Forskjellig

Tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel

(«sjukdomsavløysing»)
Anne Berit Grasbakken

Seniorådgjevar Statsforvaltaren i Innlandet

Foto: Shutterstock

  • Formålet med tilskotet er å bidra til å dekke utgifter til avløysing ved:

    • Eigen sjukdom

    • Sjuke barn

    • Svangerskap, fødsel, adopsjon og overtaking av omsorg

    • Dødsfall

  • Jordbruksføretak registrert i Foretaksregisteret som driv «vanleg jordbruksproduksjon », det vil seie at produksjonen har næringsmessig preg og er i tråd med god agronomisk praksis og godt husdyrhald, kan søke tilskot. Ein kan få tilskot til avløysing i husdyrproduksjon og til planteproduksjon i onnetida.

  • Dagsatsen er avhengig av omfanget på produksjonen i føretaket og er på maks 2100 kr.

  • Anna inntekt utanfor gardsdrifta og ytingar frå NAV som den avløyste har fått eller kunne ha fått skal trekkast frå dagsatsen.

  • For å få tilskot må den avløyste ha hatt næringsinntekt frå føretaket. Kravet skal sikre at den avløyste er knytt til drifta. Dersom føretaket søker tilskot i 2023, sjekkar systemet kva som er avløyste si næringsinntekt frå jordbruket i åra 2020 og 2021 sidan ein har fått skatteoppgjer for desse to åra pr. 1. januar 2023. Det er ulike krav til næringsinntekt avhengig av om den avløyste er innehavar av enkeltpersonføretak, deltakar i samdrift eller ektefelle til innehavar/deltakar. For nye brukarar som ikkje har hatt næringsinntekt tidlegare, kan kommunen vurdere om drifta er slik at det blir overskot på sikt, og innvilge tilskot. Elles er det mogleg å søke Statsforvaltaren om dispensasjon frå kravet til næringsinntekt.

  • Søknadsfristen er eitt år etter siste dag i avløysingsperioden. Fristen er lang for å ha tid til å skaffe all dokumentasjon frå NAV m.m. Føretaket kan søke før all dokumentasjon er på plass. Det kan vere lurt å søke raskt slik at ein ikkje gløymer det, og heller ettersende dokumentasjon, da det er vanskeleg å få dispensasjon frå søknadsfristen.

  • Avløysaren må vere 15 år eller eldre, kan ikkje har næringsinntekt frå føretaket, eller vere ektefelle/sambuar til nokon som har næringsinntekt frå føretaket.

  • Godkjende arbeidsoppgåver for avløysaren er slik som bonden sjølv typisk gjer, som dagleg husdyrstell, onnearbeid, enkelt vedlikehaldsarbeid m.m.

  • Litt meir om når ein kan søke om tilskot ved avløysingsårsak svangerskap og fødsel m.m.:

    • Den avløyste er gravid og tek i mot svangerskapspengar, eller kan dokumentere med vedtak/erklæring frå NAV at personen fyller dei medisinske krava for rett til svangerskapspengar

    • Den avløyste tek i mot foreldrepengar eller har fått eingongsstønad

    • Den avløyste har dagleg omsorg for eit barn og kan dokumentere med

      • avslag eller erklæring frå NAV at personen ikkje får foreldrepengar fordi krav til opptening ikkje er oppfylt, og

      • attest frå Folkeregisteret at den avløyste er registrert som far eller medmor til barnet og bur saman med barnet

    • I samband med fødsel kan føretaket få tilskot til avløysing av far inntil i 14 dagar dersom han bur saman med mor, og føretaket ikkje tek i mot tilskot for avløysing for mor i desse dagane.

    • I samband med adopsjon eller overtaking av omsorg kan føretaket få tilskot til avløysing av ein av foreldra inntil i 14 dagar.

  • Dersom du har spørsmål, ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen din.

  • Les meir om ordninga her: landbruksdirektoratet. no/nb – søk på Tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel