Forskjellig

Lean inn i driftsleiinga

Det er viktig å få Lean inn som ein kultur, men det er alltid utfordringar med å gjennomføra ei endring. Over heile verda vert det arbeida med Lean på mjølkebruk. Det skal hjelpa bonden til å få meir ut av ressursane.

Tekst og foto:
Eivind Vik

Spesialrettleiar i Tine

eivind.vik@tine.no

Knut Johan Singstad jobbar systematisk med forbedringar. Her framfor kalvehytta som gir trivelege kalvar og lett fôring.

Bonden har ei krevjande leiaroppgåve. I tillegg til å utføra mykje av det praktiske arbeidet har han også mykje av dei same oppgåvene som leiarar i andre store bedrifter har. Han skal ta strategiske val, og avgjera korleis han vil leggja opp drifta. Kva tankesett og kva prinsipp skal gjelda her hjå oss? Han skal leia seg sjølv og leia andre. Vidare skal han utvikla eit arbeidslag som følgjer bedrifta sitt tankesett. Her kan Lean vera til hjelp både til å klargjera prinsipp og som støtte i det daglege arbeidet med driftsleiing. Som andre leiarar må bonden gå først og visa veg. Leiaroppgåva er krevjande då bonden ofte står åleine og må både utvikle og gjennomføre.

Vanskeleg å få til endring

Gamal vane er vond å venda, og det krevst langsiktig arbeid for å få nye rutinar til å sitja. Me har lett for å falla tilbake til gamle vanar, og det tek typisk 18 månader for å få ei endring til å gå av seg sjølv. Slik er det også med Lean. Dersom ein ikkje bevisst held fokus på at ein skal arbeida med endringa, kan ein lett mista fokus og det blir berre eit blaff. Men nettopp Lean har mange gode verktøy som skal gjera det lettare å halda fokus, og gjennomføra endring. Det gjer det lettare for deg som driftsleiar å nå måla dine. Som oftast må du endra noko for å nå måla dine. Tankesettet må ein heile tida ha med seg, for kvar dag består av ei rekkje avgjerder, store som små. Det gjeld å vege nytte mot kostnad og vita kor motivasjonen kjem frå, slik at ein får flest mogeleg rette avgjerder.

Lean er meir enn sunt bondevett

Sunt bondevett er eit heidersuttrykk som vert nytta langt utanfor landbruket. Leksikon gjev ikkje forklaring på uttrykket, men det står for sunn fornuft. Bonden har alltid måtta teke raske avgjerder – gjerne basert på magefølelse. Han har jobba smart og ubyråkratisk. I Lean søkjer me også det enkle, men me skal også byggje på fakta. Fakta er viktig for å vite kor me står, og eventuelt korrigere kursen. Lean hjelper til med struktur og systematikk. Det avlastar deg i leiaroppgåvene og reduserer psykisk stress. Lean har også verktøy som hjelper til med å få nye rutinar til å sitja. Du skal få best mogleg flyt i arbeidet.

Systematisk forbetring

Det er forskjell på å vera open for nye løysingar og å jobba systematisk med forbetring. Mange bønder er innovative og søkjer stadig nye løysingar. Dette er ein viktig del av forbetringsarbeidet. Dei deltek gjerne på fagtur eller messer, og plukkar med seg gode idear som kan nyttast på eigen gard. Ein av grunntanken i Lean er kontinuerleg forbetring, og du skal jobba med forbetringar på ein offensiv måte. Då skal du jobba systematisk. Dette for å finna og analysera dei mange små tiltaka som kan vera med å gi ein lettare kvardag og betra resultat. Systematisk forbetringsarbeid kan gi fleire idear til framgang. Du konsentrerer seg då om eit tema om gongen og går ikkje over til nytt emne før det første er innarbeidd. Alle på bruket kan ha gode innspel og derfor er det viktig at alle også er med på prosessen. Lean skal skapa rutinar som gjer det lett å gjera rett, og vanskeleg å gjera feil.

Lean-kultur

Ei tavle er nyttig for å halde fokus. Noter forbedringsområde, og ta tak i utfordringane når det når den travle innhaustingstida er ferdig.

Ikkje alle lukkast med å halda fast på Lean-arbeidet. Det ser me i ulike næringar , og det ser me også i jordbruket. Prinsippa i Lean skal hjelpa oss til å skapa ein kultur som etter kvart kan bli så sterk at det går av seg sjølv. I Lean-kulturen finn me mykje av det som ligg i sunt bondevett, og derfor kjenner mange bønder seg att. Mange vil likevel ha nytte av ein person utanfrå som er med og gjev påtrykk for å utvikla kulturen og stimulera til framgang i arbeidet. Lean er ikkje noko som ein vert ferdig med. Det held fram heile tida.

Lean-prinsipp

  • Ta avgjersler ut frå eit langsiktig perspektiv

  • Sjå verdistraumen og ta bort sløsing

  • Skap flyt i arbeidsgangen, og få alle problem opp til overflata

  • Gjer alt så enkelt som mogeleg

  • Bruk visuell styring

  • Ha respekt for menneske og jamna ut arbeidsbelastning

  • Finn stadige forbetringar og læring tek aldri slutt