HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Den livsviktige råmjølka

Det er mykje mas om råmjølk til speddyr frå oss fagfolk. Her er det enda ein artikkel med litt oppsummering av det vi veit frå før og forhåpentlegvis noko nytt.

Randi Therese Garmo

Veterinær/Spesialrådgiver i Tine

Råmjølk så raskt som råd etter fødsel og i alle fall innan 2 timar!

Kalven er født totalt utan immunforsvar i likheit med andre drøvtyggarar, føll og spegris. Grunnen er ganske enkel. Det er seks lag i morkaka (placenta) mellom foster og mordyr som gjer at ikkje eit einaste immunglobulin (antistoff) i blodet frå mora er i stand til å trenge igjennom til fosteret. Altså er desse dyreartane heilt avhenging av passiv immunitet i form av immunglobulin frå råmjølk, medan immunforsvaret klargjer seg for erfaring med diverse bakteriar, virus og endatil parasittar og dermed igangsetting av aktiv immunitet. Råmjølka er full av næringsstoff med 1,9 gonger høgare tørrstoffinnhald, 4,5 gonger meir protein, 1,7 gonger meir feitt, meir vitamin og mineral og høgare celletall (ikkje i betydning mastitt) enn vanleg heilmjølk.

Råmjølk til kalven så raskt som råd!

Det har tidlegare vore råda til at kalven skal få i seg råmjølk innan seks timar etter fødsel. Denne anbefalinga har ein gått bort i frå. Gjeldande er så raskt som råd og innan to timar. Ikkje så rart kanskje når kvar og ein av oss som har sett på ei kalving, lamming eller følling veit at speddyret har eit mål, og det er å komme seg opp og finne juret og få i seg mjølk. Kalven er født med lite energi og berre 3 prosent av kroppsvekta er feitt. Den energien han har blir brukt til å finne maten kjapt. I tilfelle der mor og kalv er saman, er det viktig at ein er sikker på at kalven får i seg råmjølk raskt og har god appetitt. Det er uansett smart å gje råmjølk frå flaske så raskt som muleg etter fødsel for å vera sikker.

Ulike immunglobulin i mjølk

Produksjonen av råmjølk startar i juret 3-5 veker før kalving, er på topp 1-3 dagar før kalving og fortsett inn til kalvinga er i gang. Immunglogbulin G (IgG) er det dominerande immunglobulinet i råmjølka og viktigast for passiv immunitet. I tillegg finn ein IgA, litt IgM og så vidt IgE. Halveringstida for IgG er beskrive frå 19-29 dagar i ulike studiar.

Opptak av IgG

Portane i tarmen som slepper IgG gjennom til blodet startar lukkinga 12 timar etter fødsel og er heilt lukka innan 1 døgn. Absorpsjons- effektiviteten av IgG er avhengig av tid frå fødsel til inntak av råmjølk, fôringsmetode (suging, flaske, sonde), kjønn, vekt og hydreringsstatus som har betydning for plasmavolum i kalven. Forsinka råmjølkstildeling på 6 eller 12 timar i motsetning til like etter fødsel, kan påvirke tarmpermeabiliteten og redusere absorpsjonseffektiviteten i tarmen og dermed redusert opptak av IgG. Kvalitet og mengde av råmjølk er viktig for god absorpsjon i tarmen. Den totale mengda av immunglobulin frå råmjølka som kjem over til blodet er angitt å vera 20-35 prosent sjølv med råmjølk av god kvalitet. I tillegg er det vist at absorpsjonseffektiviteten blir redusert ettersom tid frå fødsel til råmjølkfôring aukar, med 30,5 prosent like etter fødsel til 15,5 prosent når det går meir enn 12 timer frå fødsel.

Tabell 1. IgG-konsentrasjon i blodet [g/L], Total protein [g/dL], prosent på Brix-kolostrometer, og mål på IgG-verdiar kalvane i besetninga bør ligge på, etter Lombard et al. (2020).

Kategori

Serum IgG [g/L]

Totalprotein [g/dl]

Brix

Mål prosent av kalvane

Utmerket

≥ 25,0

≥ 6,2

≥ 9,4

≥ 40

God

18,0-24,9

5,8-6,1

8,9-9,3

~ 30

Tilstrekkeleg

10,0-17,9

5,1-5,7

8,1-8,8

~ 20

Dårleg

< 10,0

< 5,1

< 8,1

< 10

Tabell 2. Måling av IgG på Brix refraktometer og vurdering av råmjølka.

Måling

IgG

Vurdering

> 24

> 50 g/L

Meget god råmjølk

20-24

30-50 g/L

Middels god råmjølk

< 20

< 30 g/L

Dårleg råmjølk

Kor mykje IgG treng kalven?

Den nye standarden for kva IgGnivå kalvane bør ligge på er vist i tabell 1. Suksess på passiv immunitet hjå kalven har i mange år vore definert som over 10 mg/ ml (10 g/dl) i serum, målt når kalven er minst 1 døgn gammal. Dette har blitt justert dei siste åra til minst 15 mg/ml da kalvar på dette nivået og høgare har mindre sannsynlegheit for å bli sjuke eller dø samanlikna med den gamle terskelverdien på 10 mg/ml. Om du har større utfordringar med kalvehelsa, er dette ein smart måte å kartlegge situasjonen på. Brix refraktometer kan brukast til å fastslå innhaldet av IgG i serum (tabell 1) attåt måling av råmjølk (tabell 2). Ei praktisk løysing kan vera at veterinær tek blodprøve av kalvar som er eldre enn 1 døgn og yngre enn 7-8 dagar. Eigar les av prøvene når dei raude blodcellene har skilt seg frå serum, altså lys væske øvst i røret. Ein kan da få enkel oversikt hjå kalvane på opptak av IgG og dermed passiv immunitet. Sjå tabell 1 for kva verdiar kalvane i di besetning bør ha når ein sjekkar fleire kalvar. Ein må au hugse på at om ikkje miljøfaktorane ligg til rette for godt kalveoppdrett, så blir kalven sjuk uavhengig av IgG- nivå i serum. Internasjonalt er det rapportert at eitt nytt måltid med råmjølk 5-6 timar etter fødsel gir mindre sjukdom og auker dagleg tilvekst før avvenning.

Mastittlaben tek au i mot serum før kalven er 7 dagar gammal eller råmjølk for analyse: https://medlem.tine.no/tjenester/igg-immunoglbuliner-i-melk-og-blod

Utrekning av IgG-opptak hjå kalven

Brix refraktometer til måling av råmjølk og serum frå kalv, sjå tabell 1 og 2 for tolkning av verdiar. Hugs godt reinhald og kalibrering etter anvisning.

Hjå ein kalv som får 100 gram IgG i råmjølka og har høgaste verdi på absorpsjon som er 35 prosent, vil IgG i serum bli 9,7 mg/ml som er under grensa for det som er akseptabelt (Quigley et al., 2002). Utifrå denne kalkuleringa er det anbefalt 150-200 gram IgG for at kalven skal få god nok passiv immunitet. Da seier det seg sjølv, at ein bør sjekke råmjølka med eit refraktometer. Ved råmjølk med IgG < 30 g/l målt på refraktometer (sjå tabell 2), så må kalven drikke minst 6 liter av denne mjølka for å få god nok passiv immunitet. Altså, gje råmjølk så raskt som råd og etter appetitt til kalven og tilby neste måltid innan 6 timar etter fødsel. Det er ein fordel for kalven å få noko råmjølk frå mor da det er komponentar i mora si råmjølk som au verkar inn på smittebeskyttelse.

Utmjølka råmjølk, oppbevaring og bakterievekst

IgG-innhaldet i råmjølka reduserast raskt slik at 1.mjølking etter kalving bør skje så raskt som råd og innan 2 timar. Denne mjølka bør fôrast opp da neste mål med mjølk har mykje lågare IgG- innhald. IgG er vist å vera redusert ved mjølking 6, 10 og 14 timar etter kalving. God kvalitet på råmjølka er gjeve til å ha IgG over 50mg/ml (tabell 2), bakteriar < 100 000 cfu/ml derav koliforme lågare enn 10 000 cfu/ml.

Bakterieveksten i råmjølk er tilnærma fantastisk om forholda ligg til rette for det. Dette er sjølvsagt ikkje til fordel for kalven, og difor bør råmjølk lagrast kjøleg og frysast om det er planer om lagring over 1 døgn. Om råmjølk ikkje blir gjeve innan to timar etter mjølking bør ho i kjøleskåp. Det er vist at varmebehandling kan auke IgG-opptak og redusere bakterievekst. Men oppvarminga bør ikkje vera over 60°C og ikkje lenger enn 30 eller 60 minutt for å unngå skadar på immunglobulin og halde kontroll på bakterievekst. Råmjølka skal deretter ikkje stå i vannbad og «godgjera» seg. I fryst tilstand held råmjølka seg i 12 månader.

Bruk av råmjølkserstatning

Råmjølkserstatning er kun tenkt brukt i nødstilfelle der mora ikkje har råmjølk og ein ikkje har råmjølk frå anna ku eller i frysaren. Ein kan få kalven opp på eit akseptabelt nivå for passiv immunitet, men samtidig har han ikkje den beste beskyttelsen mot mikrobar i nærmiljøet som han ville fått ved råmjølk frå eiga mor eller anna ku i besetninga.

Fôring med råmjølk og overgangsmjølk (transition milk)

Internasjonalt er det dei siste åra gjort ein del forsking på bruk av råmjølk vidare utover dag 1 til kalvar. Dette blir kalla «transition milk» og er mjølka frå mjølking nr. 2 til 6 etter kalving. I Norge brukar nok dei fleste opp råmjølka dei første dagane til kalven. Men forskinga syner at kalvar som får transition milk attåt «milk replacer » har betre celleutvikling i tarmen og lågare dødlegheitsrate. Det er altså ingen grunn til å ikkje gje råmjølk i heile råmjølksperioden. Sjølv om tarmportane er lukka, så er råmjølka næringsrik og ho inneheld ein god del immunglobulin som virkar lokalt i tarmen.

Råmjølk til behandling

Fryst held råmjølka seg i 12 månader og for større besetningar kan det vera aktuelt å investere i eige utstyr for frysing og tining av råmjølk

Det er au prøvd ut råmjølk til behandling av diare. Det blei konkludert med at kalvane som fekk tørka råmjølkeerstattar kom seg raskare, samanlikna med kalvane som berre fekk sitt vanlege fôringsopplegg. I tillegg voks kalvane betre med 98 g/dag. Kor vidt ein skal anbefale eit slikt opplegg i Norge kan nok diskuterast, men i besetningar med diareproblematikk kan det nok testast ut. Eventuell nedfryst råmjølk frå eiga besetning kan vera aktuelt.

Råmjølk til barn med diare

Til slutt, som ein liten kuriositet, kan det nemnast eit egyptisk forsøk med råmjølk til barn med akutt diare i felt. Det viste seg at gruppa med barn som fekk råmjølk frå ku hadde lågare hyppigheit av oppkast, diare og Vesikari-scoring samanlikna med placebogruppa uavhengig av om årsak til diare var rotavirus eller E.coli. Det blei konkludert med at råmjølk var effektivt til behandling av akutt diare årsaka av virus eller bakterie og til å forhindre komplikasjonar frå diare.

Mykje av infoen i artikkelen er henta frå følgande oversiktsartikkel i Journal of Dairy Science 2022:The importance of colostrum in the newborn dairy calf by Lopez and Heinrichs https://www.journalofdairyscience.org/article/S0022-0302(22)00037-6/fulltext