Reportasje

Vil ikkje byta ut livet som mjølkebonde

Knut Johan Singstad (27) har alt vore mjølkebonde i seks år og han og kona Anne Skjolden Singstad (29) trivst i det gode mjølkemiljøet i Hemne i Sør-Trøndelag.

Tekst og foto
Eivind Vik

Spesialrådgiver i Tone Rådgiving

Eivind.Vik@tine.no

Lian Gård i Hemne kommune i Sør-Trøndelag

  • Anne Skjolden Singstad og Knut Johan Singstad

  • 330 dekar jord (kjøper fôr frå 150 dekar)

  • Kvote 400 000 liter

  • Avdrått på 9 000 kg EKM pr årsku.

  • Aktuell for nytt fjøs med stor velferdsavdeling

Stor velferdsavdeling på 70 kvadrat­meter med talle. Lett å koma inn med traktor for å skifta talla.

Av 30 melkebruk i kommunen, er det 12 som har robot, og det er mange unge bønder. Anne og Knut Johan flytta i 2015 inn i nytt lausdriftsfjøs med robot. Overgangen var godt planlagt og dei har nytta Lean-koordinator i fleire år for å ha auka fokus på forbetringar.

Nøye planlagt opptrapping og utbygging

Alt i 2010 starta Knut Johan opp med å pakta gard av far sin, Gudmund. Gudmund driv framleis gard med kjøttproduksjon i nærleiken. Mjølkekvota var 100 000 liter, som etter kvart vart utvida til 150 000 liter. I dag har dei kjøpt seg opp til ei kvote på ca. 305 000 og i tillegg har dei ca 95 000 leigekvote. Dei disponerer 330 dekar dyrka jord, og har i tillegg 10 års avtale om kjøp av fôr frå ytterlegare 150 dekar. 80 dekar av leigejorda ligg fire kilometer frå driftsbygningen, men elles er jorda samla inntil en kilometer frå fjøsen. – Vi brukte god tid på planlegging av nytt bygg, og tomt vart lagt på skogsmark der det er gode muligheter til å rydde større beiteareal, seier Knut Johan. Det gamle fjøset var fullt utnytta, og Knut Johan gjekk til innkjøp av to kalvehus som kunne takast med over til nytt fjøs. Også eit fjøs for oppdrett av kviger vart leigd inn, slik at dei kunne sikra god rekruttering til det nye fjøset. Det var gjort gode førebuingar i 2-3 år før innflytting.

Roboten overtek for fellesbeite

Knut Johan og Anne har også vore medlemmer i fellesbeite der dei har sendt kyrene i perioden 1. juni til 15. september kvart år. – Vi var heldig og har hatt eit ektepar frå Latvia som har stelt på fellesbeitet i åtte år, fortel Knut Johan. I år er det bare kvigene som går på fellesbeitet og kyrne vert melka i roboten.

Nybygget på 1000 kvadratmeter vart levert av Gråkjær. Det er køyrbart fôrbrett langs eine langsida, og det gjer at vegghøgda er fire meter. Nedre del av bygget er betongelement, og det er vindbremseduk på langsidene. Taket er isolert og bygd på plassen. Byggestart var 10. april 2015, men då var storparten av tomta klargjort året før. Ved at tomta er på jomfrueleg mark, vart det ein del ekstra kostnader til framføring av straum og vatn. Det måtte førast fram ny høgspentline og dei måtte ut med eit anleggbidrag på 200 000 kroner. Vassforsyning er sikra ved grunnboring, også det til ein kostnad på 200 000 kroner. Total byggjekostnad kom på ca. kr 7,5 millionar. Dei fekk 900 000 kroner i tilskudd frå Innovasjon samt rentestøtte på lån. Fjøssystemer leverte innredning og melkerobot.

Knut Johan framfor to av kalvehusa som vart kjøpt inn og nytta også utfor den gamle fjøsen. Her er plass til 20 kalvar. Legg og merke til dei enkle kalvehyttene som er laga av kjemikaliecontainer. Lett å vippa opp utegarden for reinhald og flytting.

Dyra trivst med 3 rekker med liggebåsar og forbrett langs eine yttervegg. I bakgrunnen ser me kalvehusa.

Er bevisst på å finne stadige forbetringar

Knut Johan fortel han nok hadde størst fokus på husdyrfaga då han gjekk på fagskulen. Etter kvart har han sett at driftsleinga er viktigare og viktigare, og legg mykje vekt på det i den dagleg drifta. Anne og Knut Johan har ikkje mål om å bruke minst mogeleg tid i fjøsen, men heller finne ut kor dei vil leggje ned arbeidsinnsatsen. – Eg pleier å ha ein fast runde i fjøsen mellom klokka 13.00 og 15.00, seier Knut. – Då er det roleg, og det er lett å gjere observasjonar av dyra. Den runden betalar seg godt.

Knut Johan fortel vidare at dei er flinke til å setje seg eigne målsetjingar og å finne ut kva som er godt nok. Han starta å jobba med Lean i den gamle bygningen, og tok metoden med seg vidare når nye rutiner måtte på plass i ny fjøs. Verdistraumsanalyse er god til å finna flaskehalsar og til å få fram forbedringspunkt. Rådgjevar Leankoordinator Lars Bæverfjord er jamnleg på besøk for å vera med å finna nye forbedringsområde. Det er motiverande og ein stimulans i den daglege drifta. Det gjeld å finne praktiske rutinar som er lette å gjennomføra i det daglege. Like eins har dei brukt tid til å bli einig om korleis dei gjer ting. Det finst mange flinke bønder, og vi har lært mykje av korleis andre gjer det.

Nabosamarbeid om slått og husdyrgjødsel

Saman med faren og to nabobruk har dei i mange år hatt samarbeid om grashausting og slangespreiing. Det gir reduserte kostnader og stor kapasitet. Dei vert og mindre sårbare ved at dei er fire personar som kan kjøre pressa. Ein har presse, ein har slåmaskin og ein har rake og venderive. Utanom å hauste eigne bruk, tek me også på oss litt leigekøyring i mindre målestokk. Gjødselkummen var bygd i 2012 som eit fellesprosjekt mellom Knut Johan og faren Gudmund. Det var bare 15 000 kroner i forskjell på 300 kubikkmeter ekstra kapasitet. Dei bygde kum på 3 200 kubikkmeter. Kummen er utan tak, og dei brukar regnvatnet som vassinnblanding. Det gir eit tørrstoffinnhald mellom to og fire prosent, og storparten av gjødsla vert spreidd med slangespreiingsutstyr. Det gir lite køyreskader og har stor kapasitet. På ein normal dag får dei ut 600-800 kubikkmeter. Dei har 1 500 meter slange og blekksprut frå Agromiljø AS. Knut Johan er også bevisst på å rekne korleis han vil bruke tida si.

– Eg fann fort ut at kostnaden til transport av eigne rundballar vart i høgste laget, med det utstyret eg disponerte. No leiger eg inn containerbil som kjører rundballane for meg, og vil heller bruke tida i fjøsen. Det gir meg betre betaling. Største utfordringa er min eigen kapasitet, så det gjeld å finne ut kva eg gjer best sjølv og kor andre er mest effektiv.

Rimeleg fullfôrblandar

I utfôringslinja har dei satsa på ei rimeleg løysing med stor kapasitet.

– Me fekk kjøpt ei brukt fullfôrvogn og traktor til 260 000 kroner, fortel Knut Johan. – Den har kapasitet til å lage fôrblanding til to dagar. Eg køyrer ut morgon og kveld og feier inntil manuelt 2-3 gonger for dag. Totalt går det då med omlag 45 minuttar pr. dag til blanding og fôringsarbeid.

God logistikk og avfallsplast rett i container

Rundt bygningen er stort planert areal og god plass til lagring av rundball. Utforbi plassen ved kortveggen står to avfallscontainerar plassert noko nedseinka i forhold til gardsplassen. Det gjer at rundballeplast og nett vert plassert i rett container så snart det vert teke av ballen. Det gir lite handtering og effektiv logistikk. Bilen han leiger til transport av rundballar tek med seg avfallet på returen. Lessing skjer ved hjelp av klype. Det ser ordentleg og reinsleg ut. - Det var viktig å finna ei løysing som gav minst mogeleg arbeid og som var billeg, seir Knut Johan. Brukte containerar vart kjøpt frå ein gjenvinningsstasjon til ein rimeleg penge.

Vil ikkje bytta ut ein dag

Både Anne og Knut Johan trivst med livet som mjølkebønder. Anne arbeider som vernepleier i Hemne kommune, og nett no har ho fødselspermisjon for å ta seg av vesle Johan. Ho er frå gard i Østfold har derfor god forståing kva som krevst i eit yrke som dette. Dei har ein ungdom som fast helgeavløysar andrekvar helg. I tillegg er bror til Knut Johan med i skuleferiar. Også Gudmund tek eit tak når det trengst. – Me er ikkje ferdig med dette, men kjem til å ha fokus på stadige små forbetringar også framover. Det gjer det interessant og eg har ikkje villja byta ut ein dag som mjølkebonde, avsluttar Knut Johan.

Her er familien inne i den luftige og lyse bygningen. På baksida skimtar me kalvehusa. Dei har fått ein flott arbeidsplass.