Økonomi

Kjøttproduksjon – full pakke eller spesialisering?

Når lønar det seg å selje fôringskalv eller ha full framfôring i ammekuproduksjonen? Det har Nibio sett på i ein rapport på oppdrag frå storfekjøttsatsingane i Hedmark, Oslo og Akershus.

Agnar Hegrenes

Pensjonist Nibio

agnar.hegrenes@nibio.no

Vegard Urset

Seniorrådgiver

Fylkesmannen i Hedmark

FMHEvur@fylkesmannen.no

Rapporten syner at i Akershus, Hedmarken og Glåmdalen blir resultatet like godt eller betre ved å selje fôringskalv og ha fleire ammekyr enn ved å ha full framfôring. I Sør- og Nord-Østerdalen er det derimot gunstigast å ha full framfôring sjølv.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Ammekyr står for ein aukande del kjøttproduksjonen i Noreg. Både i mjølkeproduksjon og i ammekuproduksjonen er det vanleg å fôre fram alle kalvar til livdyr eller slakt. Ein stor del av kjøtproduksjonen skjer på bruka der kalvane er fødde, men ein del mjølkeprodusentar sel fôringskalvar og spesialiserer seg på mjølkeproduksjonen. Sal av avvende kalvar til sluttfôring og heller ha fleire mordyr er derimot ikkje så utbreidd i ammekuproduksjonen, men kan det vere aktuelt? Dette var eit av spørsmåla som vart vurderte i prosjektet «Spesialisering eller full pakke?» som Nibio har utført for storfekjøtsatsingane i Hedmark og i Oslo og Akershus. Se føresetnader for kalkylane på neste side.

Nettoresultat ammekyr i basisalternativet (full framfôring) og når ein justerer for at ein kan ha fleire kyr ved sal av fôringskalv (kr per ku)

Lett rase

Tung rase

Akershus

Med kjøtt

3 824

6 457

Utan kjøtt

4 481

6 434

Hedmarken

Med kjøtt

3 433

6 025

Utan kjøtt

4 093

6 005

Glåmdalen

Med kjøtt

5 562

8 456

Utan kjøtt

5 433

7 494

Sør-Østerdalen

Med kjøtt

8 552

11 746

Utan kjøtt

7 585

9 770

Nord-Østerdalen

Med kjøtt

8 065

11 222

Utan kjøtt

7 099

9 247

Tala for basisalternativ er henta frå tabell 5.6 i prosjektrapporten. Tala på linja «Fleire kyr» kan samanliknast med tal for «Basisalternativ» og «Med kjøtt» i same region og same type ammeku.

Nettoresultat for dei to ­alternativa

Tabellen viser nettoresultat per ammeku når ein går ut frå full framfôring (basisalternativet) og når ein går ut frå sal av fôringskalv (fleire kyr). Tabellen viser at i Akershus, Hedmarken og Glåm­dalen kan resultatet bli like godt eller betre ved å selje fôringskalv og ha fleire ammekyr enn ved å ha full framfôring. Dette gjeld særleg om ein har lett rase. I Sør- og Nord-Østerdalen er det ­gunstigast å ha full framfôring sjølv om ein kan ha fleire ammekyr ved sal av fôringskalv. I Glåmdalen er sal av fôringskalv og fleire kyr omtrent likeverdig med full framfôring for lett rase, men ikkje for tung rase.

Forklaring på regionale ­skilnader

Noko av desse skilnadene i resultat skuldast at skilnaden i arealkrav for ku med og utan fullt oppdrett er minst i Østerdalen. Ei anna forklaring er at prisen på fôringskalv er den same i alle regionar medan distriktstilskotta på kjøtt fører til at kjøttprisen er høgast i Østerdalen. Det kan verke litt paradoksalt at det er meir lønsamt med full framfôring i Østerdalen enn lenger sør. Østerdalen har kortare vekstsesong enn områda lenger sør, men store beiteressursar. Kanskje er det i Østerdalen at mordyra burde gått og at ­kalvane burde bli fôra fram ein annen stad? Kan det vere underliggande ­forhold som føresetnadene ikkje har fanga opp?

Faktorar som gjer sal av ­fôringskalv endå gunstigare

Ved å selje alle oksekalvar som fôringskalvar kan ein ha alle dyra på beite om sommaren og ein slepp fjøsstell i beitetida. Vinterstellet kan vere enklare om ein har berre kyr og ­kvigekalvar enn om ein og har oksar. For å få god tilvekst på oksar kan ein måtte ha betre grovfôr enn det ammekyr og ­kviger kan klare seg med. Bygningane kan vere enklare om ein sel alle oksekalvar. Desse faktorane ­trekkjer i retning av at sal av fôringskalv er gunstigare enn kalkylane viser.