Forskjellig
Dagbok fra Oppigard

Våt halm og kyr med diaré

Livet som bonde er fylt med oppturar og nedturar. Lukke over at prosjekt blir vellukka og uro når dyra blir sjuke.

Tekst og foto
Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

nina.engel@enivest.net

Kalv i garasjen var eit vellukka prosjekt.

Snøven har lagt seg over hus, fjøs og marker. Etter kveldsstellet lyser månen kvit, og det er ikkje råd å ta kveld heilt enno. Rattkjelkane vart pussa støv av. På toppen av bygda kan vi nyte utsikta. Det er lys i både hus og fjøs. Nokre fjøs med kyr, nokre med sau og andre med ammekyr. Ei fin landbruksbygd! Turen ned den lange bratte vegen var som då eg var lita, skummel og kjekk på same tid. Vinteren har sin sjarm.

Prosjekt «Kalv i garasjen»

Det er stille i garasjen. Der skulle det eigentleg vere eit yrande kalveliv no, men i staden så er lyset slått av og alle kalvane vi har att står fordelt inne i dei to fjøsane. Var det eit mislukka prosjekt med kalv i garasjen? Nei, det var i høgste grad vellukka! Eit fantastisk liv for ein kalv å vere ute i frisk luft, springe rundt, ete, drikke og sove i den tørre og varme halmen. Det var rikeleg med plass til kalvane og det gav eit stressfritt miljø. Som regel så åt dei på same tid, sov på same tid og starta to å springe rundt, så hengde fort alle dei andre seg på leiken. Eg vart aldri lei av å sjå på kalvane. Eit høgdepunkt var når ny halmballe vart sett inn. Då herja dei med den, så det var lite arbeid att å jevne resten. Det vart raskt varmgang i tallen. Etter kvart som kalvane vart fleire, voks og åt meir, så vart sjølvsagt trongen for halm større. Og her dukka etterkvart problemet vårt opp også. Når vi starta på desember, så var all halmen vi hadde tilgjengeleg rå - ja, nesten våt! Og med minusgrader, så vart det ikkje lenger ei lun og varm seng. Halmen fraus og det var ikkje lenger triveleg. Det beste for kalvane var no å flytte inn att i fjøsane. Alt var vellukka, slik eg ser det. Dei brukte mykje av tida til å ete, og tilveksten var god. Dei trivdes, var friske og harmoniske, og dersom eg til neste år får kjøpt tørr halm, så ser eg ingen grunn til at dei ikkje kan vere i garasjen nesten heile vinteren.

Kanskje smittsam diaré

Så var det vår tur. Magane på kyrne vart lausare og lausare. Eg tenkte på det nye kraftfôret, som vi nett hadde starta på. Same type, men ny resept. Og så sjølvsagt kom det samstundes med skifte mellom slottar i siloen. Ja, der ser du - kjøpe 10 tonn på ein gong du liksom, tenkte eg, og ser opp på den nye kraftfôrsiloen som ruvar høgare enn alt anna her på bruket. Nei, det var ikkje fôret denne gongen, men den frykta diareen. Så er ikkje rutinane gode nok. Frakk og stølvar er ikkje nok. Dyrlegane har vore her meir enn nok siste tida. Ein akutt jurbetennelse og ein børslyng som måtte opererast. Den opererte kyra hangla, og fleire besøk med meir smertestillande og medisin vart naudsynt. Eg hadde akkurat hatt eit rusj med inseminering. Kjempegreier altså. Eg såg for meg eit hiv med kalvingar i august, og var lukkeleg...ei stund. For når kyrne fekk diaré, så vart dei sjuke - veldig sjuke. Matlysta stoppa opp og energien forsvant. Dei var matte i blikket og øyrene var meir på nedover enn oppover. Mjølka minka og eg vart i dårleg humør. Æsj, kor ufatteleg utriveleg! Eg tok dei grepa eg kunne. Ned 1 kg kraftfôr på alle i fyrste omgang og så auka eg frå 1,6 kg til 2,6 kg med betefôr. For bete vil dei ha uansett, sidan det er smakeleg og søtt. Betefôr er sukkerroe tilsatt litt melasse, og slik får kyrne tilført meir nedbrytbart fiber og sukker i rasjonen. Ein bonus er at det dempar urea slik at kyrne tek lettare kalv. Akkurat no var eg veldig lukkeleg over at eg hadde rikeleg med bete i den gamle kraftfôrsiloen. Vi erstatta siloen med ensilasje med 70 prosent tørrstoff. Vi mangla sjølvsagt grovfôr slik som så mange andre, og sidan vår eigen silo inneheldt lite tørrstoff, så valde eg å kjøpe inn tørr ensilasje til å blande i siloen. Dette kom godt med no. Tiltaka såg ut til å verke. Magane kom seg, appetitten auka og mjølkemengda kom tilbake, men det gjorde også brunsten! Nesten samtlege av dei som var inseminerte før diareen sette inn, kom i ny brunst. Når det stod på som verst, så hadde eg ikkje lyst til å gå i fjøsen og jobben var ikkje lenger lystbetont. Då hende det eg sjølv har snakka varmt om. Kollegaer ringte eller sende melding til meg. «Hei, korleis går det? Er det gale og korleis har du det»? Det var utruleg godt å oppleve, og det hjalp verkeleg i kvardagen at nokon brydde seg og tok kontakt. Ingen andre enn bønder forstår heilt korleis dette livet er.

Kalvane nyter livet i halmen.

Gentesta kviger

Den nye kraftfôrsiloen er på plass. Det var eit spanande prosjekt å få ein så stor silo på plass. Den rommar 17 tonn.

Som så mange andre, så bestilte eg gentesting på kvigene. Då svara kom, så hadde eg vore lur nok til å notere ned dei opprinnelege avlsverdiane deira. For det vart ein opptur! I gjennomsnitt så auka avlsverdien med 14,74. Eg hadde til dømes ei kvige som gjekk frå 2 til 30. Det er ei auke i avslverdi på 28! Ei anna gjekk frå 8 til 30, og kjekt var det når 662 Peggy ikkje hadde 24, men faktisk 46 i avlsverdi. Dette gav utslag på mødrene også, så no tykkjer eg at forutsetningane for å gjere eit betre avlsarbeid er langt betre. Dette var moro, så etterkvart vil det bli mange med grøne merker i øyrene her hjå oss. Men no er det viktig at vi ikkje trur at «oppskrifta» på dyra er komplette med denne testen. Registreringane vi og eventuelt veterinæren legg inn i Husdyrkontrollen tel framleis like mykje, så det er viktig at vi gjer eit grundig og nøyaktig arbeid der! Bruk litt ekstra tid på å få opplysningane så korrekte som råd, få med alle opplysningane som skal meldast inn og ikkje minst få rett nummer på rett kalv! Her med oss gjer vi klar merketanga og merket til kalven når den blir født, og så blir vi ferdige med merkinga før vi går frå fjøsen att. Både praktisk, sikkert og lettvint. Feil farskap og kluss i forhold til feilmerking må vi slutte med folkens! Gentesting er eit steg vidare på vegen mot ei enno betre kyr. Eg heiar på Norsk Rødt Fe.