Reportasje

Lusterbonde i toppskiktet i avlsarbeid på Angus

Steinar Schanke er mannen bak suksessen Li Angus. Han driv mjølkeproduksjon i ein moderne båsfjøs samstundes som han har ein av Noregs beste Aberdeen Angus besetning.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Li Nedre i Luster kommune i Sogn og Fjordane

  • Steinar Schanke

  • Mjølkekvote: 85 000 liter

  • Mjølkekyr: 17

  • Ammekyr: 15

  • Storleik på garden: Eig om lag 110 dekar overflatedyrka/beiter og 200 dekar utmark inngjerda beiter.

Aktuell fordi to av fire norske Aberdeen Angus eliteoksar for 2017 kjem frå Li Angus, og har fått prisen Norturas Biff Natur for beste kjøtfeokse i 2016

Bonde Steinar Schanke saman med angusflokken sin på beite. Dyra er svært rolege og lette å handtera.

Foto privat

To av fire norske eliteoksar i 2017; Li`s Greate Tigre (okse 74039) og First-Boyd fra Li (okse 74033) kjem frå Li Angus. I tillegg vert seminoksane Ivar (okse 74047) og Irving fra Li (okse 74048) vurdert som eliteoksar i 2018. Steinar fekk den høgthengande prisen Norturas Biff Natur for beste kjøtfeokse i 2016. Dette er ein pris som Nortura deler ut til den eliteoksen av kjøtfe som er best tilpassa eit ekstensivt driftsopplegg for krysningar. Viktige kriterier er grovfôropptak frå oksen sine testresultat på Staur, kjøtfylde/slakteklasse på avkom, lite feittansamling på avkom og slaktetilvekst på avkom.

For ganske nøyaktig 20 år sidan bestemte Steinar Schanke, som er oppvaksen i Lørenskog, seg for å skifta ut bylivet som elektrikar i Oslo med å bli heiltidsbonde i Luster i Sogn og Fjordane. Han tok over familiegarden etter onkelen sin og gjekk i gong med mjølkeproduksjon samstundes som han kjøpte inn to Aberdeen Angus-kyr.

First-Boyd fra Li med mor. Han vart seinare vinnar av Norturas Biff Natur pris og hadde suverent best grovfôropptak når han stod på test i 2010. First-Boyd fra Li er også eliteokse (74033).

Foto privat

Kombinasjonsbruk – variasjon i driftsformer

- Eg likar tanken på å ikkje «satsa alt på ein hest», og tanken om å kombinera fleire driftsformer tiltalte meg for å utnytta beite- og grasressursar best mogeleg. For meg har mjølkeproduksjon og ammekyr fungert strålande, seier Steinar Schanke. – I år har eg 15 anguskalvingar og 17 mjølkekyr, og driftsopplegget er basert på kalvingar frå januar til april, fortel den engasjerte bonden. Dyra er oppstalla i binge, og han deler av kalvingsbingar etter behov. Etter om lag ei veke åleine med mor vert dyra sleppt inn i fellesarealet, og her er det lagt til rette med romsleg kalvegjømme med tilgang på fôr og vatn for kalvane. Så fort værtilhøva tillet det, vert dyra sleppt ut. Uteområdet er godt tilrettelagt for å forlenga beitesesongen vår og haust. Her er tilrettelagt med støypt plate under fôrkorga og uteplassen ligg i ly for været.

Med full framfôring av oksar og kviger, gir det om lag 90 storfe på det meste. Han trekkjer fram at kombinasjonsbruka er mindre sårbare for endringar i rammevilkåra, gir meir variert arbeid, utnyttar godt gras- og beiteressursar, og det er lettare å innfri krav frå myndigheiter og forbrukarar om beiting. I tillegg gir det god trivsel for både folk og dyr.

74039 Li`s Great Tigre: Li`sGreat Tigre er ein allround okse med samla avlsverdi på 122 som er den beste avlsverdien som er oppnådd på norsk Angus.

Foto privat

Mykje og gode beite

Steinar synest at det er viktig at produksjonen er tufta på garden sine ressursar, og ein av styrkane til denne garden er at det er mogelegheiter til mykje beiting. Steinar har brukt mykje tid og krefter på å rydda beite. Attgrodde kulturbeite der vårstøling gjekk føre seg i gammal tid har blitt opna opp att. Desse stod fram som ein tett jungel av oreskog, og i tillegg har tungvinte slåtteteigar og skogmarker blitt gode beite for dyra. – Utfordinga med beite er at dei vert fort overmodne og må pussast for å gi friskt gras med høgt næringsinnhald. Hjå meg gjer ammekyrne ein fantastisk jobb med å pussa beita tidleg på våren slik at mjølkekyrne får friske beite seinare på sommaren, fortel den engasjerte bonden. Her er beitebruken nøye gjennomtenkt, og han har lagt ned mykje arbeid i å optimalisera beitebruken mellom amme- og mjølkekyrne. Her er fire – fem ulike beiter i nær tilknyting til fjøsen. Mjølkekyrne er ute natt og dag frå mai til oktober, og her er drivvegane lagt opp slik at dei kjem heim morgon og kveld for mjølking gjennom heile beiteperioden.

Steinar klipper og behandlar alle dyra mot lus om hausten. Både kyr og ungdyr nyt å bli klipte. I tillegg så venjer han mordyra til at han får lov å ta på juret, og det er nyttig at dei tillet dette i kalvingssesongen.

Foto: Oddfrid Vange Bergfjord

Ammande kyr på fellesbeite i fjellet går fint

I juli vert oksen skilt i frå ammekyrne, og ammekyrne vert sleppt til fjells i om lag to månader. – Tilsyn i fjellet er utelukkande ei positiv oppleving, dyra går alltid samla, og det er ei enkel oppgåve å henta dei heim att, fortel Steinar. – Mange har fordommar mot å sleppa ammekyr saman med kalvane i fjellet, men anguskalvane har nær tilknyting til mora og held seg til henne, så det er liten grunn til å frykta at dei skal byrja å suga på andre sine kyr.For meg er det viktig at mordyra klarar å produsera mjølk til kalven på beite og grovfôr utan å bli avmagra, og her er angusane suverene, smiler Steinar. Ein anna fordel med angus i høve til dei tunge rasane er at dei er kolla, dei gir mindre trakkskader på beita, tek mindre plass med tanke på oppstalling om vinteren og krev mindre fôr til vedlikehaldsfôring.

Kristian Heggelund, avlsansvarleg i TYR vurderer Li`s Katy Lawson på dyrskun 2016. Ho vart kåra til beste Angus kvige.

Foto privat

Avlsinteresse

Steinar har eit bevisst forhold til avlsarbeidet, og målsetjinga er å avla funksjonelle dyr tufta på garden sine ressursar; dei må komma i brunst, ta kalv og kalva lett samstundes som slakteklasse, tilvekst og matkvalitet vert ivaretekne. Han er også veldig streng på at lynne må vera godt, og han har nulltoleranse på dårlege klauver, skjede-, bør- og endetarmsprolaps.

– Eg trur at det er lettare å ha oversikt på individnivå i ei lita besetning, og dette er nok ein av styrkane mine, smiler Steinar. I tillegg så er plassen begrensa slik at han må prioritera beinhardt kven som får bli med vidare. I praksis er det dei dyra som klarar seg best under marginale forhold med god fruktbarheit som er stammen i besetninga. – Desse mordyra er ulike individ med sterke og svake sider, og då er det veldig interessant å velja ut kva oksar eg skal inseminera med, fortel Steinar engasjert. Han har ein seminandel på om lag 70 prosent, og det vert ein del spesialbestilling på angussæd gjennom Geno. Han vel ut angusoksar blant norske ung- og eliteoksar i tillegg til 1 – 2 utanlandske oksar som Tyr tek inn kvart år. Steinar synest ikkje det er vanskeleg å sjå brunst på dyra, så insemineringa går veldig greitt. Dyra går saman i bingar, og dette gjer også sitt til at det er lettare å sjå brunsten i høve til dyr som står oppstalla på bås. Når dyra vert sleppt ut på beite, slepper Steinar oksen saman med dyra slik at oksen tek seg av eventuelle omløp.

Garden Li Nedre ligg 230 meter over havet, glir fint inn i landskapet og har mykje beiter i nærområdet. Det er ein moderne båsfjøs i den eldre delen medan nybygget i venstre halvdel husar ammekyrne. Indre Hafslo ligg i Indre Sogn, om lag 20 km frå regionsenteret Sogndal.

Foto privat

Aktiv Avlsbesetning

Dei siste 12 åra har Li Angus vore godkjend «Aktiv Avlsbesetning» hjå Tyr. For å få dette kvalitetsstempelet må ein del krav vera innfridde, mellom anna må dyra vera stambokførte, kalvane må vegast fleira gonger, og det er krav til seminbruk. – Fleire burde tatt steget å bli Aktiv Avlsbesetning for det er veldig givande og slett ikkje så vanskeleg som mange kanskje trur, seier den sympatiske bonden. Eitt av krava er at ein veg kalvane ved fødsel, 200 dagar (avvenning) og ved 365 dagar. Dette er noko alle som driv med ammeku bør ta seg tid til, for desse tala seier mykje om drifta, og om ein eventuelt bør gjera strategiske endringar i driftsopplegget for å få betre tilvekst. – Eitt av måla mine er å avvenja ein kalv med halve mora si vekt etter endt beitesesong, fortel Steinar. Inseminering er også nøkkelen til avlsframgang, og ved å nytta semin får ein tilgang til dei beste oksane.

Ser lyst på framtida

Steinar ser lyst på framtida, kjøtproduksjon på ammekyr er i vinden, og det er mykje spennande som skjer. Angus er i medvind for tida, for ein av styrkane til denne rasen er at dei produserer mykje kjøt på relativt lite kraftfôr og er gode til å ta opp mykje grovfôr. Dette er noko forbrukarane etterspør fordi det har vist seg at det er gunstig for folkehelsa å eta kjøt frå dyr som får i seg ein stor andel grovfôr i høve til kraftfôr, for då vil kjøtet innehalda meir av viktige feittsyrer som omega 3. Vidare håpar Steinar at kanaliseringspolitikken vert vidareført slik at tyngda innan husdyrproduksjon framleis vert verande i distrikta og at dei flate lettdrivne areala på Austlandet og i Midt-Noreg vert prioriterte til kornproduksjon.

Unike på grovfôropptak

Kristian Heggelund som er fagansvarleg innan avl i Tyr karakteriserer Li Angus som ein av Noregs fremste avlsbesetningar. Han dreg fram at Steinar har overført mykje kunnskap frå avlsarbeidet på mjølkeku til kjøtfe, og at avlsprofilen til Li Angus er svært godt eigna for norske tilhøve. Dyra er heilt unike når det gjeld grovfôropptak, og dette er noko som ein ynskjer at kjøtfea skal vera gode på. I tillegg har Steinar valt å passa på at dyra ikkje vert for store og tunge, noko som er med på å holda vedlikehaldsfôringa nede og at mordyra produserer mykje på kalven og mindre på seg sjølv. I tillegg vil store, tunge dyr trakka meir opp beite. Internasjonalt har trenden vore at dyra skal bli størst mogeleg.