Fôring

Mjølkonomi-statistikken fortel

Ta i bruk mjølkonomi, for med «fleksible referansegrupper» er det enkelt å finne gjennomsnittstall.

Åse M. Flittie Anderssen

Fagspesialist Tine Rådgiving

ase.anderssen@tine.no

Mjølkonomi avdekker både nettoavling og grovfôropptak.

Foto: Solveig Goplen

Gjennom tilbodet om «fleksible referansegrupper» er det enkelt å finne gjennomsnittstal for dei Mjølkonomiresultata ein ynskjer. I tabell 1 viser vi nokre resultat om grovfôrdyrking, grovfôropptak og Mjølk minus fôr i dei ulike sonene for distriktstilskott på mjølk i 2015. Vidare har vi samanlikna konvensjonelle og økologiske bruk. Sjå tabell 1.

I statistikken er ikkje samdriftene teke med fordi mange av Mjølkonomi-analysene i samdrifter er ført med berre innkjøpt grovfôr, det vil seie levert av medlemane. Vi har derfor ikkje avlingsnivå og dyrkingskostnader i alle samdrifter. Sone F–J er slått saman fordi det var fåe bruk per sone.

Stort sett ser det ut til at distriktstilskottsonene avspeglar vilkåra for grovfôrdyrking bra, bortsett frå sone D som skil seg negativt ut. Her er det høge kostnader utan tilsvarande kompensasjon i form av areal- og kulturlandskapstillegg, jamfør 4–12 øre/MJ høgare netto grovfôrkostnad enn i andre soner. Dette gjenspeglar seg i lågare «Mjølk-fôr, kr/liter» enn i andre soner.

Dei økologiske bruka produserer som venta grovfôret sitt billegare enn dei konvensjonelle, sjølv om avlinga i gjennomsnitt er 22 prosent lågare. Grovfôropptaket er høgare på økologiske bruk, og beite utgjer ein større del av fôrrasjonen. Over 2/3 av øko-bruka i statistikken ligg i «gode» soner, det vil seie A–C. Dersom ein samanliknar med konvensjonelle bruk i dei same tre sonene, er avlingsnedgangen 27 prosent, beiteandelen 6 prosenteiningar høgare og netto grovfôrkostnad 1 øre/MJ lågare på økobruka. «Mjølk-fôr» er 21 øre/liter høgare enn på konvensjonelle bruk i gjennomsnitt. Forklaringa ligg hovudsakleg i at økomjølka har lågare tørrstoffinnhald, slik at oppnådd meirpris for mjølka berre er 40 øre/liter – medan økotillegget var 65 øre/liter i 2015.

Tabell 1. Mjølkonomi-resultat om grovfôr i ulike tilskottssoner og driftsformer, 2015. Konv. = konvensjonelle

Sone A konv.

Sone B konv.

Sone C konv.

Sone D konv.

Sone E konv.

Sone F-J Konv.

Alle konv.

Alle økologiske

Antal bruk

66

160

114

240

133

85

798

53

Fulldyrka, MJ/dekar

5573

4154

3548

3232

2725

2592

3503

2739

Beite-andel, prosent

21

18

18

18

17

17

18

23

Brutto kostnad øre/MJ

30

36

42

52

50

53

45

41

Netto kostnad, øre/MJ

25

27

30

37

32

33

32

23

Grovfôropptak, MJ/ku/dag

64

64

62

61

63

63

62

68

Mjølk-fôr, kr/liter

3,41

3,37

3,32

3,23

3,31

3,27

3,30

3,51