Økonomi

Eie eller leie?

Prisen er høg på leigejord og kvote. Kva tilpassing bør eg som bonde gjere?

Per Herikstad

Regnskapsfører

per.herikstad@jarkua.no

Det er store variasjonar rundt om i landet. Ulike regionar har ulik leigepris og variasjon på leige av dyrka jord er nok enda større. Ein god del har kanskje nok areal som i dag blir bruka til korn som enkelt kan leggast om til gras. For andre vil tilgang på areal gjere ei slik utviding umogleg. Eg har teke utgangspunkt i Jæren og dei forholda som gjeld der. Dette gjeld både tilskot og prisar. Ei tilsvarande utrekning andre stader i landet med andre prisar og minimumsfaktorar kan gi ein annan konklusjon.

Statistikkgrunnlag

Eg har basert utrekning på statistikken til RJD (Rekneskapslaga på Jæren og Dalane) og bruka gruppa mjølkebruk med under 80 prosent påsett. Dei sel mesteparten av stutkalv på 100 kg slik at inntekt frå kjøtproduksjon i så liten grad som mogleg påverkar tala.

Dyktig bonde

Utgangspunktet er ein dyktig bonde med ledig kapasitet i fjoset og er rekna ut frå eit konkret tilfelle. Kvar enkelt bonde må rekne på sine tal for å finne eige nivå, men får her tips om ting de bør tenke på. Min bonde har fleire gode år i nokså nytt fjos med robot. Han har i dag ein kvote på 560 000 liter og lågare maskinkostnad enn gjennomsnitt. På grunn av nokså stor kvote, høg yting pr. ku og litt lite areal blir tilskot pr. liter lågare enn snitt.

Tilskot

Tilskot blir berekna etter gjennomsnitt pr. liter levert meieri. Systemet for tilskot gir som kjent meir for dei første kyrne og mindre til fleire ein har. Driftstilskotet er likt om ein er stor eller liten.

Auke på 100 tonn

Eg har tenkt ei auke i produksjonen på 100 tonn. Med ei gjennomsnittleg yting er det 14,4 kyr ekstra. Ku pluss påsett har eg sett til kr 32 000 og med 4 prosent rente blir det 1 280 kr/ku eller 0,18 kr/liter. Då min bonde har høgare yting enn gjennomsnitt treng han færre kyr enn gjennomsnitt for å auke med 100 tonn, og kostnaden pr. liter blir lågare.

Ekstra areal

Dei fleste har behov for meir areal for å kunne produsere meir. I statistikken reknar vi ut gjennomsnitt areal pr. kueining som seier noko om kor mykje areal ei ku brukar. Gjennomsnitt er 6,1 dekar pr. ku. 100 tonn i auke gir då 87 dekar ekstra med gras. Min bonde har høgare avling og høgare yting pr. ku enn snitt og treng då litt mindre areal. Leigepris på jord er på Jæren høg, og prisen er 600 kr pr. dekar.

Maskinarbeid

I gjennomsnitt i statistikken utgjer maskinarbeid kr 1,17 kr/liter. Bonden i eksempelet ligg litt under dette, då dei i lengre tid har vore bevisst på å ha litt mindre og rimelegare utstyr.

Ekstra på avstand

All jord som ein ekspansiv bonde skal leige ligg ofte lengre frå garden og fjoset enn det han sjølv eig. Eg har her rekna 10 prosent ekstra i maskinkostnad pr. km du skal transportere gjødsel og fôr. I eksempelet er aktuelt leigeareal 5 km vekk, som då gir 50 prosent ekstra kostnad på dette arealet. I praksis vil ofte dette arealet i tillegg ha noko dårlegare kvalitet som eigentleg gir endå høgare kostnad på dette. Det har eg ikkje tatt omsyn til. Det går etter berekningar som Tine har rekna ut ca. 1 time pr./dekar du driv.

Verdi på arbeid

Arbeidstida til ein bonde har ein pris. Eg har sett det til 250 kr/time. Anten har bonden ledig arbeidstid han kan bruke til å produsere meir og har denne gevinsten sjølv. Eller han har det travelt nok i dag og må leige inn denne tenesta. Eg har diskutert med fleire bønder, og vi tenker det går ca. 20 timar pr./ku ekstra i året. Kalving, fôring av kalv, fôring av kua, opplæring av ku i robot, oppfølging og ettersyn.

Marginale tillegg

All økonomisk teori tilseier at det er rimelegare å produsere ei eining ekstra. Det stemmer nok her også, men vi ser nokre avvikande trekk. Maskinkostnadane går ofte ikkje ned, eller er lågare på dei større bruka pr. dekar. Dette har nok med investeringsbehov i større maskinpark for å få arbeidet gjort når storleiken på bruka går opp Maskinkostnad pr. liter går litt ned, når ytinga pr ku ofte er litt høgare på større bruk.. Arbeid i fjoset blir nok i stor grad effektivisert, men arbeidet med drift av jorda er nokså lik pr. dekar. Maskinstorleik går noko opp slik at tida pr. dekar går ned, men denne effektiviteten blir borte i transport. Tilskota pr. dyr går ned, med auka tal mjølkekyr

Min eksempelbonde

Tilskota går ned til 0,22 kr/liter om han vel å auke produksjonen med 100 tonn. Det er dette som blir den store forskjellen. Bonden mottar lite tilskot på den leigde kvota i forhold til det han eig sjølv. Bonden her sit då att med 0,54 kr/liter han leigar pluss arbeidspengane på 0,69 kr/liter om han har tid til å arbeide meir sjølv.

Forholdet mellom utleigar og bonde

Bonden som driv har gjort store investeringar og har høge rentekostnadar, har ansvar for drifta og skal ha ei fornuftig inntekt på garden. Vi ser han sit att med mindre enn han som leigar ut gjer. Er dette fornuftig og rett? Kven kan i så fall gjere noko med det? Min bonde driv nesten på linje med dei 30 prosent beste. Legg eg inn middeltal i reknestykke sit han att med -0,86 kr/liter og 0,93 kr/liter for arbeid, sum kr 0,07 kr/liter. Det er dessverre like mange som ligg under middel og då har enda dårlegare tal enn dette. Det er nok både dei som arbeidar gratis og dei som betalar for å få lov å arbeide.

Leiepris på kvote

Leieprisen har direkte innverknad på reknestykket. Her er det tilbod og etterspørsel som gjeld. Det er bare den aktive bonden som kan påverke prisnivået. Gjennom samarbeid med utleiar, og ikkje gå på dyre avtaler for å få nokre liter ekstra! Det er svært få bønder som vil tene pengar på å betale 1,50 kr/liter i leie.

Fornuftig prisnivå

Etter fleire rundar med rekning er nok eit fornuftig nivå for gjennomsnittsbonden under 0,80 kr/liter. Spesielt om han ikkje ynskjer å arbeide gratis. Eg må legge inn 0,60 kr/liter i leie før den aktive gjennomsnittsbonden nærmar seg han som leigar ut. Det er tilskot på den siste produserte eininga som er utfordringa. Den blir påverka av tal kyr bonden har, men over 25 kyr er satsen nokså lik, slik eg har rekna her.

God drift

Her ser ein gevinsten av å ha god drift på garden med kontroll over utgifter og ei smart tilpassing på kostnadar på alle nivå. I våre statistikk er inntektene nokså like i dei ulike gruppene, men det er stor forskjell på utgiftssida.

Rekne på eigne tal

Eg har laga eit enkelt rekneark som ein enkelt kan berekne kva kvar enkelt bonde kan betale i leige. Mange faktorar spelar inn. Har du under snitt i maskinkostnad og kort avstand til leigejorda blir tala betre.

Tabell 1. Dekningsbidrag pr. liter mjølk (DB) og tilskot. Kolonne «Høg 30%» er gjennomsnitt av dei 30% beste i RJD statistikken. Kolonne «alle» er gjennomsnitt av alle i RJD statistikken. Kolonne «Bonde» er rekna med auke frå 560 tonn.

Høg 30%

Alle

Bonde

DB pr liter

4,61

3,91

4,39

Tilskot

1,47

1,71

0,28

Tilskot areal

0,15

0,15

0,15

Sum inntekt

6,23

5,76

4,82

Tabell 2. Kostnadar. Sjekk forskjell på dyktig «bonde» i kolonne 3 og gjennomsnitt. Legg ein inn rett tilskot (0,28) på å auke blir resultat gjennomsnitt -0,86.

Høg 30%

Alle

Bonde

Leige kvote

1,50

1,50

1,50

Leige jord

0,54

0,52

0,34

Maskinkostnad pr daa

1,10

1,17

0,81

Ekstra pga. avstand

0,69

0,69

0,48

Kostnad robot/mek.

0,20

0,20

0,20

Arbeid

0,93

0,93

0,69

Rente dyr

0,18

0,18

0,14

Sum kostnad

5,14

5,19

4,16

Resultat gjennomsnitt

1,09

0,57

Resultat auke

-0,10

-0,86

0,66

Tabell 3. Rentekostnad på auke av besetning. Auke av besetning kostar ca. 4 kr/litere du aukar i produksjon

4 % rente

Ku

18 000

Påsett

14 000

Rente

1280

verdi dyr pr l

4,55

Kyr

14,2

Sum

18210

Tabell 4. Kostnadar med 100.000 liter i ekstra. Gjennomsnittstal

100 000 liter ekstra

Arbeidskostnad (kr/time)

250

Leige kvote

150 000

Leige jord (dekar)

87

52 070

Maskinarbeid

117 000

Ekstra pga avstand

50 %

69 348

Robot / mek

20 000

Arbeid jord (timer/dekar)

1,0

21 696

Arbeid fôring/fjos pr dyr (timer)

20

71 134

Rente dyr

18 210

Sum

519 458

Sum pr liter

5,19

Tabell 5. Fordeling mellom utleigar og aktiv bonde med kvotepris kr 1,50 ved bruk av middeltal

Fordeling – utleigar og aktiv bonde

Kvote

1,50

Jord

0,52

Sum Utleiar

2,02

Arbeid

0,93

Resultat

-0,86

Sum Bonde

0,07

Tabell 6. Fordeling mellom utleigar og aktiv bonde med kvotepris på kr 0,60 ved bruk av middeltal

Fordeling – utleigar og aktiv bonde

Kvote

0,60

Jord

0,52

Sum Utleiar

1,12

Arbeid

0,93

Resultat

0,04

Sum Bonde

0,97