Intervjuer/Reportasjer

Stordal samdrift lukkast med bevisst avlsstrategi

Samdrifta var tidleg ute med å genotype kvigene, og heile buskapen er i dag testa. Dermed er buskapen også ekstra interessant for Geno å få eksteriørvurdert kyr i. Med årlege eksteriørvurderingsrunder kjenner eg difor buskapen godt og dette vert utnytta i avlsrådgivinga.

Tekst og foto:
Trond Skeide

Fagrådgjevar Avl- og produksjonsstyring i Tine Rådgiving

Stordal samdrift, Fjord kommune i Møre og Romsdal

  • Per Ivar Skodjereite, Jon Geir og Bente Selboskar

  • 570 000 liter i kvote

  • Avdrått på ca. 10 000 kg EKM

  • 60 årskyr

  • Full framfôring av oksar, middel slaktetilvekst 660 gram./dag.

  • Vinnar av grovfôrkampen 2018

Aktuelle for bevisst avlsstrategi som gir resultat





Fjøset ligg 20 meter over havet, men høge fjell sørgjer for å halde sola vekke i nesten 5 månadar!

Medlemmane i Stordal samdrift er i utgangspunktet ikkje så avlsinterreserte, og har difor valt å nytte avlsrådgjevar for å sikre god utvikling av buskapen. Med genotypinga av dyr vart me einige om å starte opp med bruksdyrkryssing og bruk av REDX, for både å redusere og betre kvigepåsettet. Dette starta forsiktig vinteren 2018-19, og har auka jamnt fram til i dag. Med betra kvalitet på REDX har tilslaget vore svært bra, og dei opplever no mindre forskjell mot ordinær sædtype. FS-talet ligg rundt 75 og kalvingsintervallet 11,5 månader siste 3 år. Dette er svært gode tal med tanke på ein god del bruk av kjønnsseparert sæd, både av NRF og kjøttfe.

«Målet i dag er å nytte rundt 1/3 REDX på dei beste avlsdyra»

Eigen behaldar, men ikkje eigeninseminering

Per Ivar Skodjereite i Stordal samdrift set pris på godt lynne på dyra.

Representant for ungkyrne; 2.kalvsku etter 12027 Storflor, med avlsverdi 32 og mjølkeindeks 133. Kua har ei inseminering pr. drektigheit og nyleg drektig med VR 24076 Floss P.

Dersom eit dyr får sitt andre omløp, går dei over til ordinær sædtype, for betre å sikre drektigheit. Med mange forskjellige veterinærar og sædbehaldarar i området var det krevjande å få okse og sædtype som oppsett i planen. Dei har difor anskaffa seg eigen sædbehaldar for eigne dosar av REDX og Beef-Y. I dag er det ikkje aktuelt å byrje med eigeninseminering, dei vektlegg heller å oppretthalde grunnlaget for veterinærane i området.

Avlsstrategien

Målet i dag er å nytte rundt 1/3 REDX på dei beste avlsdyra, 1/3 kjøttfesæd på dei svakaste avlsdyra og ordinær sæd av NRF på delen i mellom. Denne siste delen ynskjer dei å redusere ytterlegare.

Av kjøttfe nyttar dei mest Charolais, litt Limousin, medan det på kviger med låg GS-verdi vert nytta Angus. For å auke produksjonen av sommarmjølk vert det nytta noko meir REDX på dyr som gir kalving frå mars og ut på sommaren, og tilsvarande meir med kjøtfe som gir kalving frå seinhausten.

Viking Rød vert nytta ein god del, litt useparert, men no mest kjønnsseparert. Dette er å føretrekke, då rasa er tydeleg mindre kjøttsett enn NRF. Derimot er det sterke eigenskapar på jur og bein, samt ei lettare bygd ku som er poenget her. Eit stort pluss er også at ein får inn «nytt blod» og at avkoma beheld indeksane og NRF som rase, og difor enklare å avlsplanlegge.

Figur 1. Utvikling i avlsverdi i Stordal samdrift samanlikna med landet.

Figur 2. Avlsverdi jur i Stordal samdrift samanlikna med landet.

Figur 3. Avlsverdi bein i Stordal samdrift samanlikna med landet.

27 i middel på årets kviger

Etter at samdrifta starta opp med kjøttfe og REDX syner nivået på kvigene ein solid framgang. Til dømes syner kvigene fødde hittil i år ein middel avlsverdi på 27 mot landsmiddelet 16!

Vidare er utviklinga tilsvarande på jur og bein. Det er ikkje spesiell fokus på mjølk, utanom at ein ynskjer å prioritere eit høgt tørrstoffinnhald. Dei opplever at mjølkemengda er høg nok, og at det å få meir haldbare kyr er viktigare, og at buskapsavdråtten aukar med høgare levealder på kyrne. Derimot vert svake oksar på mjølk, med dårleg fôreffektivitet nedprioritert, medan til dømes betre jurfester og bein er prioritert. Med eit årsvolum gjennom roboten på kring 600 000 liter er også utmjølkingshastigheit viktig.

«redusere utskiftingsprosenten av kyrne til under 30»

Må ha ein bevisst avlsstrategi

Figurane fortel sitt om den genetiske utviklinga i besetninga. Dette er vanskeleg å oppnå utan ein bevisst avlsstrategi, der ein i mindre grad opplever stadige tilbakefall i avlen ved å få oksekalv etter gromkua/-kviga, eller motsett, at ein får NRF-kviger etter middelmådige/svakare mødrer. Erfaringa med bruksdyrkryssing og REDX for Stordal samdrift er difor god og noko dei vil fortsette å spisse endå meir framover. Dei ser rom for å senke kvigepåsettet ytterlegare, men at det også er viktig å styre dette gjennom året, for best mogleg dyreflyt. Målsettinga er å redusere utskiftingsprosenten av kyrne til under 30.

Kjøttproduksjon

Charolais er den føretrekte kjøttrasa i Stordal samdrift, dei er svært fornøgde med både lynne, tilvekst og kapasitet på krysningane, og har opplevd lite kalvingsvanskar. Krysnings-oksane bidreg difor med solide resultat på snittet av dei ca. 35 oksane som vert slakta årleg. Dette syner 660 gram slaktevekttilvekst pr. dag, 15 månader slaktealder og rundt 335 kg slaktevekt, med 3- på feitt.

Av dei 13 oksane som slakta seg i gruppe R var det 8 charolaiskrysningar. Det syner også at enkelte NRF-oksar kan oppnå svært gode tilvekstar og klasse, men varierer meir. Beste charolaiskrysning som er slakta til no var 12 månader, 351 kg, klasse R og slaktevekttilvekst 904 gram pr. dag!

For å ta ut effekta av avlsarbeidet er dei også bevisste på at ei optimal fôring og drift er nødvendig, og har difor tett oppfølging av fôringsrådgjevar Bozena Farstad frå Tine.