Reportasje

Ein kulturberar med ekte arbeidsglede

I den veglause grenda Sylvarnes i Vik i Sogn, ligg eit prakteksemplar av ein velstelt og bratt vestlandsgard der ressursane vert tekne godt vare på, og der gamle arbeidsmetodar framleis er i bruk. Magne Sylvarnes som eig og driv garden fekk Kulturlandskapsprisen 2016 for Sogn og Fjordane som eit synleg bevis for dette solide og viktige arbeidet han utfører.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Sylvarnes i Vik i Sogn, Sogn og Fjordane

  • Magne Sylvarnes

  • Mjølkekvote: 32 000 liter

  • Areal: 50 mål som vert slege, store utmarksressursar

Aktuell fordi han driv ein veglaus og bratt Vestlandsgard etter gamle metodar og fekk Kulturlandskapsprisen for Sogn og Fjordane for 2016.

Det bur fire personar fast på Sylvarnes, og Magne bur i det kvite bustadhuset i framgrunnen.

Den vesle veglause grenda Sylvarnes ligg på sørsida av Sognefjorden omkransa av fjorden og med dei mektige fjella i bakkant som dannar inngangsport til dei kjende turområda i Stølsheimen. Sylvarnes med sine fire innbyggjarar har båtsamband med omverda tre gonger i veka. Denne båten er dei heilt avhengige av, og all transport av varer til og frå Sylvarnes går via fjorden. – For meg er det heilt normalt å ha det slik, smiler Magne. Han fraktar mjølka i ein eigen transporttank ned til båten kvar tredje dag, og tankbilen kjem på kaien i Vik og fraktar den til meieriet i tettstaden Vikøyri. Meieriet ligg berre eit steinkast frå kaien der mjølka går til produksjon av gammalost. Ved levering av dyr har han eigne transportkassar som vert heist om bord i båten. – Eg fylgjer alltid dyra på båten til Vik der dei vert henta på kaien for den siste etappen på veg til slakteriet eller til andre produsentar ved livdyrsal, seier den omtenksame bonden.

Vidareforedlar mjølk

Tine kan ikkje ta imot mjølk som vert lagra meir enn tre dagar på gardstank, og ved høgtider som til dømes jul, påske og pinse, går ikkje båten på heilagdagar. Då får ikkje Magne levert mjølka si. – Me skal stella fint med mat, og det er mykje godt ein kan laga av mjølk viss ein har kunnskap om det, seier den flinke og driftige bonden. Han lagar mellom anna smør, yoghurt, prim, ulike typar ost og mylse (tradisjonsmat i Sogn og Sunnfjord) av mjølka som han ikkje får levert. Fram til 1992 leverte dei heimekinna smør til Tine, men etter den tid vart det ikkje lov for Tine å selja ut att smør som var laga ute på gardane. Magne måtte då gå over til å levera mjølk i staden.

«Stølssmøret» er gulare og betre

Magne har haustkalving på kyrne sine, men det hender at enkelte kyr kalvar seint på hausten og er i god mjølkeproduksjon utover våren og sommaren. Desse dyra mjølkar Magne på stølen, og her separerer han mjølka og lagar rømme av fløyten som han så fraktar heim att for å laga smør. – Me kjenner skilnad på smaken på smøret frå stølen og heime. Smøret eg lagar frå stølsmjølka er gulare og smakar endå betre enn smøret frå mjølk produsert når kyrne er heime, fortel Magne. Vidare kjenner ein skilnad på smøret som vert prodsert når dyra står på innefôring og når dei er ute. – Dette er skilnader som folk var opptekne av før i tida, no er smaken på produkta i butikkane lik heile året, seier Magne.

Sjølvberging

Magne er opptatt av å ta vare på ressursane og utnytta det som naturen gir. Han har ein imponerande flott grønsakshage som gir avling nok til at han er sjølvberga med grønsaker heile vinteren. – Eg likar å ferdast i naturen, og eg plukkar blåbær, tytebær, molter og sopp til eige bruk, smiler Magne. I tillegg slaktar han sau og fiskar fisk i fjorden, så det er ikkje mykje han treng å kjøpa av matvarer. I tunet har han også hønsehus med høner av rasen Islandske høner som er ein gammal norsk rase. Desse er i alle fargar og fasongar, er hardføre og går og nappar og et på det som veks ute. Hønene held heile befolkninga på Sylvarnes med egg året rundt. Saman med naboen har han åtte hjorteløyve som dei leiger ut, for dei har ikkje bruk for alt kjøtet sjølve.

Vestlandsk fjordfe

Vestlandsk fjordfe er den opprinnelege kurasen på Vestlandet frå Hordaland til Nordmøre, og for Magne passar denne rasen perfekt. – Dyra har god helse, lette kalvingar og godt lynne. I tillegg så tek dei seg godt fram i terrenget der det kan vera både bratt og ulendt, og dei trakkar ikkje opp beita på same måten som tyngre rasar, seier den kunnskapsrike bonden. Desse dyra har også eit anna beitemønster enn større rasar som er avla fram for å gi mest mogeleg mjølk og kjøt. Vestlandsk fjordfe et lauv på trea og beitar meir ned all slag vegetasjon, og dei gjer derfor ein god jobb med å halda eit opent landskap og hindre attgroing. I tillegg til storfe har Magne 30 vinterfôra sauer av rasen gammalnorsk spælsau. Desse har også eit beitemønster som skil seg frå den vanlegaste sauerasen Norsk kvit sau (NKS) ved at gammalnorsk spælsau beitar på småskog, kratt og lyng. Rasen er derfor svært godt eigna i landskapspleie. I tillegg er dei kjend for lette fødslar, gode morseigenskapar og dei beitar meir samla i flokk samanlikna med NKS.

Fekk Kulturlandskapsprisen for Sogn og Fjordane for 2016

Magne har i alle år vore oppteken av å stella garden på best mogeleg vis, og alle som kjem til Sylvarnes, eller reiser forbi med båt på fjorden, får sjå ein vakker og veldriven gard. Der han ikkje kjem til med motorslåmaskina, svingar Magne ljåen, og både lang- og stuttorv vert flittig brukte. – Det er ikkje tungvint, men det tek ofte berre lenger tid, seier den positive og arbeidssame bonden. Magne har mykje turrhøy som vinterfôr til dyra, og om sommaren er det litt av eitt syn med hesjer etter hesjer i dei bratte bakkane kring husa. Her vert også alle kantar slått heilt ut, slik at alt gras vert nytta, og det ser veldig fint og velstelt ut. – Det er kjekt at nokon set pris på og legg merke til arbeidet eg gjer, så det var stas å få denne prisen, seier Magne. Han legg vidare til at kanskje folk verdset dette arbeidet meir no enn før, og at mange ser verdien av å ta vare på tradisjonar og gamle arbeidsteknikkar.

Lauving er også ein gammal tradisjon som fortsatt vert nytta på Sylvarnes. Dette er kutting av greiner av lauvtre som til dømes ask, selje eller bjørk, og desse vert samla i ein stor bunt som vert bunden saman med ei grein til ein lauvkjerv. Lauvkjervane vert turka og gir svært smakeleg og mineralrikt vinterfôr til sauene. Trea som vert lauva vert kalla styvingstre, og slike særmerkte gamle tre er flotte å sjå til i kulturlandskapet. Mange av teknikkane han fortsatt brukar, lærte han av bestemor si som var fødd i 1896.

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

Nettopp dette med å ta vare på tradisjonar og gamle arbeidsteknikkar, og at komande generasjonar kan få sjå for ettertida korleis drifta på Sylvarnes har vore opp gjennom åra, var bakgrunnen for at Magne sa ja til å vera med i TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». – Eg måtte ha ein tenkjepause før eg sa ja til å vera med, men i ettertid har eg fått gode tilbakemeldingar. Det er greitt at folk kan sjå noko ekte og at det går an å leva slik også, men det var fælt å sjå seg sjølv på TV, seier den sindige bonden. Det som skil Magne frå mange andre som har vore med i dette programmet, er at Magne lever av garden, og at den har vore i kontinuerleg drift heile tida i motsetnad til andre gardar som ein periode har vore fråflytta, men der folk har flytta tilbake.

Arbeidshjelp

Det vert lange arbeidsdagar, ofte frå tidleg morgon til seine kvelden for Magne, og for å letta litt på arbeidsbyrda, har han frå 2015 skaffa seg fast dreng som er med han store delar av året. I tillegg har han dei siste somrane nytta seg av «volunteers». Dette er ungdommar frå heile verda som ynskjer å jobba gratis 5-6 timar for dagen i 4-5 veker mot hus og mat. – Eg har hatt ungdommar frå Frankrike, Spania, England, Tyskland, Canada og Tsjekkia, og dette er ofte studentar eller folk som ynskjer eit avbrekk frå kvardagen, seier Magne som opnar heimen sin for desse lærevillige ungdommane. Magne er ein god ambassadør for Noreg til desse utanlandske ungdommane, og dei får læra gamle norske arbeidsmetodar.

Det gode liv på Sylvarnes

Magne har vore med i gardsdrifta heilt sidan han var liten gutunge, og han kan ikkje tenkja seg noko anna liv. Han er interessert i dyr, gardsdrift og naturen rundt seg, og dette får han jobba med kvar dag. Når det gjeld framtida er det ikkje opplagt kven som skal ta over, men Magne håpar at det framleis vert drift på denne flotte garden då han må leggja inn årane. – Eg skal nok driva ei god stund til, seier Magne som fortsatt er sterk i kroppen, er frisk og har god helse. Gardsdrifta til Magne er ein skikkeleg motpol til dei mange stordrifter som er komne til. Det er viktig at samfunnet legg til rette for at slike mindre og bratte gardar også har ein sjanse til å vera i drift inn i framtida. Difor er det ekstra kjekt at storsamfunnet legg merke til jobben som Magne har lagt ned gjennom mange år med å gi denne dyktige kulturberaren Kulturlandskapsprisen.

Flott og spesielt gjerde: Magne har laga gjerde av einerkvistar.

Lauving har lange tradisjonar i Vik, og kommunen har til og med snedel (lauvkniv) som er reiskapen som ein brukar til lauving, i kommunevåpenet sitt. Her er eit flott eksemplar på eit styvingstre, ein gammal ask som har gitt mange, gode lauvkjervar til heldige sauer.

Magne har ein imponerande flott kjøkkenhage som gjer at han er sjølvforsynt med grønsaker heile året.

Bratte bakkar vert slegne heilt ut i alle kantar, og der Magne ikkje kjem til med motorslåmaskin, nyttar han ljå. – Det er ikkje tungvint, men tek berre lenger tid, seier den positive og arbeidssame bonden.

Magne har godt lag med dyra, og han har storfe av rasen vestlandsk fjordfe som var vanlege på Vestlandet før i tida.

Hesjing av gras er den sikraste måten å få turrhøy på, og det var denne metoden som var vanlegaste måten å få turrhøy på før i tida. Her held arbeidsfolk på med å få turrhøyet i hus.

Foto: Privat

Gamle Grendi

Tidt eg minnest ein gamal gard

med store tre og runnar.

Vollar, bakkar og berg og skard

og blomster på grøne grunnar.

Der eg hadde meg so godt eit rom:

hus og mark med både bær og blom,

alt eg nøytte som ein eigedom

med både lut og lunnar.

Der var dalar og lier nog,

der lur og bjøllor klingo;

der var ruster og fager skog,

der tusund fuglar sungo.

Tett ved stova stod ei bjørk så breid,

der hadde skjorene sitt gamle reid,

staren song i kvar ein topp, som beid,

og erlor i tunet sprungo.

Heime var eg so vida kjend

og slapp inn, kvar eg ville,

i kvart hus i den heile grend,

om endå folket kvilde.

Der var kjenningar i kvar ei krå,

og når eg ukjende folk fekk sjå,

spurde eg radt, kvar dei var i frå,

og dei var lika milde.

Var det nokon som der leid vondt

og vart fyre tap og spilla,

brått det spurdest om bygdi rundt,

og alle tykte, det var illa.

Ofte minnast eg mi gamle grend,

når eg framand uti verdi stend,

heimlaus, frendelaus og lite kjend,

og likar på leiken illa.

Ivar Aasen «Gamle grendi» frå Symra 1875