Forskjellig
Ny dagbokforfatter

Dagbok fra Melsomkyra

Ei reise på 20 år

For snart 20 år si begynte mannen min og eg på ei reise. Med tre ungar frå 1-4 år flytta me frå Ulefoss for å bli bøndar på Melsom VGS (naturbruksskule).

Tekst og foto:
Kari Lise J. Dybo

Melkeprodusent

kari.dybo@gmail.com

Gode dagar.

Melsom hadde valgt å forpakte vekk mjølkedrifta med det arealet me trong til grovfôrproduksjonen. Tanken vår var å bruke dei neste 10 åra på å bygge egenkapital nok til å kjøpe egen gard.

Landbruksutveksling til australia

Vår reise inn i landbruksnæringa begynda med landbruksutveksling til Australia. I 1997 var eg ferdig med vidaregåande. Ein ting var eg heilt sikker på akkurat då, og det var at eg ikkje skulle studere. Ennå. Eg ville arbeide, og Australia hadde eg alltid hatt interesse for. Landbruksutveksling høyrdes ut som ein fin måte å få både arbeidserfaring og bli kjent med den lokale kulturen på. Etter ein månads tid fekk eg ein telefon. I andre enden høyrde eg stemma til ein gut frå Åsgårdstrand. Han lura på om eg ville møtast på puben. Og det var det. Tre år seinare gifta me oss.

Båsfjos fra 1936

Fjoset på Melsom var eit båsfjos frå 1936 med ei lett oppgradering tidleg på åttitalet. Her var det plass til 60 kyr pluss bingar til kalv og ungdyr. Litt overveldande for ei jente frå Fyresdal i Vest-Telemark der bestmor hadde seks kyr på bås. Heldigvis var det bare halv besetning og litt lettare å forhalde seg til. Dei neste tre åra fekk me to ungar til. Me fylte opp fjoset. Fekk oss ein liten kjøttfebesetning, og overtok etterkvart all jorda på Melsom; 900 dekar jord. Jaudå, læringskurven var bratt for både store og små.

«kalvehelsa skulle vise seg å vere ei (ny) utfordring»

Mykje å ta tak i

Livet som småbarnsforeldre og mjølkebøndar gjekk seg etterkvart til og blei til kvardag. Elevane på Melsom VGS skulle ha praksisøvelsar i fjoset på det som nå var våre dyr. Naturbrukslæraren tok delar av morgostellet med elevane og samarbeidet fann si form. 16-19-åringar var faktisk litt skumle. Eg var ikkje så mange åra eldre, og eg hadde egentleg nok med å finne gode rutiner og ta til meg kunnskap. Mjølka og stelt fjos hadde eg jau gjort før, men det var som avløysar og då ser ein bare enkeltdetaljar. Ein får ikkje innblikk i, eller heilhetsforståelse for kompleksiteten. Dagane rusla og gjekk. Dei blei fullare og fullare. Kalvar blei født, kalvar daua. Kviger blei til kyr, og kyr blei slakta. Og celletalet på samlemjølka levde sitt eget liv! Dyrematerialet på Melsom var noke rufsete. Dei hadde bruka gardsstut, og ikkje brukt så mykje tid på å sete opp ein god avlsplan. I tillegg var det bygningsmessige utfordringar knytta til dyrehelsa. Blant anna for stutte båsar. Jura lag på rista over gjødselrenna. Så; kvar skal ein begynne? Alle faktorar var like viktige, men celletalet var vel det ein lettast såg økonomisk konsekvens av. Jurbetennelsar, kyr på spann og mjølk i gjødselkjellaren. Noken gonger hadde ein bare lyst til å snu i døra.

Utfordringar med celletalet

Kiving over godsakene.

Etter ein vår med store utfordringar vedrørande celletal og jurhelse tikka det inn ei melding frå Tine; 420 000 i celletal... Eg hadde lyst til å slenge telefonen i veggen! Men eg gjorde det ikkje. Telefonen kan jau brukast konstruktivt. Ringa rådgjevaren. Svaret var at «ja, da må dere schalme alle dyra morgen og kveld ei stund». Då hadde me ca. 45 som mjølka. Var veldig klar for det ja. Men var det ein måte å prøve å få bedre oversikt over dyra, og kanskje finne eit par synderar, så fekk me gjere det. Me fekk låne ei maskin som tok celletalsprøver; DCC. Me testa alle kyr. Ingen nykalva gjekk på tanken før testen var godkjent. Me testa tankmjølka og sendte enkeltspeneprøver. Celletalet blei ikkje heilt bra, men me haldt oss under grensa. Samtidig meldte me oss inn i Storfehelsetjenesten og fekk på det viset ein sparringspartnar med veterinærutdannelse. Eit samarbeid, og etterkvart eit vennskap, me lærte å verdsete høgt. I dag kjem denne veterinæren på månadlege besøk der temaet er jurhelse, kalvehelse og fruktbarhet.

Kalvehelsa ei ny utfordring

Og nettopp kalvehelsa skulle vise seg å vere ei (ny) utfordring. Etterkvart som fjoset fyltes opp opplevde me stadig oftare sjuke kalvar. Spesielt diaré. Me blei fortalt at kalvane kun skulle få vatn med elektrolytt i ved diaré. Noke me bare ikkje kunne skjønne. For det var vel ikkje mjølka dei fekk diaré av? Det var vel heller virus og bakteriar? Og når mjølka gjekk fort igjennom kalven var det vel viktigt at det lille dei klara å halde på var næringsrikt?

Kalvane ut av fjoset

Nytt liv i nytt fjos.

Kalvane stod i enkeltboksar midt i fjoset. Så dei var ikkje utsett for trekk. Deretter blei dei flytta inn i spaltebingar. Det lika me egentleg dårlegt. Små kalvar på kald betongspalt med gjødseltrekk under. Vinterstid hendte det at gjødseltrekket frøys fast. Med det som resultat at det bygde seg opp med myk oppå spalten. Det var så mykje trivelegare med kalv på halm. Løysinga vår blei å slå sammen to bingar og ha halm i den eine. I tillegg sette me inn ein kalvefôringsautomat. Håpet var at mindre mengde mjølk i gonga, og oftare, ville vere gunstigt for ein liten kalvemage. Det gjekk bedre. Ei stund. Så var det på ann igjen. Diaré og etterkvart hoste. Veterinæren ymta frampå om at kalvane kanskje skulle ut av fjoset. Den høge luftfuktigheten og dyretettheten gav god grobotn for ymse bakteriar. Me forstod kva ho sa, men såg ikkje heilt korleis me skulle løyse det. Forpakterar som me var. Heldigvis for oss hadde noken mjølkebøndar i nærheten erfart det same. Kalven måtte ut. Dei hadde kjøpt kalvehytter med garde framom, og hadde god erfaring med det. Vårt spørsmål då var kvar me skulle sete hyttene. Eg hadde ikkje lyst til å stå ute i all slags vær og fôre kalv. Ikkje hadde eg lyst til å ha kalven ute i all slags vær heller. Med ei stor løe, og kjøyrbart betongdekke, kom kalvane innunder tak. Dei minste stod to og to i ca. fire vekar. Deretter laga me til halm/ tallegardar av lettgrindar. Her stod dei fram til 4-5 månadars alder. Dette var ei god løysing for oss, og me fekk bukt med den store sjukdomsproblematikken. Heilt kvitt det var me ikkje, men kalvane og stellet blei trivelegare. I nyfjoset som kom ca. 10 år etter me starta, fekk kalvane ein heilt egen avdeling. Ljost, luftigt, uten trekk, og på talle.

Eit stell kvar om dagen ble ei god løysing

Mange ting skal lærast, og system og rutiner skal på plass. Diskusjonane gjekk til tider høgt. Å finne sin plass i eit samliv kan vere krevande nok. Når ein i tillegg skal dele arbeidsplassen, har ein nok ei kilde for diskusjonar. Med graviditetar, babyar og etterkvart fem småungar med sju års mellomrom, var det mange av dagens rutinar som gav seg sjølv. Men ei rutine laga me heilt frå starten av. Dersom me skulle kunne ha gode diskusjonar om fjosdrifta var det viktigt for oss at me hadde eit stell kvar om dagen. Ved å bytte morgo og kveld annakvar dag fekk me begge tid med ungane. Ei rutine som ennå er ei rutine.