Helse
Leserinnlegg

Storfegjødsel, pH og klauvhelse

Kommentar til redaktørens reportasje frå Danmark

Magne Skjervheim

Veterinær i Optima produkter as

magne.skjervheim@kvamnet.no

Når årsaken til klauvproblemer er høg pH i gjødsel, mener forfatteren at fotbadet bør ha låg pH.

Foto: Terje Fjeldaas

Redaktøren av Buskap har vore på Dansk kvægkongress, og i nummer 4 i 2016 er det ein reportasje frå denne som også omfattar klauvhelse. Avsnittet har som overskrift: Ikke rart det blir digital dermatitt. Klauvhelseeksperten Nigel B. Cook frå USA er referert slik: «Det som åpner klauvene for angrep er at gjødsla som kyrne tråkker i ødelegger «sementen» mellom cellene, og det oppstår sår og bakteriene kan trenge inn».

Han gjev gjødsla ansvaret, men fortel ikkje kvifor det er slik. Storfegjødsel er som kjent alkalisk (pH godt over 7). Og det er denne pH-verdien som er problemet. I artikkelen min i Buskap nummer 8 i 2012 «Om pH ved hudplager og i sår» skreiv eg om korleis proteasane klypper av armeringa mellom hudcellene ved høg pH. Cellebindingane løyser seg opp og gjer det lettare for aktuelle bakteriar å få fotfeste. Dette er generell kunnskap om hudplager og utvikling av sår, anten det er i klauvområdet eller andre stader på kroppen. Og det er godt i samsvar med Cook sine formuleringar. Han brukar begrepet «sementen» mellom cellene. I humanmedisinen er det begrepet «armeringa» mellom cellene som blir brukt.

Hygienen i eit lausdriftsfjøs kan nok aldri måla seg med eit båsfjøs der bruk av trebasert strø var og er ein viktig faktor. Og merk at slikt strø har ein pH på ca. 5, noko som vil bety at proteasane ikkje vil øydelegga «sementen» mellom cellene. Bruk av skraperobotar som jobbar døgnet rundt ser ikkje ut til å løysa problemet. Og i liggebåsane registrerer eg at trebasert strø blir brukt i mindre grad. Hygienisk er sikkert sand og halm greitt nok, men har den ulempen at pH-verdien ligg godt over 7. I reportasjen frå Danmark fortel ein mjølkeprodusent at han i liggebåsane brukar ei blanding av kalk, halm og vatn. Det vil bety ein pH-verdi og dermed eit miljø i liggebåsane som forsterkar problema med pH i kugjødsla.

I reportasjen er det også eit avsnitt om «Effektive fotbad» Det står likevel at det er mange meiningar om effekten av fotbad og ingenting om kva kjemikaliar som skal brukast i dette badet. Når Helsetenesta for Storfe skriv om dette er det desinfeksjonen som er det primære. Det blir skrive litt om at det finst slike produkter med organiske syrer, men det blir ikkje fokusert på pH -problematikken. Logikken i dette er etter mi meining heilt klar. Når problemet oppstår som resultat av høg pH i gjødsel, bør fotbadet ha låg pH.

Etter mi erfaring bør derfor alle mogelege tiltak rettast mot pH problematikken. Fotbadet og liggebåsane er dei mest aktuelle angrepspunkta. Fotbad med låg pH frå dagen før klauvskjering og til seks dagar etter er eit tiltak som er lett å gjennomføra. Dermed kan dette arbeidet gjennomførast med reine klauver, og reparasjonen av klauvsjukdomar og småsår frå klauvskjeringa kan starta med eit best mogeleg utgangspunkt.

I liggebåsane er trebasert strø med låg pH det ideelle. Og pH-verdien i strøet kan om ønskjeleg senkast med organiske syrer. I denne samanhengen vil eg også minna om dei sjukdomsproblema som ofte oppstår ved innflytting i nytt fjøs. Å etablera ei god og stabil normalflora er viktig, og dette er nok mykje vanskelegare i eit lausdriftsfjøs enn i eit båsfjøs. Og så lenge lite blir gjort for å motverka resultatet av høg pH i storfegjødsla er eg ikkje optimist når det gjeld utviklinga av klauvhelseproblemet.