Reportasje

Helsestorfe gir betre lønnsemd ved livdyrsal

Olav Ugulen i Luster kommune i Sogn og Fjordane er ein av seksten produsentar i dette veterinærdistriktet som har fått status som Helsestorfe. Dette betyr at besetninga hans er fri for smittsam diarè og hoste. I tillegg har han tilfredstillande smittesluse for persontrafikk og smittesikker utlasting av dyr. Ekstrabetalinga er 400 kroner per kalv og 1 000 kroner for ei drektig kvige.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Smittesikker utlasting av dyr hjå Olav: Dyra vert oppstalla i binge innanfor dørane, og når dyrebilen kjem, legg han flaken på plattingen og dyra kan gå rett inn på bilen utan at sjåføren må inn i fjøsen.

Motivasjonen Olav Ugulen har for at besetninga hans skal vera Helsestorfe, er at han oppnår betre pris ved sal av livdyr.

Sogn har eit forholdsvis lågt smittepress når det gjeld utbrot av bovint respiratorisk syncytialvirus (BRSV) og bovint coronavirus (BCoV), og det er mange besetningar som har grøn status, eller med andre ord er fri for smittestoff i sine besetningar. På tross av mange med grøn status, er det likevel ikkje så mange med status Helsestorfe, og her ligg eitt stort potensial til forbetringar. – Det er ikkje vanskeleg å oppnå denne statusen når ein er fri for virus, smiler Olav. - Det viktigaste er at ein saman med dyrlegen som skriv ut attesten, tek ein gjennomgang på smittevern i besetninga, og at ein sjølv er motivert for å gjera endringar og leggja til rette for å verna buskapen sin mot smitte utanfrå. Ein treng ikkje ny, moderne smittesluse eller utlastingsrampe, men ein må finna ei løysing for persontrafikk og utlasting av dyr slik at dette skjer på ein smittesikker måte. Slike løysingar kan til dømes rådgivarar eller dyrlegar vera med å finna ut av.

Frå raud til grøn besetning

For Olav var vegen mot å bli Helsestorfe litt krevjande, men han gav seg ikkje sjølv om han i dei fyrste omgangane fekk raud status. På etterjulsvinteren i 2015 var det fleire besetningar i Luster kommune som fekk utbrot av smittsam diarè, og mykje tyder på at det var BCoV som var årsaka. Det var derfor ikkje noko overrasking at tankmjølka til Olav gav raudt utslag sidan mange av kyrne hadde vore sjuke og opparbeidd seg antistoff mot denne diareen. Det er viktig å vera klar over at sjølv om ein finn antistoff på tankmjølka, så treng ein ikkje ha aktiv smitte i besetninga, og ein kan i mange tilfelle vera fri for smitte. Hausten 2016 tok Olav ut mjølkeprøvar av fyrstekalvarane sine, men også denne gongen testa han positiv på antistoff mot BCoV, og besetninga var fortsatt raud. Neste steg var då å venta til kalvane som var fødd på hausten 2016 var over seks månader, for då kunne desse testast for å sjå om dei også hadde vore i kontakt med virus. Ingen av desse kalvane hadde antistoff for verken BCoV eller BRSV, og besetninga endra status frå raud til grøn. Når kalvane hadde grøn status, betyr det at det ikkje er virus for desse sjukdommane i besetninga, for då hadde kalvane også opparbeidd seg immunstoff mot desse virusa.

Helsestorfeattest gir auka inntening

Smitteslusa har tydeleg definert rein og urein sone, og det er overtrekksklede og sko til besøkjande. I tillegg er det mogelegheiter for handvask i denne slusa.

Neste steg for Olav var då å få attest frå dyrlege om at han har tilfredstillande smittevern for persontrafikk og inn- og utlasting av dyr. – Her gjekk eg og dyrlegen gjennom kritiske punkt for smitteoverføring, og så fylte me ut attest som vart sendt til kontrollprogrammet for endeleg godkjenning og for registrering i mellom anna Nortura sitt system, fortel Olav. – For meg betyr denne ekstra utbetalinga frå Nortura ein del, for eg sel alt av oksekalvar, nokre kvigekalvar og kanskje drektige kviger til liv, og dette vert det pengar av, slår Olav fast. Ekstrabetalinga ligg på 400 kroner per kalv og 1000 kroner for drektig kvige.