HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Frå dyrlegens kvardag

Spenetrakk

Med jevne mellomrom vert eg kontakta av bønder som har kyr med speneskade. Som oftast rår eg dei til å setja bort spenen, spraya såret med sårsprayen Repiderma og prøva å ha det så reint og tørt i båsen der kua skal liggja.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Her ser me at venstre bakspene har fått seg eit skikkeleg trakk. Bonden har det reint og tørt i båsen, og spenen vert spraya med Repiderma sårspray. Denne spenen er sett bort resten av denne laktasjonen.

Dei fleste som driv med mjølkeproduksjon opplever spenetrakk frå tid til anna, og nokre fjøsar er meir plaga av dette enn andre. Faktorar som disponerer for at kyr trakkar seg på spenar, er til dømes side jur, mangelfullt klauvstell, trange og/ eller glatte liggjebåsar, lusangrep som gjer at kyrne klør eller kutrenar med feil innstilling. I samband med mjølkefeber der kua har dårleg balanse, kan det også lett oppstå spenetrakk.

Set bort spenen

Når skaden fyrst har skjedd, lyt ein gjera det beste ut av situasjonen. Mitt råd til bønder som ringer om at kyr har trakka seg, er ofte å ikkje mjølka spenen meir, men setja den bort resten av laktasjonsperioden. Det er ofte veldig vondt for kua å bli mjølka på skada spene, i tillegg er det «styr» for bonden fordi kua ofte sparkar, så eg synest det er best for både ku og bonde å setja bort slike spenar. I nokre tilfelle kan skaden vera så stor eller andre vurderingar gjer at nødslakt vert eit reelt alternativ.

Sårstell saman med rein og tørr liggeplass

Ein skada spene er meir utsett for å få jurbetennelse enn ein frisk spene, og viss det vert jurbetennelse etter ei stund, får ein behandla denne når den tid kjem. Eg behandlar ikkje desse på førehand med antibiotika, men viss eg er på plassen, gir eg gjerne ei sprøyte smertestillande utan tilbakehaldingsfrist på mjølk. Sårsprayen Repiderma har eg god erfaring med, og denne vert ofte brukt til å spraya på såret morgon og kveld til såret har tørka inn. Viss såret er tilgrisa, må ein vaska såret med til dømes lunka vatn før ein sprayer på sårspray. I tillegg er det viktig at liggjebåsen er så rein og tørr som råd for å minimera risikoen for jurbetennelse. Når det gjeld bandasjering, har eg gått meir bort frå det viss miljøet der kua ligg er reint og tørt.

Eg synest at såret ofte gror fortare når såret får luft, men her er det rom for å gjera det ein synest er best. Viss ein bandasjerer, må ein byta bandasje morgon og kveld så lenge såret er fuktig. Viss det ser ut som kua har vondt, skriv eg også ut resept på Dolovet som er smertestillande medisin bonden gir sjølv utan tilbakhalding av mjølk og kun ein dag tilbakehalding av slakt.