Avl
Avlsteori

Avl mot spel i eliteseria

For å skape god avlsmessig utvikling på kyrne dine, samtidig som ein opprettheld kjøttproduksjonen og betrar økonomien treng du ein plan!

Trond Skeide

Fagrådgjevar avl i Tine

Fagrådgjevar avl Trond Skeide skriv at ein viktig del av hans bidrag som avlsrådgjevar er å avklare kva type ku ein ynskjer, for deretter å styre dette gjennom prioriteringar i avlsplanprogrammet og okseutvalg.

Foto: Joachim Kristiansen, TUN Media

NRF-kua har eit breitt avlsmål og med det større spennvidde i type dyr. Nokon meir rundbygde og kjøttsette, andre meir mjølkeprega, lettare bygde og med større mjølkeevne. Avlskollega Lars Byberg Timpelen hadde ein beskrivande artikkel rundt dyretyper i Buskap 1/2021.

Prioriter dyretype

Eg vil påstå at NRF fungerer godt på alle avdråttsnivå. Men med så stor forskjell i typer, er det behov for å prioritere innan kvar buskap, i høve eigne målsettingar og kva miljøfaktorar ein tilbyr kua. Med auka bruk av REDX er det naturleg at me går mot ei meir mjølkeprega ku. Her vil det likevel vere forskjellige ynskjer. Ei lettare bygd og fôreffektiv ku er meir aktuell i låge tilskotssoner på kjøt, medan den typiske kombikua vil vere meir ynskja i høgare tilskotssoner av landet.

Om du har påsett av oksar, eller ei, har også innverknad på kva dyretype du bør vektlegge.

«tydeleg at variasjonen mellom dyras prestasjon og indeks er mindre på genotypa kyr»

Genotyping betrar avlsplanlegginga

Ved avlsplanlegging ute i fjøs og eksteriørdøming av kyr for Geno ser eg tydeleg at variasjonen mellom dyras prestasjon og indeks er mindre på genotypa kyr. Fenotypa stemmer betre med genotypa. Det er betryggande. Dess fleire dyr i populasjonen som vert genotypa, dess sikrare vert estimata over dyra sin genetikk, og dess betre avlsarbeid kan både du og Geno drive.

Mitt råd er difor å starte med å genotype kvigekalvane. Då får du eit betre utgongspunkt til å gjere rette val i både påsett og i oksevalg, då genomiske indeksar betre beskriv slik dyret er forventa å prestere, og avlsplanprogrammet får betre forutsetningar til å plukke ut rette kombinasjonar.

Redusert kvigeoppdrett og bruksdyrkryssing

2.kalvsku etter 12027 Storflor med litt tett speneplassering bak, men heilt innanfor ift. robot. Ver ikkje for kritisk til oksar som gir tettare speneplassering bak, då desse med hell kan nyttast på enkeltdyr, og er som regel gode på framspeneplassering.

Kvigeoppdrett er kostbart. Det er tross alt berre utgifter og arbeid til kviga startar å mjølke, og ei 1.kalvsku vil som regel prestere langt under ei voksa. Så lenge ein har kontroll på fruktbarheit og jurhelse, bør det vere rom for å senke rekrutteringsprosenten hjå mange, fleire bør ha potensial ned mot 30 prosent.

Ved å nytte kjøttfe på dei avlsmessig svakaste kyrne, vil ein unngå påsett av middelmådige kviger.

Bruksdyrkryssing er mest aktuellt på eldre kyr som har sakka akterut avlsmessig, eller som har lyter ein ikkje ynskjer føre vidare. Mellom desse er det likevel mange greie brukskyr, og ein kan tenke det ville vere fornuftig å rekruttere etter slike som har prestert over tid og syner seg holdbare. Ikkje alltid feil det, men vegen opp til ei suksessdotter vil som regel verte lengre. For ein god avlsplan bør legge til rette for at dottera er minst like god, eller betre enn mora. For å kome nokre skritt vidare bør ein difor prioritere påsettet etter dei yngre dyra med betre genetikk.

I tillegg får ein auka kjøttutbytte i form av slakteverdi, eller auka livdyrpris på krysningsavkomet.

Dette kan forsterkast ved å nytte hanndyrseparert kjøttfesæd (BeefY). NRF-kviger med svakt avlspotensial er også aktuelle for bruksdyrkryssing, men då kun med lett kjøttferase grunna fare for kalvingsvanskar, i praksis Angus.

REDX

I andre «enden» av buskapen, mellom dyra du ynskjer påsett etter er det fordelaktig å nytte REDX, altså hodyrseparert sæd, der utsiktene til kvigekalv er rundt 90 prosent. Ikkje-omløpsprosenten med REDX ligg i området 8-10 prosentpoeng lågare enn konvensjonell sæd på årsbasis. Det er for dei fleste til å leve med.

Bruk REDX på dyr som har gode forutsetningar for å ta kalv. Har du eit lågt FS-tal og slit med mykje omløp, er det best å finne tiltak for å betre dette først, før større bruk av kjønnsseparert sæd.

Råd ved bruk av REDX

  • Start i det små

  • Prøv først på nokre få gode kviger

  • Set deg mål og finn tiltak for ein høg levealder på kyrne og ein redusert rekrutterings-prosent

  • Bruk avlsrådgivar til å utfordre deg på strategi

Planlegging med geno avlsplan

Eit noko baktungt jur, men sterke jurfester, passe store spenar med fin plassering på denne 4.kalvskua etter far 11876 Alm og morfar 28019 Felipe.

Foto: Joachim Kristiansen, TUN Media

Ved ein buskapsgjennomgang er det sentralt å notere svake og gode sider ved enkeltdyret som kropp, bein, jur, utmjølking og lynne, for deretter å korrigere eigenskapsvalg i planen. Det er nyttig å sjå over utvikling og nivå på buskapen under «statistikk» og korrigere «krav til avkom» slik at dette harmonerar med buskapsnivået og ambisjonar. For strenge krav gir fort mykje avvik i planen, og oksealternativa som kjem opp meir tilfeldige. Ta heller siste justering på enkelteigenskap på dyret. Det er særleg der indeksen til dyret ikkje heilt syner seg igjen i fenotypa det er viktig å korrigere. Viktig også å spesifisere kva ein ynskjer å betre gjennom deleigenskapane, ikkje bruke hovedeigenskapar som jur eller bein, det er for lite presist.

Ein viktig del av mitt bidrag som avlsrådgjevar er å avklare kva type ku ein ynskjer, for deretter å styre dette gjennom prioriteringar i avlsplanprogrammet og okseutvalg. Husk også at doseprisen er den same, enten du vèl rett, eller feil okse til kua!

Sjå over «bestillingsliste»

Ei harmonisk bygd ku med gode jur og bein er sentralt i avlplanlegginga. Her ei 2.kalvsku etter far 11873 Steine. Moderat kuhasa beinstilling, sterke jurfester, særleg bak.

Foto: Trond Skeide

Når ein har fått plassert aktuelle dyr for kjøttfe og REDX i planen er det nyttig å sjå over rapporten «bestillingsliste». Denne er tiltenkt dei med eigen sædbeholdar, men er nyttig for alle for å sjå korleis oksebruken er fordelt i planen. Det kan vere ein okse ein ikkje ynskjer å bruke særleg av, eller ein annan ein verkeleg vil bruke, då vil ein her fort sjå kor mykje den kjem opp. Alternativet er å fjerne enkeltoksar heilt frå planen, men tenk då kva eigenskap dei er svake på, og om den likevel kan passe til nokre av dyra. Husk at du allereie gjennom «krav til avkom» og eigenskapsvalg allereie har gjort ei prioritering av okseutvalget.

Vidare er det viktig å justere REDX-utvalget i planen med oksar som finnast lokalt, eller av utvalget i eigen beholdar. Innhald i beholdar på min side på geno.no gir oversikt over tilgjengelege oksar lokalt.

Miljøets effekt på prestasjon og holdbarheit

Eg er oppteken av å tenke heilheit og ikkje for einsidig på avl. Ser tydeleg at miljøeffekter som oppstalling, fôring og management i det daglege har stor innverknad på dyra sin respons, holdbarheit og resultat i buskapen. Viktig at dyret sitt potensial som kjem fram i avlsverdi og indeksar, vert henta ut av miljøet. Ei ku med høg mjølkeindeks vil ikkje prestere om den ikkje får rett fôring, ei ku med god genetikk på bein kan verte «øydelagt» av eit glatt og dårleg golv. I andre tilfeller der fruktbarheit er høgt vekta i avlsplanen, men fôring og miljø sviktar, kan vegen til synleg framgong i buskapen verte lang. Her er moment som har betydning for kuas levealder.

Ivareta heilheita

Då er me tilbake til overskrifta, om «spel i eliteseria»! Min tanke er ikkje nødvendigvis ein buskap som figurerar på topp i ytelse, men der heilheita er ivareteke gjennom ei fôreffektiv, frisk, sjølgåande og holdbar ku, der kjøttproduksjonen vert boosta gjennom effekta av bruksdyrkryssing!

Les også om erfaringar rundt avlsarbeidet hjå Stordal samdrift i Fjord kommune på side 22.