Fôr

Høgt tørrstoff med mindre gjæringsprodukt og meir sukker

Sommaren kom tidleg, men har vore ei utfordring i Sør-Norge med ekstrem tørke og dårlege avlingar. Fokus har vore å få nok fôr, medan kvaliteten har vore underordna. I Nord har det vore motsett; sein vår, kaldt og mykje regn. Men kva viser så resultata av fôrprøvene så langt i haust?

Ingunn Schei

Spesialrådgiver i Tine

ingunn.schei@tine.no

Alle fylka, bortsett frå Trøndelag, har høgare tørrstoff på 1.slåtten i år enn i fjor.

Foto: Jan Erik Kjær

Per medio september er det analysert 2 200 prøver av 1.slåtten og 470 ­prøver av 2.slåtten med næringsanalyse. Dette er 150 fleire prøver enn på same tid i fjor. I år var det rekordtidleg 1.slått i Sør-Norge, og det er nok år­­saken til nokre fleire prøver enn på same tid i fjor. Næringinnhald og ­gjæringskvalitet i 1. og 2. slåtten på landsbasis hittil i år er vist i tabell 1.

Tabell 1. Næringsinnhald og gjæringskvalitet i 1. og 2. slåtten på landsbasis per medio september.

Høgt tørrstoff

Karakteristisk for årets fôr er høgt ­tørrstoff. Flotte hausteforhold ga god fortørking også i område som ofte har mykje regn. Vanlegvis ligg tørrstoffet på 30 til 33 prosent på landsbasis, men hittil i år er gjennomsnittet over 40 prosent både på 1. og 2.slåtten. Variasjonen er sjølvsagt stor; det er prøver under 20 og over 80 prosent. Figur 1 viser gjennomsnittleg tørrstoff per fylke for 1.slåtten samanlikna med i fjor. Alle fylka, bortsett frå Trøndelag, har høgare tørrstoff på 1.slåtten i år enn i fjor. Dette gjeld også for dei nordlegaste fylka, sjølv om det foreløpig er få prøver særleg i Finnmark. Høgast tørrstoff er det generelt på Austlandet, men auken i tørrstoff i forhold til i fjor er størst i Rogaland. Frå Rogaland og nordover blir forskjellen mindre til ­nærmare Trøndelag ein kjem. Variasjonen frå år til år viser kor viktig det er å ha kontroll på tørrstoffet for å kunne planlegge fôrbehovet. Dersom tørr­stoffet aukar frå 30 til 40 prosent i ein rundball på 750 kg vil det gi 75 kg meir tørrstoff. Sparar ein på grovfôret og gir 6 kg tørrstoff til ei mjølkeku per dag vil dette holde i 38 dagar når tørrstoffprosenten er 30 og i 50 dagar ved 40 prosent tørrstoff. Det er altså viktig å vite kva tørrstoff det er i rundballane så ein kan berekne kor mykje fôr ein har til rådigheit.

Mindre syrer og ammoniakk

Auka tørrstoff reduserer gjærings­intensiteten, og det ser vi igjen på lågare innhald av mjølkesyre, eddiksyre og ammoniakk. Summen av syrer pleier å ligge på rundt 60, men er no under 40. Dette kan vere positivt for fôropptaket, men det reduserer energiverdien fordi syrene bidreg til energi i vomma. På den andre sida bidreg auka sukkerinnhald til auka energiverdi slik at disse vil motverke kvarandre. Men vi ser at det er ein del fôrprøver med lågt sukkerinnhald og lite syrer og som kjem ut med lågare energiverdi enn ein kanskje hadde forventa når ein ser på fôrprøva elles.

Meir råprotein og sukker

Både råproteinet og sukkeret er høgare i år enn i fjor, medan NDF (fiber) er litt lågare. Råproteinet er sirka 10 gram over nivået i fjor på 1.slåtten og meir på 2.slåtten, og det er relativt mykje. Dette er typisk når avlingane blir lågare enn forutsett i gjødslingsplanane. Figur 2 viser gjennomsnittleg innhald av sukker for dei ulike fylka på 1.slåtten. Sukkeret varierar frå 50 gram i Nordland til nesten 90 gram i gjennomsnitt for Hedmark. Høgt sukkerinnhald får ein ved moderat gjæring. Det oppnår ein gjerne ved god fortørking og eventuelt bruk av syrebaserte ensileringsmiddel i vått fôr i silo/rundball. Sukker er bra for fôropptaket og for feittprosenten i mjølka.

Fôrverdi

Fordøyelegheita av fôret er omtrent som i fjor og totalt sett er energiverdien også omtrent som i fjor. Energiverdien per fylke for 1.slåtten er vist i Figur 3, og den viser at variasjonen mellom fylke er stor. Rogaland og Vest-Agder ser ut til å komme godt ut i år, men også Hordaland og Sogn og Fjordane har atskilleg betre energiverdi enn i fjor då det var store utfordringar med regnet. Hedmark, Oppland og Buskerud kjem ut med lågare energiverdi enn i fjor, men elles ligg energiverdien hos fylka i øst over fjoråret. Proteinverdiane, AAT 20 og PBV 20, er også høgare enn i fjor, men her er det stor variasjon. Det er difor viktig å få tak i kraftfôr som er tilpassa særleg PBV-verdien i det fôret ein har sjølv. Generelt så viser resultata av fôr­analysene at det er store variasjonar og at det dermed er viktig å ta fôranalyse.

Figur 1. Tørrstoff: Gjennomsnittleg tørrstoff i fôrprøver av 1.slåtten per fylke i 2017 og 2018 (per medio september).

Figur 2. Sukker: Gjennomsnittleg innhald av sukker i fôrprøver av 1.slåtten per fylke i 2017 og 2018 (per medio september).

Figur 3. Energiinnhald: Gjennomsnittleg energiinnhald (MJ NEL20/kg TS) i fôrprøver av 1.slåtten per fylke i 2017 og 2018 (per medio september).

*foreløpig kun 6 prøver frå Finnmark