigeninnsats på?

  • Ferdigstilling - når må bygget stå klart, og vil du få (akseptabelt) produksjonstap dersom du gjer eigeninnsats?

  • Familie/fritid - korleis er familiesituasjonen, toler du og familien stor eigeninnsats i tillegg til alle endringane de skal gjennom?