Forskjellig
Dagbok fra Oppigard

Ein sommar er over

Nokon har hatt den beste sommaren på lenge, medan andre har hatt den verste. Sjølv har vi vore heldige og kan fôre dyra våre med rikeleg grovfôr heile vinteren.

Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

nina.engel@enivest.net

Tekst og foto

«Silke» med utsikt over Gloppefjorden.

Det er eit kaldt drag i lufta. Fuglane samlar seg på strengane og øser kvarandre opp, fordi dei skal til syden. Eg har ikkje lyst til syden, for sol og varme fekk vi nok av i sommaren som gjekk. For folk flest så var dette heilt fantast­isk, men vi bønder er kanskje ikkje heilt som folk flest.

Den varmaste sommaren

Ein sommar er over. Den varmaste og tørraste sommaren i manns minne. Ikkje alle vart like hardt råka av tørken, men for svært mange, så må sola etter kvart ha kjentest som ein forbannelse. Det å sjå jorda tørke inn og graset forsvinne både på bø og beite, og det å vite at no har eg ikkje nok mat til dyra mine, må vere ei ufatteleg påkjenning både psykisk og økonomisk.

Kva er det med dette bondeyrket som gjer at vi utset oss sjølve og familiane våre for slikt press og slike utfordringar? Er vi flinkare til å gløyme, er vi sterkare, er vi tøffare, er vi meir intelligente eller er vi rett og slett litt dummare som velger å leve slike liv der regnet, sola, flommen, tørken, vinden og temperaturen pregar dagane våre i så stor grad? Alle prognoser seier at det ekstreme vert det vanlege. Berre tida vil vise det.

Nok grovfôr

På min eigen gard, så gjekk det greit, og reknestykket viser at vi har nok grovfôr denne vinteren. Tenk å vere så forbaska heldig!

Den nyaste enga verka til å tole tørken best. Kom den fyrst i gang med å vekse, så gav graset ly til grasbotnen. Den eldre enga som var meir glissen, tok fortare til å svi bort. Sjølvsagt var jordsmonnet avgjerande for kor tørke­sterk eller svak jorda var, og sidan jorda vi sler i stor grad er moldhaldig og lite sand, så gjekk det bra.

I skrivande stund, så er det meste av 3. slotten ferdig rundballa. Eg har ikkje erfaring med bruk av hausta 3.slått, så det vert spanande å sjå korleis vi best skal nytte fôret. Ei fôrprøve vert naudsynt, slik at eg kan planlegge korleis dette skal nyttast på best mogeleg vis. 1.slott viser at det vart lite energi i grovfôret. Det dårlegaste var sjølvsagt slått sist, og inneheldt kun 0,74 FEm. Dette har sinkyrne alt ete opp. Plansiloen er full med grovfôr som eg trudde var betre enn det skulle vise seg. For med 0,76 FEm, så må fôrplan og type kraftfôr justerast slik at kyrne får nok energi. 2.slott viser derimot eit litt betre resultat på 0,82 FEm.

Sure kyr i utmarka

I år skulle vi nytte utmarka maksimalt - var planen, men kva gjer du når dyra vert gåande fram og tilbake langs med gjerdet og raute dag etter dag? Eg følgde buskapen opp att og hjalp dei å finne nye beiteplassar gong på gang, men etter kort tid, så var dei komne ned igjen. Graset i utmarka var visna og det vart lenger og lenger å gå for å finne vatten. Dei vart rett og slett svoltne og sure, og eg måtte gje meg over og sleppe dei ned på innmarksbeite lenge før eg hadde tenkt. Dei fleste kvigene gjekk att i utmarka, og når regnet kom tilbake, så grøna det fort på igjen i heile skogen, og kvigene fråtsa i friskt gras. Eg gjorde eit forsøk på å snu heimeflokken tilbake til skogen, men det kunne eg spart meg. Dei trudde sjølvsagt at skogen var den same tørre og matlause plassen, så den vegen var det ikkje aktuell å gå! I tillegg til dei dyra mine som vende ­tidleg heim, så var også sauene i bygda snare å kome ned att. Skal seie det gjekk hardt utover nettingen i gjerdet fleire plassar, for sauen gjer seg ikkje før dei er under, over eller gjennom!

Vanlegvis treng vi aldri «brynje» kalvane på beite, men denne sommaren tørka elva ut.

Haust

Hausten har sin sjarm. Stearinlyset vert igjen tent på kjøkkenbordet, vasskok­aren til te og kakao er i bruk dagleg og det luktar av bjørkeved frå den opptente vedovnen. I fjøsen og i kalvefjøsen aukar det på med småkalvar. Mykje oksar så langt, men det får vi håpe at jamnar seg ut. 26 kyr og kviger skal kalve her hjå oss før sesongen er over.

Som de kanskje hugsar, så skreiv eg i ein av mine tidlegare artiklar om diarè på buskapen. Den førte til at ca. 12 av dei som var inseminert fyrst, kasta og/eller ikkje tok kalv. Av den grunn, så er det ein uvanleg treg sesongstart her med oss, og det er veldig frustrerande. Lite kan eg gjere med det no, men kvote­fyllingsgraden skal bli tøff å forbetre. Sine tidleg og kalve seint er dårleg butikk.

Tankar i tida

Det er eit godt liv å vere bonde, om ikkje kvar dag er like god. Ein vert utfordra og ein må utfordre seg sjølv. Å eige jord forpliktar og krever, men å eige dyr er eit enno større og meir ­krevande ansvar. Dyrevelferd er viktig, og ved ny kunnskap, så skal vi som dyreeigarar streve etter å leggje best mogeleg til rette for god dyrevelferd. Men kven er det eigentleg som skal definere kva som er god dyrevelferd? Er det Mattilsynet åleine eller er det forbrukarane? Vi opplever no at ­kjedane nyttar makta si til å velge bort egg frå høner i miljøbur og at Dyre­vernalliansen aleine skal definere kva som er god dyrevelferd i ei ny merkeordning finansiert av ein matvarekjede. Der krev dei til dømes at ku og kalv skal gå saman i minst seks veker. Dette er det lett å ha mange meiningar om, men det som skremer meg, er korleis vi i framtida vil produsere maten, vert bestemt og styrt utanfrå, og gjerne frå krefter som eigentleg ikkje sit inne med reell faktakunnskap om dyrestell og dyrehold. Vil vi evne å formidle den reelle kunnskapen tru­verdig slik at vi når ut? Eg trur uansett at i framtida, så vil vi i større grad måtte strekkje oss lenger enn kva vi meiner er korrekt i dette spørsmålet.

Eg likar å bruke tid med småkalvane, for å byggje ein god relasjon alt frå starten.

Takk for meg

Der tok samfunnsdebetanten i meg litt over, men landbruket er ei ufatteleg viktig, men også ei sårbar næring, og det er lett å la seg engasjere.

Det har vore ei fantastisk oppleving å få lov til å fortelje for dykk korleis vi har det her i Oppigard, men no ynskjer eg å takke for meg, så dette vert den siste «Dagbok frå Oppigard» i Buskap. Eg er viss på at min arvtakar også vil vere engasjert og ha eit stort hjarte for landbruket, og som de vil ha stor glede av å lese gode artiklar frå.

Tusen takk for meg!