Reportasje

Rådgivers kommentar

Kari Sølvberg

Fagrådgjevar i Tine

kari.margrete.solvberg@tine.no

Eg er både nøkkelrådgjevar og fôringsrådgjevar på Bjørkelo. Snuoperasjonen krevde stor innsats frå brukarane sjølve, både i form av arbeid og vilje til å endre på rutinar. Eg hadde kontakt med dei ca. kvar fjortande dag, og var på besøk ca. ein gong i månaden. Dei hadde òg hjelp frå andre som helserådgjevar og mjølkekvalitetsrådgjevar i Tine.

I starten var lite og dårleg grovfôr hovudutfordringa, og det var vanskeleg å få til god yting på dyra. Etterkvart som mengda grovfôr auka vart dette lettare. Grovfôrkvaliteten på bruket er middels, og det har vore nødvendig å gje ein god del kraftfôr. Kraftfôrtildelinga har vore, og er, ut frå fôrtabellar som er sette opp ut frå utrekningar i Optifôr med fôranalyser som grunnlag. Tildelinga har vore nøye overvåka av meg. Margunn og Svenn Ove har hatt i oppgåve å følgje med på konsistensen på avføringa og gjere tiltak ved avvik.

Holdet på kyrne har vore sjekka, først manuelt og i den seinare tid ved info frå holdvurderingskameraet. Få dyr er feite, men snittholdet kan vere litt lågare utan at det er negativt. Det er avgjerande med rett hold og storleik på kviger som skal kalve og rett hold i sluttlaktasjonen og i sinperioden. Ein kan følgje hold på enkeltkyr og hold på buskapen sett under eitt ut frå data frå holdvurderingskameraet. Ser ein avvik frå normal utvikling er det viktig å finne grunnen og sette inn tiltak.

Det er svært viktig for resultatet at dyra får nok vatn, at dei har gode bein og klauver og elles held seg friske.

Ved alle slike snuoperasjonar er det viktig å starte i ein ende, til dømes med kalvestell og kvigeoppdrett, og jobbe seg gradvis vidare. Skal ein gjere alle tiltak på ein gong, vert det for dei aller fleste for mykje å halde styr på!