Forskjellig

Leantips for å halde på fokus i drifta

Bonden har ei krevjande leiaroppgåve. Det krevst god sjølvdisiplin for å halda fokus over tid. I Lean brukar me nokre enkle teknikkar som kan hjelpe bonden i leiarrolla.

Tekst og foto
Eivind Vik

Spesialrådgiver i Tine Rådgiving

Eivind.Vik@tine.no

Oppfølging av dagsavdrått på tavle kvar veke. Bruk av fargar gjer det lett å tolke. Du kan også skrive ut skjema frå pc, henge det på tavla og føre på resultat kvar veke.

Auga er eit fantastisk organ til å ta imot informasjon. Ved å bruka tavler og bevisst fargekoding, kan me i mange høve sjå status på ein brøkdel av eit sekund. Det som skal ha fokus må opp på ei tavle, slik at alle ser kva som er viktig. Då er det og lettare å få alle med på felles innsats mot målet. Det du får i fleisen kvar dag er med å bevisstgjera deg i arbeidsutføringa. Bruk også grafisk framstilling framfor tabellar og ord, då auga lettare les eit «bilde». Tavler kan også vera langt meir effektive enn omfattande planar på datamaskin. Dette har også tunge ingeniørmiljø i oljebransjen erfart.

Målstyring må ned i den daglege drifta

Me set oss ofte mål om at til neste år skal avdråtten auke, fruktbarheten betrast og tilvekst på kalvar aukast. Me når ikkje måla utan at me set i verk ulike tiltak for å nå dei. Mål som først ligg eit år fram i tid får ofte ikkje nok fokus i den daglege drifta. 12 månader blir for langt fram, og er for lite forpliktande. Difor der det betre å ha fokus på dei neste 12 vekene. Skal du auke årsavdråtten, må dagsavdråtten auka alt no. For å auke avdråtten må du gjerne til med ny fôringstrategi og du må kjenne næringsinnhaldet i grovfôret. Tiltaka må starte i dag, og dei må ha fokus kvar dag.

Er det fruktbarheten som skal betrast, kan du sjå kort mange kyr og kviger som skal ha oppfølging dei neste 12 vekene. Ved å visualisere resultata kvar veke, får du tett oppfølging og det vil vera motiverande for å halda fokus på dei viktige områda.

Også tilvekst på kalvane ser ein resultat av etter 12 veker. Måling bør gjennomførast regelmessing, og du vil få gode plott som raskt viser korleis du ligg an. Ta desse ut av datamaskin og heng dei opp på tavla. Det aukar gjennomføringsevna.

I Kvægnytt nummer 14 i 2016 seier den danske melkebonden Per H. Andresen at deira erfaring er at visualisering av fokusområda er svært motiverande.

Ein ting om gangen

Du bør konsentrere deg om eit eller eit par område som skal ha auka fokus til eikvar tid. Det er krevjande å innarbeide nye rutinar. Ved å visualisere og rapportere kvar veke gir du deg sjølv hjelp til å halde fokus. Etter ei tid vil rutinane sitja som ein del av arbeidsopplegget ditt, og du er klar for nytt fokusområde.