Helse

Salmonellamarerittet ramma folk og dyr

Hausten 2014 opplevde Arvid og Wenche Løne på Voss noko av det verste som kan ramma gardsdrifta. Dei vart ramma av salmonella, ein rapporteringspliktig gruppe B sjukdom som gjorde at garden vart bandlagt med mange restriksjonar.

Tekst og foto
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Lønemo, Voss kommune, Hordaland

  • Arvid og Wenche Løne

  • Buskap på 26 kyr, 13 oksar, fullt påsett

  • Mjølkekvote: 185 000 liter

  • Storleik: Eig 35 dekar, paktar mykje, sler om lag 300 dekar

  • Aktuelle fordi dei fekk salmonella, kom gjennom den vanskelege tida og vart friskmelde

Arvid saman me odelsguten Ole Christian i den romslege driftsbygningen på Voss. Kalvane vart truleg smitta av salmonella frå avføringa til småfugl.

Arvid og Wenche Løne mista 11 kalvar, fleire familiemedlemmar vart sjuke og folk kvidde seg for å ta kontakt fordi dei var redde for å bli smitta. – Det gjekk bra, men eg unner ikkje min verste fiende denne opplevinga, seier den sindige bonden Arvid Løne.

Mista 3 – 4 kalvar på ei helg

Kyrne er avsina om sommaren, og då vert dei sendt på fjellbeite. Når dei kjem heim att om hausten, har dei konsentrert haustkalving, og i kalvingssesongen 2014 var det noko som var aldeles gale. – Me hadde store, fine kalvar som byrja «å henga», fekk feber og voldsom diare og døydde etter kort tid, fortel Arvid. – Dette starta i oktober, og dyrlegane sende inn prøvar to gonger utan at me fann ut av det. På ei helg mista me 3 – 4 kalvar, og i tunet låg det etter kvart ei samling med 8 – 9 daude kalvar som kadaverbilen skulle henta. – Me kvidde oss til å gå i fjøsen, for me visste ikkje kva som venta oss, seier Wenche som er den som har hovudansvaret for kalvestellet.

I slutten av november vart Arvid skikkeleg sjuk med høg feber etter å ha vore med på obduksjon av ein daud kalv, som det vart tatt ut salmonellaprøve av, og i byrjinga av desember fekk dei beskjed om at dei var ramma av salmonella.

Både folk og fe vart sjuke

Salmonellose er ein zoonose, det vil seia at det er ein infeksjonssjukdom som kan smitta frå dyr til menneske og omvendt. Like etter at prøvesvaret frå kalven var klart, vart sonen til paret veldig sjuk, og han havna på isolat på sjukehuset. I tillegg vart også eit barnebarn til bøndene sjuk, dei skjøna at Arvid hadde hatt salmonellose og Wenche testa positiv for sjukdommen, men vart ikkje sjuk.

Mange restriksjonar og pålegg

Salmonella er ein rapporteringspliktig gruppe B sjukdom der Mattilsynet vert kopla inn umiddelbart etter at diagnosen er stilt, og garden som er ramma får mange restriksjonar. – Me spelte på lag med Mattilsynet heile vegen, og saman jobba me for at me skulle bli friskmeldt så fort som råd, seier Arvid.

Mattilsynet tok avføringsprøvar av alle dyra i fjøsen, og kravet for å bli friskmeldt er at alle prøvane er negative to gonger på rad med 30 dagars mellomrom. Vegen fram mot friskmelding skulle visa seg å bli lang og kronglete.

Dei flinke bøndene fortel at dei starta med å behandla alle kalvane med antibiotika. Vaksne oksar og kyr vart ikkje smitta. Kyrne fekk ein auke i celletalet i denne perioden, og det kan ha med at dei mobiliserte immunforsvaret sitt for å holda seg friske.

Arvid framfor inngangsdøra til fjøsen. I tida dei var bandlagde var det eitt stort skilt på døra: «Adgang forbudt, smittsom dyresykdom».

Slakta oksar lenge før slaktemodne

Mattilsynet anbefalte oss også å slakta alle oksane så fort som råd for å få ned dyretalet og minska smittepresset i buskapen. – Me sende 27 oksar til slakt lenge før dei var slaktemodne, og dette tapte me store pengar på, fortel Arvid. – Me fekk heller ikkje kjøpa inn att dyr før me var friskmeldt, og dette vart også eit stort tap for oss. Forsikringa dekka ikkje dette tapet fordi me ikkje fekk pålegg om å slakta ned, men berre anbefaling om å gjera det, fortel Arvid vidare.

– Ved inngangspartiet til fjøsen fekk me opp eitt stort skilt med «Adgang forbudt, smittsom dyresykdom», fortel Wenche. – Me måtte bruka eigne klede i fjøsen, og besøkande måtte ha på seg overtrekksklede. Uvedkommande fekk naturleg nok ikkje adgang til fjøsen. I starten fekk me heller ikkje lov å ta inn inseminør, men dette vart oppheva fort, og me vart i staden lagt sist på ruta. Me vart også sist på ruta til mjølkebilen. Slakteriet måtte også ta eigne førehandsreglar når dei henta dyr her. Naboar og andre folk vart naturlegvis redde for å bli smitta, så me fekk lite besøk i perioden dette stod på. Dette var tøft både psykisk og fysisk, avsluttar Arvid.

Husdyrgjødsel

Det som skapte mest hovudbry og bekymring var kva dei skulle gjera med all husdyrgjødsla som inneheldt salmonellabakteriar.

– Me hadde ein full gjødselkjellar på 500 kubikkmeter som var rekna som «spesialavfall», fortel Arvid. – Det var snakk om å levera det til eigen avfallstasjon, men det ville kosta oss millionbeløp. Andre alternativ som kom opp var å pløya ned gjødsla eller å bruka spesialutstyr for å sprøyta den ned i jorda, Direct Ground Injection (DGI). Me fekk etter søknad til Mattilsynet, løyve til å nytta DGI, og etter å ha brukt denne metoden, kunne me ikkje beita på desse areala på eitt år. Me fekk heller ikkje lov å køyra møk på E16 som går like ved garden vår på grunn av fare for havari og søl på den sterkt trafikkerte vegen, og dette gjorde at me ikkje fekk gjødsla areala som låg lengst vekke frå garden.

Eitt anna problem var at dei ikkje fekk sleppa ut kyrne på fjellbeite saman med andre dyr før heile besetninga var friskmeld, men til alt hell vart besetninga friskmeld 17. juni 2015 og kyrne kunne sleppast til fjells. Dersom dyra måtte vera heime heile sommaren, ville det gjera eit kraftig «innhogg» i vinterfôret for neste år, og det ville verta vanskeleg å vaska ned og desinfisera fjøs og gjødsellager.

I desse bingande stod 27 oksar som Arvid og Wenche vart anbefalt av Mattilsynet å senda til slakt lenge før dei var slaktemodene. Dette tapte dei store pengar på.

Forsikringa avgjerande

– Heldigvis hadde me forsikringa i orden, utan forsikring hadde me vore konkurs, seier Arvid og Wenche. Forsikringsselskapet hadde dyktige folk, og dei dekka delar av tapa. Særleg det med gjødselhandteringa var svært kostbart. Dei kjøpte utstyr for over 800 000 kroner for å nytta DGI, og forsikringa var med å dekka ein del av dette heldigvis. Dei dreg likevel med seg tap ei god stund framover. Når dei har mindre dyr, får dei mindre tilskot og mindre mjølk, men det viktigaste er tross alt at dei er friskmeldt.

Fugleskit i fôret

Dyr og menneske blir smitta ved at dei får i seg restar av smittefarleg avføring i munnen (fekal – oral smitteveg), og det er ofte ikkje mykje som skal til. Korleis salmonellasmitten kom inn i fjøsen er ikkje heilt fastlagt, men truleg var det småfugl som hadde den med seg, for Mattilsynet fann salmonella i fugleskit i fjøsen.

Det er ikkje heilt uvanleg at fuglar søkjer inn i driftsbygningar når det vert kaldt ute, og det er heller ikkje lett å holda småfuglane ute, men når me ser kva konsekvensen av fuglar i fôrrommet kan bli, så gjer me alt me kan for å holda dei ute, seier Arvid.

Ser framover

– Utifrå dette tilfellet, så har me skjønt kor viktig det er med smittehandtering. Me slepp ikkje folk inn i fjøsen utan at dei har på seg overtrekksklede, og me ser kor viktig det er at folk følgjer spelereglane i samfunnet når det gjeld å holda den gunstige situasjonen som Noreg har i høve andre land, seier Wenche.

Inne på kjøkkenet heng både 5- og 10-årsplakett frå Tine som vitnar om godt dyrestell og levering av elitemjølk i ei årrekkje. – Dersom alt går etter planen, har me mogelegheit til å få sølvtine neste år, smiler dei dyktige bøndene som no ser framover og gledar seg over at salmonellamarerittet er over.

Salmonella

I Noreg har me svært låg forekomst av salmonellose i høve til mange andre land. I eit nordisk overvakings- og kontrollprogram som starta i 1995, er førekomsten av salmonella hjå storfe i Noreg under 0,3 prosent (Bakterieinfeksjonar hos produksjonsdyr, Torleiv Løken og Trine Làbèe-Lund Normann, 2015). I mange land er salmonellainfeksjon vanleg i husdyrhaldet, medan me i Noreg slår hardt ned på slike tilfelle. Dette påverkar i sin tur folkehelsa i Noreg i positiv retning.

Salmonella kjem inn i kroppen via mat og fôr, og bakterien kan mellom anna skada cellene i tarmen. Symptom på sjukdom kan mellom anna vera høg feber og blodig diare. Dyra vert slappe og mister matlysta. Unge dyr er meir utsett enn vaksne.

Salmonellasmitte kan komma inn i fjøs via folk som er smitta, særleg folk som har vore i utlandet kan ha med seg smitten heim. Ville dyr som fuglar og piggsvin kan også føra smitte inn i besetningar, og i tillegg kan hundar og kattar smitta dyrehald.