Reportasje

Suksess med fôring etter planlagt avdrått

Fôring etter planlagt avdrått er ein fôrings­strategi for mjølkekyr som går ut på å laga ein plan for mjølkeytinga på førehand, og utifrå denne planen rekna ut kor mykje kraftfôr ein skal gi i tillegg til fri tilgang på grovfôr.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Garberg Nedre («Stasjon») i Selbu kommune i Sør-Trøndelag

  • Asle Hammerhaug Garberg og Marit O. Grøtte

  • Mjølkekvote: 410 000 liter

  • Avdrått: 9 500 kg EKM

  • Kraftfôrforbruk: 30 kg per 100 kg EKM

  • Areal: 400 mål dyrka mark, 200 mål beite

Aktuelle fordi dei har stor suksess med fôring etter planlagt avdrått

Marit har ansvaret for kalvestellet, og ho brukar mykje tid på kalvane. For å få kyr med gode produksjons­eigenskapar og godt lynne, startar jobben med ein gong kvige­kalven er fødd.

Med fôring etter planlagt avdrått får kyrne om lag 60 dagar til å visa om dei responderer på fôringa, og etter dette kan ein justera ned kraftfôrforbruket til kyr som mjølkar mindre enn planlagt. Høgtytande kyr som mjølkar meir enn fem kg over planlagt avdrått per dag, kan ein oppjustera tidleg for å sikra energidekning i tidleg laktasjon. Det er også eit viktig poeng å følgja godt med på holdet, gjennom laktasjonen. Det bør liggja stabilt på rundt 3,0 - 3,5 ved kalving og avsining, men ha ein liten reduksjon på 0,25 – 0,5 holdpoeng frå kalving til toppyting.

Mest mogeleg mjølk på ein økonomisk måte

Asle Hammerhaug Garberg og Marit O. Grøtte i Selbu bygde på fjøsen i 2010 samstundes som dei sette inn mjølkerobot. I samband med utbygginga har paret hatt fokus på at dei ynskjer å produsera mest mogeleg mjølk på ein økonomisk måte, og her er det fôringsrådgivar i Tine Noralv Sandvik kjem inn i biletet. – Me er komme dit vi er i dag saman med Noralv, og sjølv om me har brukt mykje pengar på rådgiving, så er me sikre på at denne investeringa har lønt seg, seier Marit. Dei brukar om lag 20 000 kroner i året på fôringsrådgiving, og i denne summen ligg fire besøk i året, rådgiving på telefon, og det er Noralv som styrer all kraftfôrtildeling via fjernstyring av mjølkerobot og kraftfôrautomatar. – Her er det kundane som bestemmer kor mykje rådgiving dei vil ha, nokon treng berre hjelp i starten, for så å bli nærast «sjølvgåande». Andre vil setja bort mange oppgåver, så her er det individuelle tilpassingar, seier den rutinerte og dyktige fôringsrådgivaren.

Rett hold er avgjerande

Tidlegare var ein del av utfordringa at dyra var litt feite. – No ser det bra ut, smiler Noralv. Holdet bør liggja på om lag 3,0 – 3,5 ved kalving og ved sinlegging. Frå kalving til topplaktasjon er det naturleg og ynskjeleg at kyrne går ned 0.25 – 0,5 holdpoeng fordi dette gir betre fôreffektivitet, men det er veldig viktig at holdtapet i denne perioden ikkje er større enn 0,5 poeng, for det går ut over fruktbarheita og helsa til dyra. Feite kyr har ofte eit stort holdtap i denne tida, og dei har mellom anna nedsett fruktbarheit, dårlegare helse og mindre mjølkeevne. Med andre ord er feite kyr lite lønnsame. – Me har alltid fokus på holdet på dyra, og kvart besøk startar med ein runde i fjøsen der me mellom anna ser på holdet, før me går inn og diskuterer ulike problemstillingar, seier Marit.

Dyra kjem i god brunst tidleg etter kalving, noko som tyder på at fôringa fungerer slik den skal. Paret har svært god kontroll på fruktbarheita, dette går fram av FS-talet som er 90.

Fôrar etter mjølkekurva

Ved fôring etter planlagt avdrått, så vert 1.kalvarane fôra etter ei mjølkekurve, og resten etter ei anna kurve. – Her er målsetjinga at 1.kalvarane skal mjølka 7 500 liter medan dei andre skal mjølka 9 500 liter. Kvigene vert sleppt inn i lausdrifta om lag tre veker før kalving, slik at dei får venja seg til systemet og dei får ei forsiktig opptrapping med kraftfôr. Ved kalving får dyra mellom 2 – 2,5 kg kraftfôr, og ein aukar med 0,5 kg for dagen fram til dei når «testnivået» som for eldre kyr ligg på 11 kg. Det er eitt viktig poeng at dei testar kyrne på eit nivå, før dei eventuelt gir meir til dei som mjølkar mest, for elles vil dei som mjølkar mindre enn planlagt avdrått få for mykje kraftfôr. Eldre kyr som mjølkar meir enn fem kg over planlagt avdrått per dag trappar dei opp til «taket» på 12,5 kg. Grovfôrkvaliteten avgjer kor mykje kraftfôr dei må gi. Etter 120 – 150 dagar vert kraftfôret trappa ned gradvis, 50 – 70 gram for dagen, slik at når det nærmar seg avsining er kraftfôrtildelinga låg, gjerne mellom 1 og 3 kg. – Dei kyrne som ikkje responderer på fôringa eller har andre brukseigenskapar som me ikkje ynskjer, sjaltar me ut etter om lag 100 dagar. Me diskuterer med Noralv kva dyr me skal ta ut, og på kva tidspunkt me skal utrangera dyra, seier Asle.

Alltid grovfôr av god kvalitet på fôrbrettet

Ved fôring etter planlagt avdrått må det alltid vera mat på fôrbrettet. Her er det bandfôring med tildeling 2 – 3 gonger for dagen. – Dersom tildelinga skjer for ofte, vert det stor trafikk i fjøsen, og det skapar stress og aukar sjansen for «taparar», forklarar Noralv. Han seier vidare at ein ynskjer at kua skal liggja mykje for å produsera mykje mjølk, og det skal ikkje vera knapt med fôr på fôrbretter slik at kyrne må vera fyrst ute for å få tak i det beste fôret. All kraftfôrtildeling skjer i kraftfôrautomatar og robot. No brukar Marit og Asle Felleskjøpet sitt kraftfôr Formel Energi basis 80 som grunnfôr og dei toppar med Formel Premium 80. Dette sikrar rett stivelsestilførselen gjennom heile laktasjonen og godt vommiljø, særleg for dei høgtytande dyra.

Sparer pengar

Fordelen med fôring etter planlagt avdrått i høve til normfôring som fortsatt er mest vanleg, er at kyrne får ein betre sjanse til å visa kva dei kan prestera når dei får 60 dagar på seg til å respondera på fôringa. Fõreffektiviteten med dette opplegget er også høg når ein har rikeleg med grovfôr av god kvalitet. Fõreffektiviteten er eitt mål på kor mykje energikorrigert mjølk (EKM) kyrne produserer i høve til kor mykje fôr dei et. – Ved planlagt avdrått vert kyrne utfordra til å produsera mjølk med auka grovfôropptak, og når grovfôrkostnaden er lågare enn kostnaden til kraftfôr og kyrne mjølkar som planlagt, vert dette bra, smiler den erfarne fôringsrådgivaren. Hjå Marit og Asle har avdråtten gått opp samstundes som kraftfôrforbruket har gått ned, og dette sparer dei for store kraftfôrutgifter. – Rekneskapsføraren ringte og lurte på om me hadde gløymt nokre kraftfôrrekningar for 2016, ler Asle. I 2015 brukte dei 35 kg kraftfôr per 100 kg EKM medan dei i 2016 brukte 30 kg kraftfôr per 100 kg EKM. Dette utgjer om lag 20 øre per liter, og for Marit og Asle 80 000 kroner i reduserte kraftfôrutgifter i året.

Figur 1. Laktasjonskurve og kraftfôrkurve: Fôring etter planlagt avdrått: Orange line er mjølkekurve og grøn line er kraftfôrforbruk gjennom laktasjonen. Denne figuren viser samanhengen mellom kg mjølk (venstre skala) og kg EKM (høgre skala) hjå Asle og Marit. Denne viser at frå august 2016 til august 2017, så dett kraftfôrforbruket med 2 kg kraftfôr per 100 kg EKM, og at i same periode opprettheld dei omtrent same avdrått på planlagt nivå på 9000 kg mjølk per årsku. Plansje frå Noralv

Figur 2. Her ser me mjølkeytinga orange line og kraftfôrforbruk grøn line. Denne er for eldre kyr planlagt til 9000 kg i avdrått. Plansje frå Noralv

Må setja seg mål

– For å ha god nytte av fôringsrådgiving, så må ein setja seg nokre mål på førehand og vera opne for å gjera endringar, seier Noralv.

Han poengterer også at det er viktig å ta ut grovfôrprøvar for å ha god kontroll på fôringa. Nokre bønder ynskjer å få opp ytinga, andre vil ha betre fruktbarheit og betre styring på holdet gjennom laktasjonen. Innfallsporten for å kjøpa fôringsrådgiving kan vera mange, og fôring etter planlagt avdrått burde vera interessant og lønnsamt for mange fleire enn dei som fôrar etter dette prinsippet i dag.

Les intervju med Noralv Sandvik.

Diskusjon på fôrbrettet. – Me ser alltid fram til desse besøka, Noralv kjem med gode råd til oss, og me har full tillit til han, seier Asle. Paret har bandfôring, og dei fôrar med grovfôr 2-3 gonger for dagen.

Vatn er det billegaste fôrmiddelet ein har, og det er svært viktig at drikkekara har god nok kapasitet slik at kyrne drikk nok vatn.

Målet er eit stabilt hold på 3,0 - 3,5 i holdpoeng gjennom heile laktasjonen med ein reduksjon på 0,25 – 0,5 frå kalving til topplaktasjon. Kyrne skal vera litt «kantete».