Fôring

Ta grep for å unngå feite kyr

Noralv Sandvik, som er fôringsrådgivar i Tine og med i Tine Topp Team Fôring, har ei klar oppmoding til alle som driv med storfe om å prøva å ta tak i fôringa, slik at ein unngår feite kyr.

Tekst og foto:
Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

oddf-van@online.no

Noralv ser alltid på holdet på dyra når han er ute på fôringsbesøk. Holdet bør ein ha stort fokus på, og uansett kva fôringsstrategi ein vel, bør ein unngå feite kyr.

Den norske kua vert stadig feitare, og dette er nok relatert til ynskje om høgare mjølkeyting som i mange tilfelle fører til meir og feil bruk av kraftfôr i laktasjonen, seier Noralv Sandvik. – Feite kyr har dårlegare fruktbarheit, auka risiko for mellom anna mjølkefeber, ketose, løpedreining, mastitt, beinproblem og eggstokkcyster. I tillegg har dei ofte dårlegare mjølkeyting fordi dei har dårlegare grovfôropptak i tidleg laktasjon i høve til dyr som er i rett hold.

Noralv som er sivilagronom frå Norges landbrukshøgskole, har brei erfaring med fôringsrådgiving, og har alltid vore spesielt interessert i fôring. I tillegg til rådgiving av bønder, leiger mellom anna NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) han inn for undervisning i fôring for veterinærstudentar. Det er ikkje lett å gi generelle fôringstips, utan at me har eitt mål å jobba mot, men nokre tips kan eg prøva å komma med, smiler den sympatiske rådgivaren.

Fleire bør fôra etter planlagt avdrått

Når ein fôrar etter planlagt avdrått så set ein seg mål for kor mykje kyrne skal mjølka og fôrar etter dette, og dei får 60 dagar på å visa at dei kan respondera på fôringa. I dette opplegget bør ein kjenna grovfôrkvaliteten, og dei må ha fri tilgang på grovfôr. – Dette fôringsregimet har høgast fôreffektivitet, og det er potensial for lågare kraftfôrkostnader, seier Noralv engasjert. – Her kan ein verkeleg få fram den gode kua som kan produsera mykje mjølk på låge kraftfôrrasjonar, og samstundes er det eit godt reiskap for å unngå overfôring med kraftfôr slik at dyra vert feite, fortel han vidare. I området der han er rådgivar er det mange som fôrar etter planlagt avdrått, men dette fôringsopplegget burde absolutt vera interessant for fleire. Dette opplegget passar like godt i båsfjøs som i lausdrifter, og det er godt eigna i besetningar med konsentrert kalving.

Grovfôr før kraftfôr

Det er fortsatt mange relativt små båsfjøsar i Noreg med fôring morgon og kveld, og her meiner Noralv at ein bør prøva å unngå å gi for store kraftfôrmengder i slengen. Rådgivarane må prøva å komma med fôringsmessige løysingar som er gode nok, men samstundes ikkje meir krevjande enn at det faktisk vert gjennomført. – For å få best mogeleg utnytting av kraftfôret og unngå sur vom hjå kua, bør ein ideelt sett ikkje gi meir enn tre kg kraftfôr om gongen. Dersom dette er vanskeleg å få til, kan ein til dømes dela rasjonen før og etter mjølking, og på dette viset få fire tildelingar på ein dag i staden for to, seier Noralv. Det er også lurt å gi grovfôr før kraftfôr, for å få i gong spyttproduksjon hjå kua og få betre utnytting av kraftfôret. Fôrvogner med kraftfôrtildelingar fleire gonger om dagen er kjempebra i båsfjøsar. Denne investeringa bør ein vurdera å ta, for det er ikkje tvil om at fôrutnyttinga vert betre med slik fôring, smiler den stødige rådgivaren.

Tek ut grovfôrprøvar

Noralv er også pådrivar for at bøndene bør ta ut grovfôrprøvar. – Det er ofte lettare å sjå kostnader enn innsparingar, og dersom ein grovfôrprøve til 1 000 kroner kan bidra til at ein kan bruka rimelegare kraftfôr eller bruka mindre kraftfôr, så vert kostnaden til denne prøven raskt tent inn att, seier Noralv. I området til Noralv sender Tine sine nøkkelrådgivarar ut sms-varsling om at ein bør ta fôrprøvar, og det er mange som gjer det. Sjølv om ein har mange ulike stykkjer som ein sler, kan ein ta «miks-prøve» eller ein kan ta av det fôret ein har mest av. – For å ta prøvar av silo, så har me eitt prøvebor som er seks meter langt, og då får me prøve av mange lag i siloen. Slike lange prøvebor burde fleire i landet ha tilgang til, seier Noralv.

Tine Optifôr må brukast rett

Tine Optifôr er eit fôrplanleggingsverktøy som samkøyrer individopplysningar frå Kukontrollen, grovfôrprøvar eller tenkt kvalitet på grovfôret og ulike kraftfôrtypar, og er eit godt hjelpemiddel for å finna ut korleis ein kan fôra på ein god og økonomisk måte. Det er dette programmet Tinerådgivarane brukar når dei driv fôringsrådgiving, og eigarane har også tilgang til programmet i Kukontrollen. – Dette er eit veldig godt verktøy , men ein er nøydd til å ha kunnskap om fleire faktorar om ernæring for å bruka det rett, seier Noralv. Programmet tek kort fortalt utgangspunkt i å finna ut korleis ein på ein rimeleg og god måte kan få dekka behovet for energi- og protein og samstundes sikra eit godt vommiljø.

Vatn, alltid fôr på fôrbrettet og klauvstell

Elles så er det veldig viktig at kua får nok vatn av god kvalitet. Drikkekar med stor kapasitet bør vera plassert slik at det er lett for kua å drikka mykje når ho føler for det. Dette er heilt sentralt for å lukkast med både tilfredstillande mjølkeyting, god helse og trivsel. Vidare er det viktig at det alltid er nok mat på fôrbrettet. – Godt klauvstell skal ein heller ikkje undervurdera, ein hugseregel kan vera at kua treng klauvskjering for kvar 3 000 liter mjølk ho produserer, så ei ku som produserer 10 000 liter mjølk i året, bør få kontrollert klauvene sine tre gonger i året, seier Noralv.

Riktig hold

Riktig hold på dyra er svært viktig for å lukkast med mjølkeproduksjon. Noralv anbefaler produsentar å ta i bruk holdvurdering meir aktivt. Av og til kan ein bli «fjøsblind» i eigen besetning, for det kan vera vanskeleg å vurdera holdet på eigne dyr når det er kun desse dyra ein ser til dagleg. – Eg anbefaler å spørja nokon som ser ein del kyr rundt omkring, til dømes rådgivaren eller dyrlegen, om å vera behjelpeleg med holdvurdering, seier Noralv. – Holdet er noko ein bør ha stort fokus på, og uansett kva fôringsstrategi ein vel, så bør ein unngå feite kyr, seier Noralv til slutt.

Feite kyr har negativ effekt på:

  • Reproduksjon (auka forekomst av eggstokkcyster, børbetennelse, tilbakehalden etterbyrd, kalvingsvanskar, unormal brunstsyklus, sein eggløysing og dårleg eggkvalitet og lang tid mellom kalving og brunst)

  • Helse (auka forekomst av ketose, feittlever, løpedreining, mjølkefeber, beinproblem, jurbetennelse)

  • Produksjon, mjølkeytinga fell raskare etter kalving

  • Fôreffektivitet

  • Fôropptak, mindre evne til å få i seg nok mat etter kalving

  • Økonomi

Feite kyr er ofte resultat av feil fôring. Målet må uansett val av fôringsstrategi vera å unngå feite kyr. Enkelte dyr kan vera genetisk disponert for å bli feite, ha dette i tankane ved avlsarbeid.

Fôringsrådgjevar Noralv Sandvik tilrår fôring etter planlagt avdrått for å få fram den gode kua som kan produsera mykje mjølk på låge kraftfôrrasjonar, og samstundes som det er eit godt reiskap for å unngå overfôring med kraftfôr.

Foto: Rasmus Lang-Ree