Forskjellig
Dagbok fra Oppigard

Ein vinter med mange spekulasjonar

Så var det likevel ikkje smittsom diaré vi fekk på kyrne i vinter, men kva var det då som hende?

Tekst og foto
Nina Engelbrektson

Mjølkeprodusent

nina.engel@enivest.net

Emilie prøvar seg på mjølking.

Eg set meg ned i ein solstol på altanen og myser opp mot sola. Det er igjen tida for kontrastar og brytning i naturen. Dei drivande kvite fjella ruvar mot ein klar, blå himmel og kring meg er alt brunt og grønt. Eg hallar meg tilbake i stolen og let att augo, og eg kan høyre den velkjende lyden av småfuglane som kjempar for sitt. Eg høyrer skjora som skvatrar og kråkene som verkar til å alltid ha noko dei er ueinige om. Elvene veks av snøsmeltinga og det brusar natt og dag. Katten «Lotta» har fått kattungar og hestane har fått ein fridag på beite. Ja, no skjer det - no er det endeleg vår.

Ikkje smittsom diaré

Kyrne har mjølka ein heil vinter, og både dei og eg tek til å kjenne på trongen til å vere meir ute. Det er ikkje like kjekt å mjølke i denne enden av laktasjonen, men det er ikkje så arbeidskrevande heller.

Så korleis vart det med mjølkemengda, brunsten og kyrne etter at vi fekk diaré i fjøsen i vinter? For diaré fekk dei, men det skulle vise seg at det ikkje var av den smittsame sorten.

Eg tok mjølkeprøver av fire 1.gangskalvarar, blanda og fylte i eit enkeltspeneprøveglas. Dette sende eg så til Mastittlaboratoriet i Molde, og svaret vi fekk var både oppløftande og positivt. Det var ikkje påvist smitte av Bovint coronavirus (BCoV) eller Resparatorisk syncytialvirus (BRSV) i vår besetning og vi var framleis Grøne.

Mange ubesvarte spørsmål

Det var flott, men dette svaret gav ei rekkje nye spørsmål. Kva i all verden var det då som hende den veka i desember då kyrne fekk diaré og alt gjekk på tverke?

Som eg skreiv i min forrige dagbok, så trudde eg fyrst at diareen var fôrrelatert sidan eg fekk ny leveranse av kraftfôr samstundes som eg kom i skiftet mellom 1. og 2. slott. Det merkelege var at både kalvar og kviger heldt seg friske. Dei åt eit anna kraftfôr enn mjølkekyrne. Kunne ei endring i resepten få eit slikt utslag? Nei, det vil eg ikkje tru, så no er ei referanseprøve av kraftfôret sendt inn til analyse. Det vil kanskje gje nokre svar. Ein nabo lenger inne i bygda fekk same type kraftfôr samstundes, og han opplevde same reaksjonen på dyra som vi. Også han har fått påvist at det ikke er smitte av BCoV. Vil det vise seg at noko var «gale» med kraftfôret eller vart det rett og slett full krasj mellom Energi 80 Premium og grovfôret ? Kan dyra ha fått ei forgiftning på grunn av ubalanse i vomma?

Høge og låge verdiar

Påskeliljer er eit sikkert vårteikn.

Vi hugsar alle at for mange av oss, så var det ein utfordrande haustesommar. Mine prøver viser litt ulike verdiar, men ligg mellom 6 MJ/kg TS (tørrstoff) og 6,37 MJ/kg TS. Så dersom vi grovt rekna seier at 1MJ tilsvarar 0,14 FEm, så vert 6 MJ til 0,84 FEm/kg TS. Ikkje superbra, men godt nok med tanke på haustingsforholda. Kunne det vere at kaliuminnhaldet var for høgt ? Høgt innhald av kalium i fôret kan til dømes kome av for mykje gylle/dekar og det kan i nokre høve gje diaré, men mine prøver viser i gjennomsnitt ein verdi på 20 gram/kg og det er ikkje spesielt høgt. Det som elles går igjen på grovfôrprøvene er lavt tørrstoffinnhald (200 gram/kg) og lite sukker i grovfôret. Heilt nede i 12 gram/kg TS på den dårlegaste prøva, men heldigvis 46 gram/kg i plansiloen. Alle ynskjer vi sukker i grovfôret, for det gir sjølvsagt god smak og aukar grovfôropptaket. Høgt opptak gir eit betre vommiljø og skapar eit betre forhold mellom fiber og lettfordøyelege karbohydrater. Kan dette vere noko av orsaka til diareen eg opplevde på mjølkekyrne eller til den vedvarande reduserte avdråtten?

Men kva er orsaka til at eg ikkje greier å få nok sukker i grovfôret? Mangel på sol kan sjølvsagt vere ei forklaring denne sesongen, men om eg ser tilbake på tidlegare prøver, så er det dessverre ein gjengangar. Vi nyttar rikeleg med Ensil1, særskilt i vått vêir. Det vanlege er tre liter/tonn. Vi freistar å slå ned graset om morgonen, for så å plukke det med lessevogna utover dagen og kvelden. Svaret må vere at det tørkar for dårleg før hausting og på den måten bryt bakteriane ned for mykje av sukkeret under gjæringsprosessen. Å lage eit godt grovfôr er ein vitenskap, men som far min alltid sa, så legg det grunnlaget for all vidare produksjon.

Kostbart med diaré på kyrne

Uansett kva orsaka var, så har det kosta å få diaré på kyrne i høglaktasjonen. Ytinga vart ikkje optimal, eg fekk sjølvsagt nokre ketosebehandlingar, og eg hadde eit høgt forbruk av ulike patroner som «Correct Energi» og «Correct Vomkick», og det har blitt mange dyrlegebesøk. At energibalansen ikkje har vore optimal, ser eg også på FS-talet. Eg hadde ein plan om å forbetre meg frå FS på 70, men i staden har den rast. Omløpsprosenten har nådd nye høgder, og tre kviger/kyr har kasta på mellom 8 og 11 veker drektighet. Det er faktisk ikkje vanleg at vi opplever akkurat det. Då dukkar det sjølvsagt opp enno fleire spørsmål hjå meg. Kva har gått gale? Eg ser at knekken med tap av energi varer ei tid og skapar fruktbarhetsproblem, men er det heile sanninga ? Eine grovfôrprøva viser unormalt innhald av Fe (jern). Heile 1 900 mg/kg TS. Kva i all verden kjem det i frå ? Vi har morenejord og god pH i jorda, og eg har aldri sett noko liknande. At innhaldet av jern kan bli høgt i drikkevatnet er forståeleg, men i gras ?

Nyttig og interessant med mineralanalyse av grovfôret.

Mange spekulasjonar

Dette har heilt klart vore ein vinter med mange spekulasjonar, for eg håpar alltid at eg kan lære noko nytt slik at eg kan «ta grep» om noko kan gjerast. Men no ynskjer eg våren velkomen og det kjennest som «blanke ark og fargestifter til». Vårvinna står for tur, og det er god grunn til å sjå lyst på livet.