Tema: Kjøtt

Fôrplanlegging til oksar

Dei nye satsane for kvalitetstilskottet tilseier å satse på litt tyngre slakt, spesielt for dei som frå før ligg under 300 kg slaktevekt i middel.

Åse M. Flittie Anderssen

Fagspesialist i Tine Rådgiving

ase.anderssen@tine.no

Framfôring av oksar må ha som mål å gje slaktemodne oksar utan mykje fett. Dette kan vi oppnå ved nokså varierande slaktevekter. Norsk middel i 2015 var 306 kg slaktevekt ved 17,4 månaders slaktealder. Som tabell 1 viser har tilvekst og slaktevekt auka betydleg i løpet av dei 10-12 siste åra, men samtidig blir det meir fettrekk på oksane.

Tabell 1. Middel slakteresultat for Ung okse i Kukontrollen i åra 2004 – 2015.

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

Antall slakt

-

-

-

-

-

-

-

-

-

-

-

-

Slaktevekt, kg

294

298

298

296

298

300

301

295

292

295

299

306

Slaktealder, månader

19,1

19

18,7

18,3

18,2

18

18

17,7

17,7

17,5

17,3

17,4

Slaktetilvekst, g/dag

472

483

489

495

501

512

513

511

507

517

529

540

EUROP

O+ Middels

O+ Middels

O Middels

O Middels

O Middels

O Middels

O Middels

O Middels

O Middels

O Middels

O Middels

O 
Middels

Fettgruppe

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

2+ Tynt fettlag

3- Normalt fettlag

Set mål for oksane

Slakteresultata er fasit. Dersom oksane ikkje oppnår ynskja slaktevekt, klasse og fettgruppe gjeld det å vurdere moglege årsakar og setja inn forbetringstiltak.

Foto: Sigbjørn Karlsen

Fôrplanlegginga må ta utgangspunkt i bondens mål. Valg av slaktealder og -vekt er avhengig av fjøsplass, tilgang på kalv og grovfôrgrunnlag. Dess betre grovfôrgrunnlag og fjøsplass og dess dårlegare tilgangen på fôringskalv er, dess meir aktuelt er det å fôre oksane tunge og med høg grovfôrandel.

Nå får vi 4 kr/kg i kvalitetstilskott for klasse O og betre. Frå 1.januar 2017 blir det redusert til 3 kr i klasse O og auka til 7 kr for O+ og betre. Animalia-statistikk viser høgare EUROP-klasse ved aukande slaktevekter. I 2015 var ung okse klasse O+ i middel 324,4 kg slaktevekt mot berre 294,1 kg i klasse O. Sjå figur 1. Noko av årsaken kan vera meir kjøttfe blant O+-oksane. Av alle slakt i Ung okse i 2015 var cirka 28 prosent i fettgruppe 3- (lågaste trekk), 16 prosent i fettgruppe 3 og 6 prosent i 3+ og oppover. Middel slaktevekt i sistnevnte fettgruppe var 347 kg, mot 311 kg for oksar i fettgruppene 2, 2+, 3- og 3. Sjølv om det går meir fôr per kg slakt og risikoen for fettrekk aukar tilseier dei nye satsane for kvalitets-tilskottet å satse på litt tyngre slakt, spesielt for dei som frå før ligg under 300 kg slaktevekt i middel.

Figur 1. Middel slaktevekt for Ung okse i ulike EUROP-klasser (alle raser, kjelde: Animalia).

Kor mykje kraftfôr treng oksane?

I tabell 2 er vist berekna fôrforbruk i OptiFôr Ungdyr med tre grovfôrkvalitetar. Kraftfôret hadde 7,01 MJ NEL20/kg tørrstoff.

Tabell 2. Forbruk av surfôr og kraftfôr til NRF-okse med 300 kg slaktevekt ved 16 månaders alder. Resultata gjeld frå oksen er 120 kg fram til slakting.

Okse 300 kg på 16 mnd. Slaktetilvekst på 575 g/dag

Surfôrkvalitet, MJ NEL20/kg TS

Høg 6,53 MJ

Middels 6,09 MJ

Låg 5,62 MJ

Kg TS surfôr

2643

1947

1297

Kg kraftfôr

142

1011

1753

Kraftfôr i prosent av alt TS1

4,5

31,4

54,3

1 Kraftfôr-andelen blir noko høgare dersom ein reknar på energi-basis.

Forutsatt fri tilgang på energirikt surfôr med vellykka gjæring kan oksane oppnå bra tilvekst med svært lite kraftfôr. Kalvane må få ein god start – fylg tilrådingane i brosjyra «Godt kalveoppdrett». Gje kraftfôr tilnærma etter etelyst (unngå laus avføring) til rundt tre månaders alder, for så å trappe gradvis ned til null ved eitt års alder. NorFor-planane i tabell 2 stemmer bra med forsøksresultata i «Mer og bedre grovfôr»-prosjektet med Åshild Taksdal Randby i spissen for nokre år sidan. Oksar vart fôra med tre ulike grovfôrkvalitetar, den beste var enda meir energirik enn «høg» i tabell 2. Halvparten av oksane fekk ikkje kraftfôr etter 7-8 månaders alder, medan den andre halvparten fekk 2 kg fram til 385 kg levandevekt, så 3 kg til dei vog 500 kg og 4 kg kraftfôr fram til slakting. Kraftfôrskalaen var lik for alle grovfôrkvalitetane. I kalveperioda fekk alle opptrapping til 1,5 kg kraftfôr. Figur 2 viser oppnådd slaktetilvekst i dei seks oksegruppene.

Figur 2. Slaktetilvekst i gram/dag frå 7-8 månaders alder i kvar oksegruppe i «Mer og bedre grovfôr»-forsøket.

Oksane på haustetid 1 med kraftfôr åt 18 prosent mindre grovfôr enn oksane utan kraftfôr, og dette forklarer liten skilnad i tilvekst. Oksane på haustetid 1 oppnådde best klasse, men var også feitast. Middel slaktepris var høgast for oksane som fekk det minst energirike surfôret, det vil seie haustetid 3. Framfôringstida for å oppnå 290 kg slaktevekt var 2 månader lengre på haustetid 3 utan kraftfôr enn på haustetid 1 utan kraftfôr.

Tine Effektivitetsanalyse i 2013 viste at kraftfôr og anna fôr (mjølk) i middel utgjorde 57 prosent av energiforbruket til dei rundt 15 000 oksane i statistikken. Det kan tyde på at vi ikkje utfordrar grovfôrkapasiteten til oksane nok ved fri tilgang på energirikt surfôr.

Praktisk tilpassing av fôrplaner

Oksar blir som regel oppstalla i bingar med 5 – 10 oksar og utan individuell kraftfôrtildeling. Kurva «kg Biff APP» i figur 3 viser berekna kraftfôrbehov og surfôropptak til ein NRF-okse 300 kg på 16 månader. Surfôret har middels fordøyelegheit. I og med at alder på oksane i ein binge varierer er det lite aktuelt å fylgje fôrplanen slavisk. I kurva «kg Biff LÅST» er det gjort ei praktisk tilpassing med fast kraftfôrmengde i lengre perioder; her 2 kg kraftfôr til ca. 4 månaders alder, 2,5 kg til ca. 1/2 år og deretter 3 kg fram til slakting.

Ved begrensa grovfôrtildeling eller når oksane må eta noko «rat» frå kyrne trengs meir kraftfôr enn tabell 2 viser. Ved 90 prosent grovfôropptak i forhold til appetitt vil oksar på middels surfôr trenge cirka 1 200 kg kraftfôr, og kraftfôrandelen aukar til 37,6 prosent av tørrstoffopptaket. Med 80 prosent appetittfôring treng dei 40 prosent kraftfôr.

Pass på nok mineraler

Oksar som får lite kraftfôr på grunn av god grovfôrkvalitet, bruk av heimavla korn eller alternative fôrmiddel som mask, potet, brød og så vidare får som regel ikkje dekt mineralbehovet. Da trengs det ekstra mineralnæring i tillegg. Mangel på kalsium og fosfor til dei yngste er mest vanleg. Oksar på 3-4 kg spesialkraftfôr til ungdyr/kjøttfe får som regel dekt mineralbehovet.

Fullfôr til oksar

I ei bestemt fôrblanding er kraftfôrandelen konstant. Dette er ei utfordring ved bruk av fullfôr til oksar sidan dei yngste treng høgare energikonsentrasjon (meir kraftfôr) enn eldre oksar. Berekna kraftfôrbehov i figur 3 er til dømes knapt 40 prosent av tørrstoffet ved 1/2 års alder, mot 30 prosent ved ett års alder og knapt 20 prosent når oksen er slakteklar 16 månader gamal. Dette skuldast at opptakskapasiteten aukar relativt sett meir med alderen enn energibehovet gjer. I praksis er det god erfaring med å lage miksen slik at den passar til oksen på den alderen det er forventa høgast tilvekst, i dette tilfellet ved 1 års alder. Ein slik miks vil også passe bra som grunnblanding til mjølkekyr og dekker rundt 22 kg EKM. Yngre oksar får i teorien ikkje dekt behovet sitt med denne blandinga. Men ved bruk av fôrblanding får dyra eit meir stabilt vommiljø, og dette stimulerer fôrpptaket. Derfor kompenserer vi berre delvis med ekstra kraftfôr til dei yngste oksane. Gje tilleggskraftfôr etter appetitt til cirka 3 månaders alder, og deretter 1 – 0,5 kg til dei er 7 -8 månader gamle.

Med fullfôr er det heilt avgjerande å kjenne tørrstoffprosenten i grovfôret. Her er eit eksempel: Planlagt miks 1 700 kg rundball med 30 prosent tørrstoff og 300 kg kraftfôr. Da utgjer kraftfôret 34 prosent av tørrstoffet. Dersom rundballane i staden inneheld 40 prosent tørrstoff og ein ikkje justerer blandinga blir det berre 28 prosent kraftfôr. Slik variasjon er ikkje bra for resultata.

Figur 3. Fôrplan til NRF-okse med planlagt slaktevekt 300 kg ved 16 månaders alder.

Slakteresultata er fasit

Studêr slakteresultat etter kvar oksepulje. I figur 4 er vist ei bra pulje med NRF-oksar. Fem gjekk i O+ og tre i O, og to fekk fettgruppe 2+, fem havna i 3- og ein i 3. Endringa i kvalitetstilskottet vil her utgjera 1,64 kr ekstra per kg eller 4.144 kr i alt for dei åtte oksane.

Figur 4. Eksempel på slakteresultat Ung okse.

Slakt i alt

Middel

Slaktegruppe

Antall

Kg

Slaktevekt

Alder (mnd)

Tilv. g/dag

Ung okse

8

2520

315

15

638

Dersom oksane ikkje oppnår ynskja slaktevekt, klasse og fettgruppe gjeld det å vurdere moglege årsakar og deretter setja inn forbetringstiltak. Begynn med starten – får kalvane ein god start utan diarê og luftvegssjukdomar? Dårleg tilvekst i kalveperioda gjev ofte oksar som avleirar fett ved beskjedne slaktevekter. Mål/veg kalvar og sjekk mot kalvetavlene opptil 100 dagars alder på medlem.tine.no (https://medlem.tine.no/cms/fagprat/oppdrett/vokser-kalvene-dine-godt-nok) og eventuelt vidare i Produksjonskontroll Kjøtt. Fagrådgjevar frå meieri eller slakteri er aktuelle å diskutere miljøtiltak og fôrplanar med. Noter tidspunkt for store endringar slik at slakteresultata kan vurderast i ljos av dette. Bruksdyrkryssing bør brukast på kyr som det ikkje er aktuelt å setja på kukalvar unna.

Slakteoppgjør med kassert lever er eit signal om ubalansert fôrrasjon. Leverbyllar skuldast sur vom/lite fiber/høg kraftfôrandel i rasjonen. I slike tilfelle har neppe siste kraftfôrkiloen vore lønsam. Fleire mindre kraftfôr-tildelingar per døgn vil motvirke sur vom.

Hugs også rikeleg tilgang på reint drikkevatn til oksane. Det er mange nyttige tips om vatn i denne artikkelen på Fôringsbloggen: https://kuforing.wordpress.com/2011/08/25/vatn-til-okser/

Forbetra vekstfunksjon og opptakskapasitet i TINE OptiFôr Ungdyr

I samband med utviklinga av ny effektivitetsanalyse (Mjølkonomi) vart alle registrerte brystmål, levandevekter og slaktevekter på ungdyr dei siste åra henta ut frå Kukontrollen. Desse dataene viste at ungdyra veks vesentleg fortare i kalveperioda nå enn da den tidlegare vekstfunksjonen vart utvikla. Derfor har Tine justert vekstkurva slik at den samsvarar godt med fakta i norske buskapar nå, og denne nye er teke i bruk både i Mjølkonomi, OptiFôr og Produksjonskontroll. Figur 5 illustrerer endringa for ein typisk NRF-okse.

Figur 5. Ny vekstfunksjon for NRF-okse som skal bli 300 kg slaktevekt ved 16 månaders alder, samanlikna med den gamle vekstfunksjonen.

NorFor driv eit kontinuerleg utviklingsarbeid etter kvart som nye forsøk gjev tilgang på betre datagrunnlag for formlane. Nyleg justerte NorFor berekninga av sannsynleg fôropptakskapasitet for ungdyr, både oksar og kviger. Praktisk utslag for NRF-oksar er fôrplaner med litt mindre kraftfôr totalt ved bruk av energirikt grovfôr, og motsatt på grovfôr med middels og lågt energiinnhald. Endringa er generelt større for tunge kjøttferaser enn for mjølkeraser og lette kjøttferaser.

Både ny vekstfunksjon og ny opptakskapasitet gjeld nå i OptiFôr Ungdyr, og resultata i tabell 2 og i figur 3 er berekna med desse.

Tine Effektivitetsanalyse i 2013 viste at kraftfôr og mjølk utgjorde 57 prosent av energiforbruket til oksane. Det kan tyde på at vi ikkje utfordrar grovfôrkapasiteten til oksane nok ved fri tilgang på energirikt surfôr.

Foto: Rasmus Lang-Ree

10177 Braut feiret bursdag

10177 Braut har feiret sin 14-årsdag og Harald Kleiva på Hallsteingård sørget for at jubilanten fikk både flagg, musikk og blomster. Det ble også innslag på NRK Midt-nytt fra bursdagsfeiringen.

Foto: Harald Kleiva