Forskjellig
LEAN-tips

Standardisert arbeidsbeskriving (SOP)

Bonden har ei krevjande leiaroppgåve. Nokre av arbeidsoppgåvene bør gjennomførast med minst mogeleg variasjon i utføringa frå gang til gang.

Eivind Vik

Spesialrådgiver i Tine Rådgiving

Eivind.Vik@tine.no

Tekst og foto

Dette at arbeidsoppgåvene blir gjort på same måten frå gang til gang er viktig særleg på kritiske område. I Lean brukar me nokre enkle teknikkar som kan hjelpe bonden i leiarrolla.

Identifiser kritiske område

Mange av områda på garden kan vere kritiske dersom det skjer ei uønska hending. Melkemaskina må fungere både morgon og kveld gjennom heile året. Det må ikkje kome antibiotikamjølk på tanken. Slåtteutstyret må fungere dei dagene vêret er lageleg. Dersom kalvane vert sjuke og problemet er så stort at det går vesentleg ut over rekruttering og økonomi, kan kalveoppdrettet bli eit kritisk område. Dårleg vask av mjølkeutstyr kan resultera i høgt bakterietal og tap av elitemjølk.

På andre område i produksjonen kan ein ha større frihet til å utføra arbeidt ulikt frå gong til gong utan at det går vesentleg ut over resultatet.

Variasjon kan skje om det er same person som utfører arbeidet. Det går litt på slump, og ein er ikkje er så nøye. Når det er fleire personar som utfører arbeidet, blir det større sannsyn for variasjon. Ein har ikkje kalibrert seg, eller ein utfører arbeidet forskjellig.

Standardisert arbeidsbeskriving, SOP

Eit av verktøya som me brukar i Lean er standardisert arbeidsbeskriving. Her brukar me krafta av å gjera ting synleg, visualisere. Auga er eit fantastisk organ, og det me ser i bilde tek hjernen til seg på brøkdel av sekund. Ta derfor nokre foto av arbeidet som skal beskrivast, og lag ei enkel arbeidsbeskriving i få punkt. Ha gjerne på nokre piler som viser til kritiske utføringar på bildet. Legg på plastomslag, helst med lamineringsmaskin. Då får du ein SOP som skal henga på veg­gen der arbeidet skal utførast.

På nokre område er det ei rein rutine­beskriving der ikkje noko må gå feil slik som vask av mjølkeanlegg eller betjening av komplisert maskin. Ei slik beskriving vil føra til at uerfarne arbeidarar vert tryggare på det dei skal gjere. Dei vert mindre stressa og risiko for å gjere feil minkar. Eit blikk på veggen kan gjere dei trygge dersom dei lurer på utføringa.

På andre felt er kanskje problemstil­linga så kompleks at det er viktig å ta alle som arbeider med inn i ein diskusjon for å finna fram til den beste arbeidsbeskrivinga. Korleis gjer du det? Kvifor er dette viktig? Korleis oppfattar eg dette? Kva meiner eg med det? Altså sikre et ein har lik forståing for den arbeidsbeskrivinga som ein i fellesskap får fram.

Skal ikkje overdrive

Alt skal ikkje tapetserast på veggene. På mange av dei kritiske områda kan det vere lurt å lage standardisert arbeidsbeskriving før ein får feil. For eksempel retning på kranar for å hindre vatn i mjølka. Start også med dei områda der du har hatt plunder og heft. Kjem feilen ofte er det grunn til å lage arbeidsbeskriving sjølv om det ikkje er på eit kritisk område. Det kan spare plunder og heft framover.

SOP blanding av fullfôr

SOP Vaskerutiner