Tema: Gjødsel

Kaliumgjødsling til eng

Ei god grasavling fører bort om lag like mykje kalium som nitrogen, og god kaliumforsyning er viktig for å ta ut store avlingar. Likevel treng vi normalt ikkje tilføre like mykje kalium som nitrogen på grunn av at graset kan ta opp mykje kalium frå reservar i jorda.

Tor Lunnan

Forsker i NIBIO

Fôr og husdyr

tor.lunnan@nibio.no

Til eng er den langsiktige verknaden av kalium målt som syreløyseleg kalium (K-NO3) viktigaste parameter.

Foto: Solveig Goplen

For husdyra kan overdosering av kalium vera uheldig, da mykje kalium senkar opptaket av andre mineral som magnesium og kalsium. Dette kan auke risikoen for sjukdomar som graskrampe og mjølkefeber. Rett nivå på kaliumgjødslinga er derfor viktig både for gjødslingsøkonomien og dyrehelsa.

Bruk av jordanalysar for å finne behov

Tilførsel av kalium frå jorda er avgjerande for gjødslingsbehovet, og bruk av jordanalysar er viktige for å korrigere behovet for tilførsel. Til eng er den langsiktige verknaden målt som syreløyseleg kalium (K-NO3) viktigast. Denne verdien er høgast på leirjord og anna jord med opphav frå kaliumrike bergartar som til dømes glimmer. Nokre delar av landet har jord med svært høge verdiar av syreløyseleg kalium, over 200 milligram per 100 gram jord. Langvarige engforsøk på slik jord har ikkje vist avlingsutslag for kaliumgjødsling sjølv etter 20 år utan gjødsling, og kaliuminnhaldet i graseter gjerne høgt. I praksis må ein også føre husdyrgjødsla tilbake i slike område, slik at ein har ein overskotssituasjon for kalium. Motsett vil behovet for gjødsling vera stort på jord med låge verdiar for syreløyseleg kalium. Mykje sandjord har verdiar under 20 milligram per 100 gram jord, og her er opptaket frå reservar i jorda lågt. Myrjord har også små langsiktige kaliumreservar. I ein landsomfattande forsøksserie med kaliumgjødsling til eng var det god samanheng mellom avlingsutslag og syreløyseleg kalium i jorda (tabell 1). På leirjord og på kaliumrik sand var det knapt avlingsutslag for gjødsling i det heile, medan det på kaliumfattig sand vart sterk kaliummangel utan gjødsling og store avlingsutslag etter kvart.

Lettløyseleg kalium kan endre seg mykje

Ved ein vanleg jordanalyse er det lettløyseleg kalium (K-AL) som blir målt. Denne verdien viser innhaldet av lettløyseleg kalium ved prøvetidspunktet. Gjennom ein engperiode kan verdien endre seg mykje på grunn av planteopptak og utvasking av kalium gjennom vinteren. Blir prøven til dømes teken i attleggsåret etter bruk av mykje husdyrgjødsel, kan den vise svært høge verdiar. Med moderat gjødsling utover i engperioden vil K-AL da gå mykje ned. I eldre eng vil normalt K-AL stille seg inn på eit forholdsvis lågt nivå. Desse forholda gjer at ein skal vera forsiktig med å leggje stor vekt på lettløyseleg kalium ved gjødslingsplanlegginga. Ved ein gjødslingspraksis der ein bruker mykje husdyrgjødsel før og ved attlegg av eng, kan ein tære på denne gjødslinga ei tid. Lite avlingsutslag for gjødsling første året på kaliumfattig sandjord i tabell 1 skuldast tapping av lettløyseleg kalium. Avlingsutslaga her vart større di lenger forsøket gjekk når det ikkje var meir å hente frå denne fraksjonen.

Tabell 1. Tørrstoffavlingar (kg/dekar) for kaliumgjødsling ved ulikt innhald av syreløyseleg kalium – middel av seks felt på leirjord (40-265 mg KHNO3), åtte felt på høg-K sandjord (64-118 mg KHNO3) og seks felt på låg-K sandjord (8-24 mg KHNO3)

K-gjødsling

kg K/dekar

Leirjord

Høg-K sand

Låg-K sand

År 1

År 3

År 1

År 4-6

År 1

År 4-6

0

1140

1020

1000

780

870

560

6

1120

1020

1000

800

890

750

12

1130

1000

1000

800

910

810

18

1140

1010

990

800

930

840

Planteanalysar eit nyttig korrektiv

Planteanalysar viser kaliuminnhaldet i graset og er eit nyttig korrektiv til kaliumgjødslinga. Kritisk kaliuminnhald i gras går ned i takt med aukande avling og utviklingstrinn. Ut frå norske forsøk er det i tabell 2 sett opp verdiar for høveleg kaliuminnhald.

Lågare verdiar enn i tabell 2 indikerer kaliummangel, medan høgare verdiar indikerer luksusopptak. Kaliuminnhaldet på beitestadiet og ved hausting av små avlingar skal såleis vera mykje høgare enn for ein sein slått med stor avling der ein kan akseptere temmeleg låge verdiar.

Tabell 2. Verdiar for høveleg kaliuminnhald

Avling per slått (kg tørrstoff)

Høveleg kaliuminnhald(gram kalium pr. kg tørrstoff)

700

14-20

500

17-23

300

22-28

Kalium/nitrogen-forholdet

Forholdet mellom kalium og nitrogen er ein god indikator som er mindre avhengig av avling og utviklingstrinn. Ut frå avlingsutslag i forsøk kan ein antyde ein nedre verdi her rundt 0,8. Lågare verdiar tyder på kaliummangel og avlingstap. Verdiar over 1,2 tyder på luksusopptak. Planteanalysar bør brukast aktivt i gjødslingsplanlegginga og gir direkte svar på om gjødslinga er på rett nivå. Er det lite kalium i graset, blir også kaliuminnhaldet i husdyrgjødsla lågt. Ved bruk av standard tabellverdiar for kaliuminnhald i husdyrgjødsel, blir husdyrgjødsla overvurdert og behovet for tilleggsgjødsling undervurdert. Feilvurdering her er vanleg på jord med låg kaliumforsyning. Omvendt blir gjødslingsbehovet lett overvurdert på kaliumrik jord og høgt kaliuminnhald i graset.

Praktisk gjødselplanlegging

Ved praktisk gjødslingsplanlegging reknar ein først ut behovet til avlinga og korrigerer dette behovet for opptak frå jorda basert på jordprøver, slik som det til dømes er skissert i gjødslingshandboka til NIBIO som ligg ute på nettet. Gjødslingsbehovet blir da dekt opp gjennom husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Ein bør ta sikte på jamn, årleg dekking av kaliumbehovet. Sterk oppgjødsling av kalium i jorda, for eksempel gjennom bruk av store husdyrgjødselmengder, har lite for seg. Dette vil føre til luksusopptak fleire år etter gjødslinga og risiko for store utvaskingstap. Det er viktig å ha analysar for syreløyseleg kalium for å fange opp ulik langsiktig tilførsel frå jord. Vidare er det viktig å halde oppsyn med kaliumstatus i graset for å sjå om gjødslinga er høveleg. Tal frå mineralanalysar i gras viser store variasjonar og det er vanleg både med luksusopptak og kaliummangel. Ein praktisk konsekvens av desse forholda er at kaliumbehovet kan variere mykje på skifte med ulikt jordsmonn. Er det til dømes leirhaldig jord på ein del av skiftet og myr eller kaliumfattig sand på ein annan del, treng det ikkje vera behov for kalium i det heile på leirjorda, men stort behov på sand og myr. Med tilpassa gjødsling er det pengar å spare her. Med ulike jordartar på garden kan det også vera rett å bruke mest husdyrgjødsel på kaliumfattige skifte, spesielt ved økologisk drift.