Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Ekstraspenar

Fleire har kanskje oppdaga at ei kvige står med fleire enn fire spenar etter at ho har kalva. Viss plasseringa er langt frå hovudspenane, har det liten betydning, men står det ein ekstraspene tett ved sida av eller mellom to spenar som skal mjølkast, kan det by på utfordringar.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

Her er eit typisk eksempel på eit jur som kan by på problem med mjølking seinare i livet. Her ser me tre spenar på rad på venstre jurhalvdel. Spenen i midten fjerna eg heilt enkelt samstundes med avhorning av kalven, og denne behandlinga vart rapportert inn til Kukontrollen.

Eg meiner at slike ekstraspenar bør takast vekk, og det kan med fordel gjerast medan kvigekalven er liten.

Lag rutine for å sjekka jur

Mange plassar er det blitt ein rutine at eg fjernar eventuelle ekstraspenar samstundes med avhorning. Eg anbefaler at bøndene ser over jura på kvigekalvane samstundes som dei sjekkar for horn, eller at me går over og tel spenar ved avhorning.

Lite inngrep

Viss kalven har ekstraspenar som kan by på problem ved mjølking seinare i livet, er det svært lett å ta dei bort medan kalven er liten. Kalven vert bedøvt, og så berre klipper eg av spenen med ei saks. Dette er gjort på nokre sekund, og såret er så lite at det ikkje blør eingong. Når eg gjer dette, rapporterer eg dette i dyrehelseportalen slik at det kjem inn til Kukontrollen. Fjerning av ekstraspene har eigen kode på helsekortet (kode 302).

Eg har også fjerna ekstraspenar på kviger etter at dei har kalva. Dette er mykje meir krevjande både for kviga, bonden og meg enn å gjera det når kvigekalven er liten.