Forskjellig

Enklare styring av kvotetilpassinga

Mjølkeprognose med automatisk utrangering er nå lansert og vil vera eit godt hjelpemiddel til å forutsjå mjølkeproduksjonen i buskapen.

Åse Flittie Anderssen

Fagspesialist Tine Fagavdeling

ase.anderssen@tine.no

Det vil skje endringar i ein buskap heile tida. For at Mjølkeprognose skal forutsjå mjølkeproduksjonen i buskapen er det viktig å køyre ny prognose med jevne mellomrom.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Det er ikkje alltid så enkelt å forutsjå kor mykje mjølk buskapen vil produsere utover i kvoteåret. Tine Mjølkeprognose er eit godt hjelpemiddel i så måte, i og med at den tek omsyn til forventa kalvingar, planlagt avdrått, bruk av mjølk til kalvane og andre forutsetningar du som bonde vil bruke. Nå har vi utstyrt ein testversjon med såkalla «utrangerings-assistent» som automatisk kjem med forslag til kva for kyr og kviger som bør utrangerast, og kva tid det bør skje. Dette gjer at du kan lage ei god prognose med mindre tidsforbruk enn med den «gamle» versjonen, spesielt når det er att mange månader av kvoteåret eller du vil ha med neste kvoteår i prognosa. Den «gamle» prognosa er fortsatt tilgjengeleg for alle. Testversjonen krev at du har abonnement på Tine Bedriftsstyring Pluss, som er gratis i ei periode framover.

Forslag til utrangering

Forslaga til utrangering av kyr og kviger blir styrt ut frå:

  • Berekna antal kuplassar i fjøset

  • Mjølkekvote

  • Rangering av kyr i buskapen ut frå kva dei presterer på fylgjande seks område: Avdrått, fruktbarheit, celletal, mastitt, fett- og proteinprosent i mjølka. Dei ulike områda er vektlagt på grunnlag av sannsynleg økonomisk verdi. Så blir delverdiane summert og utgjer kuas «verdi-indeks» på rangeringstidspunktet. Rangeringa blir til kvar tid automatisk oppdatert med ny informasjon som kjem inn i Kukontrollen.

  • Rangering av kvigene på grunnlag av avlsverdi og fruktbarheit, med ein tilsvarande «verdi-indeks» som for kyrne.

I tillegg er det lagt inn sperre slik at nykalva kyr (fyrste månad etter kalving) og høgdrektige kyr og kviger (over seks månader sidan siste inseminasjon/paring) ikkje får utmeldingsforslag sjølv om dei har dårleg rangering. Desse dyra blir utsatt til dei er i «åpen» periode i forhold til desse sperrene.

Du kan fritt fjerne, legge til eller endre dei foreslåtte utrangeringane – akkurat som før. I så fall vil programmet hugse dette til neste gong du vil køyre prognose, og berre drive auto-utrangering på resten av ku- og kvigeflokken.

Fjøsplass

Dette blir ikkje rapportert i Kukontrollen. Programmet foreslår at antal kuplassar er lik det høgaste antal mjølkekyr på ein av desse datoane: Dagens dato, 1. november, 1. januar eller 1. april. Bonde og rådgjevar kan fritt overstyre dette og setja inn korrekt antal kuplassar. Programmet hugsar talet til neste gong du vil køyre prognose.

Styringa i programmet er slik at det kjem forslag til utmelding av ei ku eller ei kvige dersom maksimalt antal kuplassar ellers blir overstigi neste gong ei kvige er daglaus. Vidare «tenkjer» det at du som bonde ikkje vil ha færre kyr enn minimum 85 prosent av antal kuplassar, og stoppar i så fall auto-utrangeringa. I slike tilfelle kan prognosa koma ut med betydleg overproduksjon.

Mjølkekvote

Vi hentar informasjon om mjølkekvotene frå Landbruksdirektoratet for inneverande kvoteår.

Som regel rekk ikkje Landbruksdirektoratet å legge ut kvotene for det nye kvoteåret før i januar-februar. Mjølkeprognosa brukar da førre kvoteårs kvote som forslag. Mjølkekvota i neste kvoteår er sjølvsagt ikkje tilgjengeleg, og programmet foreslår automatisk same disponible mjølkekvote som i inneverande kvoteår. Du kan fritt redigere kvota; – hugs spesielt på å gjera det dersom du kjøper/selger eller leiger/leiger ut delar av kvota frå nytt kvoteår.

Mjølkeprognosa vil søke å tilpasse seg slik at kvota blir fylt dersom fjøsplass, avdrått og så vidare tillêt det. Med auto-utrangering vil du som regel få eit forslag som overfyller kvota litt. Den droppar utrangeringa på den siste kua eller kviga som utløyser berekna overproduksjon, framfor å foreslå ei prognose med underfylling.

Verdisetjing på dei ulike eigenskapane til kyr og kviger

Vi har prøvd å vektlegge resultata på kvar eigenskap avdrått, fruktbarheit, celletal, mastitt, fett- og proteinprosent i mjølka, og avlsverdi for kviger, ut frå faktisk økonomisk betydning i forhold til kvarandre. Her er ei grov forklaring på korleis det er gjort.

Avdrått: Kvar ku får berekna ein sannsynleg avdrått framover i tid ut frå kva ho presterte i førre 305-dagars laktasjon, og korleis ho har starta i inneverande laktasjon. Resultata blir heile tida målt som avvik frå buskapsmiddel for same laktasjonsnummer (1. laktasjon, 2. laktasjon, eldre). For kviger gjer vi ein liknande korreksjon ut frå mjølkeindeksen deira.

Ut frå Mjølkonomistatistikk reknar vi pr. i dag 3,00 kr i dekningsbidrag per kilo kua/kviga er forventa å avvike i avdrått frå buskapsmiddel.

Fruktbarheit: Her blir alltid berekna delverdi enten null eller negativ. Nullpunktet for kyr er under eller lik 12,5 månader (380 dagar) sannsynleg kalvingsintervall, og for kviger er det ca. 26 månader (795 dagar) alder ved fyrste kalving. For kvar dag ut over nullpunktgrensa blir kua/kviga straffa med 40 kr/dag.

Celletal: Utgangspunktet er berekna geometrisk middel celletall for kua på dei tre siste kontrollane. Ut frå dette gjer vi ei berekning av sannsynleg kronebeløp dette medfører i form av produksjonstap og kvalitetstap.

Mastitt: Her teller vi sum antal mastittar + speneskader + behandlingar ved avsining dei siste 12 månader for kua. Dei fleste har 0 behandling, og får da delverdi 0 kr for mastitt. I dag reknar vi 1 000 kr i kostnad per mastitt- og speneskadebehandling, og 300 kr for behandling ved avsining. Sistnevnte er billegare fordi det ikkje utløyser tapt meierileveranse, men her kan det også bli berekna tap dersom kua har høgt celletal.

Fettprosent: Her bereknar vi kuas avvik i fettprosent i forhold til samanliknbare kyr i buskapen (laktasjonsnummer) og multipliserer med kuas predikerte 305-dagars kg mjølk for inneværende laktasjon. Vi får berekna kor mange kg mjølkefeitt avviket blir og multipliserer med halvparten av Tines priskorreksjonen pr. tidel prosent fett. Vi brukar halv sats fordi vi reknar med at fôrkostnaden er høgare for fettrik mjølk enn for fettfattig mjølk – altså at «dekningsbidraget» blir halvparten av betalingssatsen for fettprosent som avvik frå 4 prosent.

Proteinprosent: Her blir delverdien berekna på tilsvarande måte som for fettprosent.

Avlsverdi (kviger): Eigen avlsverdi blir målt mot middel avlsverdi for alle kvigene i buskapen. Avviket – positivt eller negativt – blir i dag multiplisert med 350 kr per poeng.

Avlsverdi (kyr): Vi viser kuas avlsverdi i «Rangering mjølkekyr», men den inngår ikkje i verdi-indeksen. Da hadde vi fått ein dobbeleffekt gjennom at det som regel er samanheng mellom kuas genotype og fenotype. Geno har heller ingen standardverdi for kva eit avlsverdipoeng er verdt økonomisk.

Ei mjølkeprognose varar ikkje evig, veit du...

Det skjer uforutsette endringar i ein buskap heile tida. Til dømes at ei god ku døyr eller må sendast til slakt, eller at avdråtten utviklar seg annleis enn det du la inn i førre prognosa. Derfor er det viktig å køyre ny prognose med jevne mellomrom. Det aukar sjansa for at du greier å setja inn tiltak i tide og dermed oppnår god kvotetilpassing. Og med autoutrangering går det kjapt.

Hugs at Mjølkeprognosa er basert på data frå Kukontrollen, slik dei ligg inne den dagen prognose blir køyrt. Ajourført kukontroll til kvar tid gjev det beste grunnlaget for å få ei prognose du virkeleg kan styre etter.

Figur. Utrangering. Den venstre av dei gulmarkerte kolonnene er ny, og er basert på «Rangering mjølkekyr» og «Rangering kviger». Datoane for planlagt utmelding er her kome via automatisk forslag i mjølkeprognosa.