Fôring

Kor mykje grovfôr et norske mjølkekyr?

Mjølkonomi-tala for fôr er mykje sikrare enn kukontroll-tala som inneheld mange feilkjelder.

Åse M. Flittie Anderssen

Fagspesialist Tine Rådgiving

ase.anderssen@tine.no

Surfôr med høg fordøyelegheit gjev høve til å spare mykje kraftfôr, men da treng kua også 20 prosent meir grovfôr enn av surfôr med låg fordøyelegheit.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Ifylgje Mjølkonomi-statistikken i 2015 åt kyr i konvensjonell drift 62 MJ og dei økologiske 68 MJ grovfôr per ku og dag (1 FEm ≈ 7,075 MJ). Tala inneheld alle raser. Variasjonen er veldig stor. Dei 10 prosent beste buskapane hadde 74 MJ grovfôr per ku og dag, medan dei 10 prosent lågaste hadde 53-54 MJ. Spesielt i gode grovfôrår bør det vera eit mål å få i kyrne mest mogleg grovfôr og heller spare kraftfôr. I denne artikkelen skal vi sjå på kva som påvirkar opptaket, og ei enkel økonomiske vurdering. I Kukontrollen bereknar vi «MJ utanom kraftfôr». Dersom det ikkje blir gjeve «anna fôr» som for eksempel mask og potet vil dette også dreie seg om reint grovfôroppptak. Kukontroll-berekninga har vesentlege feilkjelder som det er viktig å vera klar over. Mjølkonomitala er mykje sikrare.

Berekning av grovfôropptak og feilkjelder

Prinsippet for utrekninga i Mjølkonomi er slik: Energiforbruk totalt ut frå kyrne sin produksjon – energi frå tildelt kraftfôr og eventuelt «anna fôr» = energiopptak frå grovfôr. Så dividerer vi dette med antal fôrdagar. Energiforbruket blir korrigert i forhold til fett- og proteinprosent i tankmjølka, slik at eventuell feil uttak av mjølkeprøver ikkje påvirkar resultatet. Vi tek også omsyn til oppgjeve bruk av tankmjølk til kalvane. Det er konsekvent rekna med to prosent svinn hjå alle – for eksempel husholdningsmjølk og uttømt antibiotikamjølk. Kraftfôrmengda oppgjeve i Kukontrollen stemmer ikkje alltid med faktisk forbruk pluss/minus lagerendring, og i Mjølkonomi korrigerer vi for avvik. Grovfôropptak i Mjølkonomi gjev derfor ganske sikre tal. Ei feilkjelde er at vi ikkje veit vekta på kvar enkelt ku, men vi tek omsyn til brystmålingar og slaktevekter i buskapen. Feilkjelda er derfor neppe stor.

Vi kan få berekna lågt grovfôropptak feilaktig dersom kyrne får ein ubalansert rasjon, og dermed har dårleg fôrutnytting. Det same gjeld dersom kyrne blir feite. Uansett får vi iallfall fram at fôringa ikkje er optimal.

Tal frå ein buskap

I tabell 1 er vist nokre resultat frå Mjølkonomi og Kukontrollen i ein buskap i 2015 for å illustrere feilkjelder i kukontroll (KK)-tala. Mjølkonomi viser 55 MJ og KK 73 MJ per ku og dag. Kyrne får berre surfôr og kraftfôr. Avdråtten i buskapen var 7 648 kg mjølk per årsku. Rekna ut frå KK-analysene tilsvarar det 9 150 kg EKM, medan det ut frå tankanalysene blir 8 093 kg EKM. Derfor blir det berekna for høgt totalt energiforbruk og dermed også for høgt grovfôropptak i Kukontrollen. I same retning dreg det at kyrne reelt har ete seks prosent meir kraftfôr enn oppgjeve i KK.

Tabell 1. Kraftfôr og grovfôropptak i 2015 berekna i Kukontrollen (KK) og i Mjølkonomi i same buskap.

Fettprosent

Proteinprosent

Kraftfôravvik prosent

MJ kraftfôr/100 kg EKM

MJ grovfôr/ku/dag

KK

Tank

KK

Tank

KK, Årsrapport Buskap 2015

5,49

4,39

3,54

3,54

206 (30 kg)

73*

Mjølkonomi 2015

+ 6 prosent

268

55

*Feil prøveuttak og under-rapportering av mengde kraftfôr i Kukonrollen fører til misvisande høgt berekna grovfôropptak i Kukontrollen (73 MJ).

Kva påvirkar grov­fôropptaket?

Mange forhold både med kua, fôret og fôringsregime/miljø påvirkar opptaket. Dei viktigaste er vist i tabell 2. Med mål om å auke grovfôropptaket er det viktig å prøve å finne ut kva som er den mest begrensande faktoren i buskapen.

Tabell 2. Viktige faktorar ved kyrne, fôret og miljøet/fôringsregime som påvirkar fôropptaket. NorFor tek omsyn til faktorane i grøne felt.

Dyr

Fôr

Miljø

Vekt

Fordøyelegheit

Tilgang til fôr og vatn

Laktasjonsstadium

Rasjonssamansetjing

Antal utfôringar

Laktasjonsnummer

Kjemisk samansetjing

Belegg i fjøset (antal kyr per eteplass)

Mjølkeytelse

Gjæringskvalitet i surfôr

Oppstalling (lausdrift eller bås)

Drektigheit

Fysisk form

Beite

Hold

Lukt og smak

Fjerning av fôrrestar

Rase

Nedbrytningshastigheit

Stress

Sjukdom

Passasjehastigheit

Temperatur

Hovudprinsippet i OptiFôr-fôrplanlegginga er at kyrne skal få energidekning med mest mogleg grovfôr og minst mogleg kraftfôr. Alle kyrne får berekna ein opptakskapasitet. Den aukar til dømes med auka avdrått, og ei stor ku et meir enn ei lita ku. Feite kyr vil eta mindre enn kyr i normalt hold, og mot slutten av drektigheita er fôropptaket lågt. Kyr som har vonde bein vil også eta mindre enn heilt friske kyr.

Alle fôrmiddel har ein såkalla fylleverdi, som fortel kor stor «plass» fôret tek i vomma. Kraftfôr har alltid fylleverdi 0,22. Fylleverdi i grovfôret er lågast ved høg fordøyelegheit og lågt fiberinnhald. Vanleg nivå er 0,45 – 0,60. Kyrne likar ikkje surfôr med mykje organiske syrer og ammoniakk-N, og da bereknar NorFor litt høgare fylleverdi. Altså set vi opp fôrplaner med litt meir kraftfôr til kyrne.

Alle fôrmiddel har i OptiFôr ein fylleverdi som fortel kor stor «plass» fôret tek i vomma. Fylleverdien i grovfôret er lågast ved høg fordøyelegheit og lågt fiberinnhald. Vanleg nivå er 0,45 – 0,60, medan kraftfôr har alltid fylleverdi 0,22.

Foto: Solveig Goplen

Vidare et kyrne mindre grovfôr dersom dei får meir kraftfôr; den såkalla substitusjons-effekten. Substitusjonen aukar med kraftfôrmengda og med grovfôrets fordøyelegheit. Eigentleg er det ikkje kraftfôret i seg sjølv det dreier seg om, men mengda sukker og stivelse tilført. Store mengder gjev dårleg vommiljø i form av låg pH (sur vom), og da fungerer nedbrytinga av fiber dårleg. Grovfôrets fylleverdi er også påvirka av fôrnivået, det vil seie kor mykje fôr kua totalt tek opp. Dess meir opptak, dess raskare passerer fôret gjennom fordøyelseskanalen. Kyrne har også ei fysiologisk regulering av fôropptaket som «slår til» ved bruk av godt grovfôr, med høg fordøyelegheit og lite fiber. Da kan kua kjenne seg mett og stoppe fôropptaket før vomma er fysisk full.

I NorFor reknar vi med at kyr i lausdrift og på beite har høgare fôropptak enn kyr på bås, men også eit høgare energibehov. Dersom det er færre eteplassar enn kyr i fjøset kan det føre til at lågrangerte kyr får i seg mindre grovfôr enn viss det er rikeleg plass ved fôrbrettet. I slike situasjonar er det ein fordel med godt kutta grovfôr fordi det går raskare å eta dette enn ukutta grovfôr. Opptak av grovfôr blir også påvirka av antal tildelingar av nytt fôr per døgn og fjerning av fôrrestar. Dårleg tilgang på vatn vil også hemme opptaket av fôr – sjekk tilgangen!

Grovfôropptak og økonomi

Dersom grovfôret er billegare en kraftfôret vil det lønne seg med høgt grovfôropptak. I eksemplet vist i tabell 3 er prisen på grovfôr satt til forventa salgspris på rundballesurfôr, her 0,30 kr/MJ. Vidare er det rekna med full appetittfôring på tre ulike grovfôrkvalitetar til ei eldre ku på 600 kg levandevekt som mjølkar 35 kg EKM og er 7 veker etter kalving. Kraftfôret har 7,39 MJ NEL20/kg tørrstoff (TS) og kostar 0,58 kr/MJ.

Surfôr med høg fordøyelegheit gjev høve til å spare mykje kraftfôr, men da treng kua også 20 prosent meir grovfôr enn av surfôr med låg fordøyelegheit. Sistnevnte fører til 11 prosent høgare fôrkostnad per dag i dette eksemplet.

Tabell 3. Sannsynleg grovfôropptak, kraftfôrbehov og fôrkostnad ved ulik grovfôrkvalitet

Grovfôrkvalitet, MJ NEL20 / kg TS

Kg kraftfôr

Kg TS grovfôr

Kraftfôrprosent av TS

Fôrkostnad, kr/dag

Relativ fôr-kostnad

Høg fordøyelegheit 6,53

10,0

12,6

41

62,45

100

Middels fordøyelegheit 6,09

12,0

11,4

48

66,30

106

Låg fordøyelegheit 5,62

13,8

10,5

53

69,60

111