Fôr

Grovfôranaly ser ute på garden

I disse dagar samlar vi inn 100 rundballar frå ulike kantar av landet, og fraktar dei til Ås gård (forsøksgarden ved NMBU). Der skal dei analyserast på alle tenkelege måtar og brukast som fasitprøver i testing av mobilt analyseinstrument for analyse av grovfôr.

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine Rådgiving

ingunn.schei@tine.no

100 rundballar frå ulike stader i hele landet vert no samle inn på Ås gard for bruk i utprøving av analyseinstrument for analyse av grovfôr som kan brukast ute på garden.

Foto: Jan Erik Kjær

Ei transportrute har gått frå Ryfylke og Jæren om Agder og Vestfold. Ei anna rute går om Østerdalen, Sør-Trøndelag, ned att Gudbrandsdalen og Hedmark. I månadsskifte februar/mars er det ein bil som køyrer frå Tromsø og sørover. I tillegg er det planar om rundballar frå Tana, Vestlandet og Østfold. Målet er å få dekkja mykje av variasjonen vi har i vekstforholda og grovfôrkvaliteten i landet. I alt er det planar om å få tak i 100 rundballar i denne omgangen.

Mobilt analyseutstyr

Med dagens metode for analyse av grovfôr må prøvene tørkast og malast før det kan bestemmast kjemisk innhald og fôrverdi ved hjelp av NIR-teknologi. Sending og behandling av prøvene før analyse er ein tidkrevjande prosess og svartida på analysane er vanlegvis 1 til 4 veker. Ny teknologi gjer at det no finnast analyseinstrument for grovfôr som også er basert på NIR-teknologi, og som kan nyttast ute på garden og gi umiddelbart svar. Eit slikt instrument er X-NIR som er ein slags analysepistol som kan brukast i rå prøve utan noko form for forbehandling. X-NIR er utvikla av det italienske firmaet Dinamica Generale og i Norden er det Orkel AS som har salgsrettigheitene. Tine har inngått samarbeid med Orkel og Dinamica Generale for å utgreie muligheitene for å ta i bruk X-NIR i fôringsrådgivinga. Det er førebels usikkert om X-NIR har tilstrekkelig presisjon og nøyaktighet til at den kan nyttast som grunnlag for fôrplanlegginga. I dag har X-NIR eit begrensa utval variablar som kan analyserast, og det er heller ikkje tilpassa norsk grovfôr og analysevariablane som vi brukar i Optifor/NorFor. Målet er derfor å få det tilpassa og vidareutvikla til våre forhold slik at rådgjevararane kan bruke det i fôrplanlegginga.

Referanseprøver

Alle analyser som er basert på NIR-teknologi er indirekte målingar som krev ei kalibrering mot eit referanseinstrument som fungerer som fasit, og samanhengen mellom NIR- og referanseverdiar må kontrollerast kontinuerleg. Vanlegvis er det kjemiske analyser som gir referanseverdiar. I NorFor/Optifor er det våt-kjemiske analyser som er referansemetode på næringsinnhaldet i grovfôr, medan fordøyelegheita av organisk stoff (OMD) er basert på fordøyelsesforsøk på sauer fôra på vedlikeholdsbehov som er referanse. Tidlegare analyserte Eurofins også ufordøyeleg NDF (iNDF; indigestible Neutral Detergent Fibre), men på grunn av vanskelegheiter med analysene bestemte NorFor at denne heller skulle bereknast fram til analysane vart betre. Referanseverdiar for iNDF er in sacco på vomfistulerte kyr, altså posar som blir lagt i vomma i 288 timar og der vi får fram kor mykje av NDF som ikkje er brote ned etter denne tida. Det har stor verdi for NorFor-systemet å få til denne analysen igjen. Men det er krevjande å bruke levande dyr som referansemetode, og det er vanskeleg for laboratoria å vedlikehalde og kontrollere slike kalibreringar. I dag kontrollerar laboratoria verdiar gjennom in vitro-metodar, og disse er kobla mot referansemetodane gjennom likningar. In vitro vil sei at laboratoria skaffar seg vomsaft frå kyr og lagar eit kunstig vom-miljø på laboratoriet. Dei 100 prøvene som blir samla inn skal fungere som referanseprøver og skal igjennom alle disse analysane.

Fordøyelsesforsøk på sau

På Ås skal ein og ein av rundballane blandast godt i ei miksevogn, og dei skal scannast med X-NIR. Så skal ei lang rekkje prøver takast ut og sikrast så ein har til dei ulike referanseprøvene, og det skal pakkast i porsjonspakningar til fordøyelsesforsøk på sau. Grunnen til at sau og ikkje ku blir brukt til dette er av praktiske grunnar; det er lettare å handtere og køyre forsøk på sau enn på ku, det går mindre fôr og det er mindre arbeid. Når fordøyelegheita av fôret er omtrent det same for sau og for ku så er det vanleg å bruke sauer i slike studiar. For kvar rundballe så skal det fôrast tre vêrar etter vedlikeholdsbehov i tre veker. Dei første ti dagane skal sauene vennast til å ete fôret, og dei neste 11 dagane er det fullstendig oppsamling av gjødsel. Då har ein kontroll på kor mykje fôr som går inn og kor mykje som kjem ut att. Det krev cirka 250 kg fôr til å gjennomføre fordøyelsesforsøk, og på grunn av behovet for så store mengder så er det mest praktisk å få tak i heile rundballar. Dagsrasjonar på 1 kg tørrstoff per sau blir frose ned i kontainerar fram til bruk. På Ås gard er det kapasitet til å køyre fordøyelsesforsøk på 15 sauer samtidig, og det vil difor gå ganske lang tid før alle resultata er klare.

Foods of Norway

Av disse rundballane skal det også takast ut prøver til eit forskningsprosjekt som «Foods of Norway» køyrer ved universitetet, og som Tine er med på. Noko av målet med prosjektet er å auke andelen norsk grovfôr i mjølkeproduksjonen gjennom å påverke fiberkarakteriseringa i fôret. Ved å tilsette enzym i grovfôr med låg fordøyelegheit håpar ein å gjere fiberet meir tilgjengelege for vom-bakteriane slik at det vil auke fôrverdien. Dette vil gi ein betre grovfôrkvalitet og dermed betre fôrutnytting, og vil vere eit viktig arbeid i forhold til fokuset som er på klima.

Variasjon i prøvene er viktig

Når vi skal bruke prøvene i eit kalibreringsarbeid er det viktig at det er variasjon i prøvene slik at det dekkjer spekteret av variasjon i dei prøvene som skal analyserast. Det er derfor nødvendig med prøver med forskjellig høstetid og utviklingstrinn, slått nummer, ensileringsmiddel, samt gjødslingsmengder for å få variasjon i proteininnhold. Informasjon om grasartar har også vore viktig å få med.For å ha kontroll med at vi får inn prøvemateriale med tilstrekkeleg variasjon så har vi plukka ut rundballar med fôranalyser i grovfôrdatabasen (FAS) og plukka ut prøver med ønska innhald. Deretter er produsentane blitt kontakta med spørsmål om fôret er tilgjengeleg.

Prøvebank

Referanseprøvene som i dag ligg til grunn for NorFor-systemet er gamle og finst heller ikkje lagra lenger. Dei 100 rundballane som vi samlar inn no vil vere referanseprøver og vil fungere som vår fôrprøvebank, og dei vil bli lagra i minst 20 år framover. Med å opparbeide ein slik prøvebank med kjent innhald kan vi også sjå kva type prøver kalibreringane har vanskar med å måle, og ta tak i det spesifikt. Målet er også å fylle på med fleire slike prøver jamleg i åra framover, men ikkje med 100 i gongen….