Reportasje

Landbruksdagane i Valdres

Styringsgruppa for Landbruksdagane i Valdres vedtok å ikkje arrangere ku-mønstring i år på grunn av risiko for spredning av BRSV og BCoV. I «siste liten» ble det likevel vedtatt å arrangera kalvemønstring med nokre ekstra tiltak for å førebygge fare for smittespreiing mellom besetningane.

Tekst og foto:
Tove Grethe Kolstad

Mjølkeprodusent og Genokontakt

norofur@online.no

Siste finish før mønstringa startar.

Det var i år 13 kalvemønstrarar mellom 4 og 13 år. Nokon prøvde det for fyrste gong, mens andre hadde vore med i mange år. Her er det viktig at kalv og mønstrar har god kjemi og trives i kvarandre sitt selskap. Litt gjensidig respekt er også bra. Ungane hadde satt namn på kalvane; Bamsemums, Tingeling, Hopp og Sprett, Willie, Gulla… Kalvane er stort sett veldig sosiale og kosar seg saman med barna. Dyra blir vane med å gå i band, rolege og tillitsfulle. Dette er noko som pregar dyra og heng i resten av livet.

To vinnarar

Arnfinn Beito, leiar i Oppland Sau og Geit, gjekk rundt mellom kalvar og ungar og intervjua dei om namn, alder, kalvens namn, kor lenge dei hadde trena og så vidare. Det kom fram mange gode poeng.

Det vart to vinnarar i år, begge frå Øystre Slidre. Ola Thon Rogne 11 år med kalven (Ford) Mustang. Ho har ein far som er kjøttfe av rasen Limousin og mora er NRF. Han prøvde først ein annan kalv men var ikkje heilt fornøygd og bytta til Mustang. Det var fulltreffer frå første stund. Mustang hadde trikset å hoppe over planken, men det såg ikkje dommarane. Den andre vinnaren er Karl Hillestad Sollie og han blir snart sju år. Han har no hatt kalv på kalvemønstring fire gonger. Karl trives også godt med dyr. Kalven hans er NRF-kalv med god avstamming og kandidat til å bli avlsokse hjå Geno. Kalven vart litt sliten men Karl hadde ein smukk i lomma og fekk han derfor til å gå, i andre lomma hadde han litt kraftfor.

Alle kalvemønstrarane fekk kalve­bjølle, NRF-krus, sløyfe og Felleskjøp-caps. Dei to vinnarane fekk i tillegg stor sløyfe.

Gode okser frå Valdres

Tre Valdres-oksar fekk avlsdiplom. Aller best er oksen 11862 Melby født hjå Cathrine Lykken Melby og Ingar Melby på garden Melby i Dale i Øystre Slidre. Han har 50 i avlsverdi pr. 6. oktober. Oksen ligg godt an til å få avlsstatuetten. Den andre er Ranheim 11851 som er født hjå Ingeborg Jordheim Brenna og Svein Jørgen Ranheim på garden Ranheim i Ranheimsbygde. Den tredje Valdresoksen er 11854 Presthegge som er født hjå Torstein Presthegge på Presthegge i Heggebygde i Øystre Slidre. Han har 39 i avlsverdi pr. 6/10 og er kollet.

Arnfinn Beito, som var dagens leiar, intervjuar vinnarane Karl Hillestad Sollie med kalven Labbetuss og Ola Thon Rogne med kalven Mustang. Karl starta i 2014,bare tre år gammel, og deltok for fjerde gong no. Ola stilte første gong no.