Økonomi

Korleis treffe kvota?

Åse M. Flittie Anderssen

Fagspesialist i Tine Rådgiving

ase.anderssen@tine.no

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine Rådgiving

ingunn.schei@tine.no

Geir Henning Eid Fjuk

Fôringsådgiver i Tine Rådgiving

Overproduksjon påvirkar mjølkeprisen negativt, og overfylling av kvote er dyrt for den enkelte bonde. Overproduksjonsavgifta er nå 4,20 kroner/liter, etter å ha ligge ei krone lågare i mange år. Tida er inne for å ta finjustering av kvotetilpassinga for å unngå avgift i 2016. Men kva er beste måte å bremse på for dei som ligg an til overproduksjon?

Eksempel på mjølkeprognose

I figur 1 er vist «Mjølkeprognose enkel» for eit bruk som ligg an til å levere for mykje mjølk. Slik graf vil døkk i desse dagar finne på medlem.tine.no (sjå figur 3). Dato for lansering er ikkje endeleg fastsatt i skrivande stund.

Figuren fortel at kvota vart overfylt med ca. 36 000 liter i 2015, og at det per midten av august i år er levert enda meir enn på same tid året før sjølv om mjølkekvota er litt mindre. Med same innvegingsprofil per månad som i 2015 burde det vore levert knapt 75 000 liter på prognosedatoen, men faktum er rundt 100 000 liter. Bremsene må kraftig på nå om ikkje kvota skal bli veldig sprengt.

Figur 1. Mjølkeprognose enkel, eit eksempel.

Mange leverer over kvote

Statistikk for 2015 viste at nesten 1/3 av alle produsentane leverte mjølk over kvote. Det utgjorde i sum 16,6 millionar liter for mykje, eller i middel cirka 6 300 liter per produsent, og vil bety over 26 000 kr trekk med den nye avgiftssatsen på 4,20 kroner/liter. Utbetalt pris på vintermjølk med fråtrekt overproduksjonsavgift og utan distriktstilskott blir veldig låg. Sjølv med elitetillegg vil det bli att berre 10-15 øre per liter i Fjord & Fjell-sona (fettprosent 4,0 og proteinprosent 3,2) og 21-27 øre i landssona. Etterbetaling kjem i tillegg. Uansett utgjer fôrkostnader og andre variable kostnader mykje meir.

Korleis bremse?

Det er mange måtar å få ned leveransene på, og vi har lista opp nokre alternativ nedanfor. Det finst ikkje noko enkelt svar på kven av desse metodene som er best i den enkelte buskap.

  • 1. Færre kyr: Slakte fleire, eventuelt selja livdyr

  • 2. Redusere avdråtten med

    • a. Mindre kraftfôr til kyrne, og dermed heller auka grovfôropptak.

    • b. Lågare toppnivå på kraftfôret til nybære kyr, og dermed truleg redusert avdrått på desse.

    • c. Mindre AAT etter kalving.

  • 3. Avsine kyrne tidlegare.

  • 4. Meir tankmjølk til kalvane.

Færre kyr

Når dette nummeret av Buskap kjem ut er det att cirka tre månader av kvoteåret. Å slakte ei ku som mjølkar 20 liter per dag vil dermed fjerne 1 800 liter mjølk. Det hjelper sjølvsagt, men kutalet kan ikkje sleppast for langt ned med tanke på neste års kvotefylling heller. Med «Mjølkeprognose» (valget under «Mjølkeprognose enkel») er det mogleg å simulere kvotetilpassinga for neste kvoteår også, og dermed få eit bilete av kor lågt kutal det er forsvarleg å ha ved årsskiftet. Tålast det færre kyr er det god grunn til å kvitte seg med problemkyr med dårleg jurhelse, dårlege bein, dårleg jur eller dårleg lynne i haust. Livdyrsalg til kollegaer i oppbyggingsfase kan vera eit alternativ. Det gjev ikkje mindre mjølk totalt sett, men bidreg iallfall til eiga kvotetilpassing.

Redusere avdråtten

I det meste av landet ser det ut til at 2016 blir eit bra grovfôrår. I tillegg hadde mange att fôr frå 2015 langt ut over sommaren, slik at det blir rikeleg å ta av komande innefôringssesong. Så om ein ikkje direkte satsar på å senke avdråtten er det iallfall all grunn til å utfordre kyrne på høgt grovfôropptak. Tilpassing av kraftfôrmengdene ut frå kjennskap til grovfôrkvaliteten gjennom analyser er viktig for god produksjonsøkonomi uansett. I nokre tilfelle kan avdråtten til og med gå opp med mindre kraftfôr i rasjonen. Da må det skuldast at kyr har vore på grensa til sur vom/ indigestion, og at vommiljøet og fôrutnyttinga blir betre som fylgje av høgare grovfôrandel. Her gjeld det uansett å ta småe steg om gongen og sjå kva som skjer. Ein planlagt avdråttsreduksjon i haust kan fort dra med seg lågare avdrått også i neste kvoteår – det er ikkje alltid berre å «skruve opp krana» att etter nyttår.

Når i laktasjonen er det minst risikabelt å stramme inn på kraftfôrmengdene? Tidleg i laktasjonen er sjansa stor for at redusert kraftfôrtildeling blir kompensert med auka mobilisering av kroppsfett, som kan føre til sjukdom og nedsatt fruktbarheit. I gamle norske forsøk med underfôring av fyrstegongs-kalvarar er det påvist redusert avdrått også i etterfylgjande laktasjonar sjølv om dei vart fôra etter norm da. Vidare er det dokumentert at underfôring dei 10 fyrste vekene i laktasjonen gjev redusert ytelse vidare i laktasjonen, sjølv om kyrne fekk normal fôrstyrke etterpå. Figur 2 illustrerer dette. Kraftfôr-reduksjon med sikte på å senke avdråtten bør derfor skje etter at kua har passert midten av laktasjonen.

Høg tilførsel av AAT til kyr etter kalving virkar drivande på fettmobilisering og avdrått. Eit tiltak for å dempe eventuell overfylling av mjølkekvota vil derfor vera å ikkje overdrive AAT-forsyninga. I praksis havnar vi ofte over behovsnormene uansett, spesielt med berre eitt kraftfôrslag. Ved bruk av to kraftfôrslag – for eksempel byggpellets pluss ei energirik blanding – kan vi som regel oppnå betre tilpassing til minimumskravet for gram AAT per MJ.

Figur 2. Verknad av fôrstyrke etter kalving på mjølkeytelsen.

(Kjelde: Fôringslære av Torgeir Gjefsen, 1991)

Figur 3. Her finn du mjølkeprognose enkel.

Avsine kyrne tidlegare

Dette er nok svært vanleg tilpassing – det blir mindre mjølk og kutalet er i god behold til neste kvoteår. Heilt problemfritt er det likevel ikkje. Dersom sinkyrne får servert same grovfôret som mjølkande kyr og kan eta alt dei vil i mange månader, endar det ofte med feite kyr inn mot neste kalving. Dette kan medføre kalvingsvanskar og auka risiko for mjølkefeber, jurbetennelse og ketose. Godt tilpassa sinkufôring er derfor ein føresetnad for å kunne tilrå ei slik form for kvotetilpassing. Meir stoff om dette finn du i «Sinkubrosjyra».

Meir tankmjølk til kalvane

Ny kunnskap tilseier at spekalvane godt tåler meir mjølk per døgn enn tidlegare tilrådd, og i «Kalvebrosjyra» inneheld dei konvensjonelle fôr­planane 300 – 380 liter mjølk per kalv før avvenning. Dersom tankmjølk elles vil utløyse overproduksjonsavgift er det billegare å bruke den til kalvar enn å kjøpe mjølkeerstatning. Men vi skal aldri overdrive mjølkefôringa og gje store mengder til kalvar eldre enn tre månader. Dette vil berre føre til lågt opptak av kraftfôr og grovfôr, og slike kalvar vil få ein knekk når mjølkefôringa blir avslutta. For dei som slit med å fylle kvota er det som regel lønsamt å bruke mjølkeerstatning frå kalven er 2-3 veker.

Kunsten er å starte i tide

Enten ein ligg an til låg kvotefylling eller til overproduksjon er det lettare å tilpasse dess tidlegare ein set inn tiltak. Alle dei fire hovudtiltaka i denne artikkelen er «farlege» i overdrivi dose. Sterk utrangering seint i året skaper problem i neste kvoteår, og sterk avdråttsreduksjon kan utløyse sjukdom og dårleg fruktbarheit. Lang sinperiode kan virke som det greiaste, men det krev at ein likevel held styr på holdet til sinkua. Mykje mjølk til kalvane kan også sjå bra ut heilt til konsekvensane av dårleg drøvtyggarutvikling viser seg. Kvotetilpassinga bør derfor sjekkast med jevne mellomrom i heile kvoteåret. Det lønner seg.