Helse/Fruktbarhet/Dyrevelferd

Få kalv i kua – del 3

Vitamin og mineral

Nokre mineral og vitamin er sentrale for god fruktbarheit.

Rannveig Farestveit

Veterinær i Geno

E-vitamin, blir brote ned av sollys og høy kan difor ha svært låge nivå av E-vitamin.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Ulike mineral vil i ulike mengder vera nødvendig for at kroppens prosessar skal gå som dei skal. Mikromineral er mineral ein treng mindre mengder av. Eksempel på slike er selen (Se) og kopar (Cu). Makromineral er mineral som ein treng større mengder av. Eksempel på slike er kalsium (Ca) og magnesium (Mg). Mineralnivåa hjå eit individ vil variera, og er ikkje noko statisk tilstand. Både fôropptak, vomfunksjon, stressnivå, årstid, alder, laktasjonsstadium og eventuell sjukdomstilstand er eksempel på faktorar som kan påverka dette. Når det gjeld mineralstatus sin påverknad på fruktbarheita vil særleg mangel på selen (Se), jod (I), kopar (Cu) og kobolt (Co) verka negativt inn. Ulike stadar i landet vil kunne ha ulik jordsmonn, og såleis også forskjellige mineralutfordringar.

A-, D- og E-vitamin er sentral for god fruktbarheit

Saltslikkestein.

Foto: Rannveig Farestveit

Mineraltilskot kan verta gjeve som bolus som vert lagt ned i vomma.

Når det gjeld vitamin har storfe og andre drøvtyggjarar mindre behov for vitamin i fôret enn menneske og einmaga dyr. Dette skuldast at ein del vitamin vert laga av mikrobane i vomma. Mellom anna B-vitamin. Somme vitamin kan det likevel verta for lite av også for drøvtyggjarane. Dette gjeld til dømes A-, D- og E-vitamin. Desse tre vitamina er alle sentrale for god fruktbarheit. Beite og grovfôr vil oftast gje nok tilførsel av A- og D-vitamin. D-vitamin vert også laga i huda ved sollys, så eventuell mangel er mest vanleg i innefôringsperioden. Når det gjeld E-vitamin, blir dette brote ned av sollys. Høy kan difor ha svært låge nivå av E-vitamin. Det same ser ein i rundballefôr. Mangel på E-vitamin kan såleis verta eit problem på vinter, vår og sommar ved bruk av overvintra fôr.

Tilskot til dyr som får lite kraftfôr

Mjølkekyr som står på høge kraftfôrnivå i rasjonen, vil gjerne vera dekka for vitamin og mineral fordi det er tilsett i kommersielt kraftfôr. Dyr som treng ekstra tilskot vil i hovudsak vera lågtytande kyr som står på kraftfôrrasjonar under 3–4 kilo dagleg, ammekyr, kviger og sinkyr. Ein bør også ha dette i bakhovudet om ein fôrar mjølkekyrne sine med stor andel alternativt fôr som brød, potet, mask og drank.

Blodprøver best svar på kva mineraltilskot ein skal gje

Grovfôranalysar kan vera med å indikera om det er behov for mineraltilskot til dyra. Ein blodprøve direkte av dyra er likevel å føretrekka fordi både fôropptaket, tilgjengelegheita og absorpsjonen av mineral vil kunne variera. Ein kan ta kontakt med veterinær dersom ein ynskjer prøvetaking, og få hjelp til å vurdera kva dyr som skal takast prøve av. Med resultat frå slike prøvar er det lettare å vita kva mineraltilskot ein skal gje dyra. Tilskotet kan gjevast i form av mineralblandingar, slikkesteinar eller bolus som leggjast ned i vom/nettmage og frigjer mineral over ei viss tid. Det er viktig å merka seg at for mykje mineral, til dømes av selen og kopar, kan gje forgifting hjå storfe. Ein skal difor vera forsiktig med å gje fleire typar tilskot samstundes.