Økonomi

Verdens friskaste ku, har for kort liv

Kva verdien er av ei haldbar ku er eit godt spørsmål, men svaret er vanskeleg.

Tekst og foto
Svein-Egil Skartveit

Fagleder Avl i Tine Rådgiving

svein.egil.skartveit@tine.no

Ku nummer 555 Vigdis på beite drektig med den sjette kalven. Vigdis passerte 100 tonn på den sjuende kalven. Far er 22002 Peterslund og morfar 6622 Brabant Star Patron ET.

Tar me utgangspunkt i starten av et kuliv, så starter det ved fødsel. Fra denne dagen og frem til første kalving produserer me kjøtt og ein kalv på denne kua. Me kan sjå på desse månadane som ein utgift til inntekts ervervelse. I dag vil eg påstå at me overinvesterar på dette feltet, for me produserer fleire kviger enn me treng. Går vi til slutten av kulivet, så er det slaktedagen etter endt tjeneste. Tida mellom første kalving og slakt er holdbarheten. Ser ein litt stort på det så er slakteverdien fra endt første laktasjon og seinere lik. Så kva tid ein løyser ut kjøttverdien er av mindre betydning, den er der uansett. Fortjenesta (lønna) fra denne kua ligg i tjenestetida (haldbarheita).

Oppdrett kostar mykje

Oppdrettskostnaden for ei kalvingsklar kvige blir påvirka av innkalvingsalderen, men her bruker me snittalder i Kukontrollen for 2017 som er 25,8 månedar. For å gjer ei lang historie kort så seier me at den har ein oppdrettskostnad på 12 000 kr. I dei fleste besetningar er dette ein stor kostnad (tabell 1). Det er ein dyr billett for ei kort forestilling. Ein kan då dele oppdrettskostnadene på antall produserte liter x dekningsbidraget pr. liter (3,04 kr) og sjå kor lenge ein må ha kua for å gå i null. Aukar brukstida på kua, vil ein få behov for færre kviger og ein frigjer plass til for eksempel kjøttproduksjon, gjeldkuplass, fleire kyr og ein mulighet for auka mjølkeproduksjon.

Tabell 1. Oppdrettskostnader ved ulik rekrutteringsprosent. Nederland sammenlignet med Norge. Kjelde: Olav Østerås

Nederland har gjennomsnittlig rekrutteringsprosent på 25 – kva betyr det i en besetning på 50 kyr?

Norge har gjennomsnittlig rekrutteringsprosent på 45 – kva betyr det i en besetning på 50 kyr?

Oppdrettskostnad á 12 000 kr

Oppdrettskostnad á 12 000 kr

50 kyr x 0,25 = 12,5 kviger

50 kyr x 0,45 = 22,5 kviger

12,5 x 12 000 kr = 150 000 kr

22,5 x 12 000 kr = 270 000 kr

Korleis måla haldbarheit

Skal me måla haldbarheita i antall laktasjonar eller livstidsproduksjon? Eg ville helst hatt begge deler. Det er leveår x produksjon pr. år som er interessant. Utskiftingsprosenten i Kukontrollen er på 45, og ein snitt laktasjonsalder ved utrangering er på 2,7 laktasjonar. Det er lett å sjå seg blind på denne utskiftingsprosent, fordi denne inneheld all form for sal, både slakt og liv. Men 36,6 prosent av kyrne får berre ein kalv, og 10,4 prosent får ein kalv nummer fire, sjå tabell 2. Dette er dårlegare enn land som me likar å samanlikne oss med. Tall på verdsbasis er 2,5 laktasjonar ved utrangering, mens for eksempel Nederland har 3,5 laktasjonar. Skal me ha det slik eller skal me gjer noko med det og kva? For å få nokon svar må me sjå på kvifor dei vert utrangerte.

Låg livstidsproduksjon i Norge

I følgje Kukontrollen i 2017 så er avdråtten på første kalven 6 738 liter, så aukar den med ca. 1 100 liter på andre kalven og så plusse me på 400 liter til på eldre kyr frå tredje kalven og oppover. Det er auka fokus på kua sin livstidsproduksjon ute i verden. Danmark har ein livstidsproduksjon på 27,4 tonn (utrangeringsprosent på 40), Israel har 35,2 tonn (utrangeringsprosent på 31). Faktorar som avdrått, utrangeringsprosent, innkalvingsalder og kalvingsintervall vil påverke livstidsproduksjonen i følgje Kvæg 12/ 2017. Eg finn ikkje tilsvarande tall for Norge, men tar me utgangspunkt i 2,7 laktasjonar og gangar det opp med avdråtten, så ligg me på 20 tonn. Ser ein på ein studie frå Nederland, der 8 838 kyr som har mjølka over 100 tonn er med, så er det den 4., 5., 6. og 7. kalven som er den mest effektive. Eg trur ikkje det er så langt frå ein sannheit også her på berget.

Figur 1. Frekvens og utvikling av de ulike utrangeringsårsakene i Kukontrollen 2006-2011 i første laktasjon. ”Annan individrelatert årsak” er utelatt.

God fruktbarhet forutsetning for økt livstidsproduksjon

Det er fruktbarheten som er det største hinderet for å øke livstidsproduksjonen. Å få kalv i kua for andre gang er mest krevende. Det er her me brukar flest doser pr. fødte kalv. Tabell 2 syner at færre kyr blir slakta på grunn av fruktbarheten etter andre kalven. Utrangeringsårsakene på førstekalvskyr fra Kukontrollen fortel det same (tabell 2). Litt gamle tal, men gjeld nok også i dag. Førstekalverne med høg dagsavdrått er problematiske å få kalv i. Ein mulighet kan være å inseminere disse ca. 42-49 dager (6 – 7 veker) etter kalving, altså på den første tydelige/gode brunsten. Mange har gode erfaringar med dette. Kanskje gir ein opp for lett og ser for mykje på dagar i mjølk? Sjå heller på kva ho mjølkar og om ho fungerer og er snill.

Tabell 2. Utrangering og utrangeringsårsaker. Kjelde:Olav Østerås, CoBo – Berlin 2015

Antall kalver kua har hatt

Utrangeringsprosent

Utrangeringsmåte/-årsak kyr med 1 kalv

Utrangeringsmåte/-årsak kyr med meir enn 1 kalv

1

36,6

83,1 % slaktet

86,3 % slaktet

2

25,7

9,0 % solgt til liv

3,7 % solgt til liv

3

17,4

3,7 % nødslakt

5,7 % nødslakt

4

10,4

2,2 % døde

3,1 % døde

>4

9,9

1,9 % utmeldt ellers i Kukontrollen

1,2 % utmeldt ellers i Kukontrollen

40,2 % utrangert ufrivillig

50,2 % utrangert ufrivillig

Årsak:

19,9 % fruktbarhet

6,8 % høyt celletall

Årsak:

14,3 % fruktbarhet

13,3 % høyt celletall

Bein og jur er også årsaker til utrangering i ung alder. Dårlege bein kan også gå utover fruktbarheita, og gje lågare brunstaktivitet og fôropptak. Rett klauvpleie og gode gulv er viktige faktorar. Det stilles strengare krav til jur og speneplassering på grunn av fleire robotfjøs. Dette må me forventa blir betre nå som me berre brukar eliteoksar. Stor utskifting gir stor avlsframgang, men den er lite verd når ein ikkje realiserar gevinsten fordi kyrne utrangeras for tidleg.

Livstidsproduksjon viktig omdømemessig

Me likar å sei at me har den kua i verden med best helse og best fruktbarheit, men denne verdien har eg vondt for å sjå at me nyttar oss av. Omdømemessigt er det viktig å ha ei ku som lever og produserer lenge. Alderen på ei ku blir påverka av arv og miljø, nokon blir offer for driftsopplegget (konsentrert kalving), driftstilhøve som oppstalling, dårlege bygningar og svakt/feil stell, mens andre må vike plassen fordi ei nykalva kvige treng den. Norge har strenge krav til celletal og elitemjølk, dette kan også være ein årsak til tidleg utskifting. Kua sine brukseigenskapar er også viktige, og den skal være funksjonell i det miljøet den skal prestere i (som for eksempel lynne i båsfjøs og hastigheit i robot). I Norge er slakteverdien på ei ku så pass høg i forhold til livdyrverdien at det også kan være ein årsak til låg terskel for utskifting. I dag bruker vi bare GS-eliteoksar så muligheten for økt alder og livtidsproduksjon er så absolutt til stede. Me kan laga gode avlsplanar som kombinerer det me ser med det me veit.

Spør deg sjølv «Kvifor skal eg slakte deg»? Er svaret utan god grunn, så la den stå!

Jevnt tilsyn og kontakt med kvigene på utmarksbeite er viktig for å få rolige dyr.

Velje kva for ei ku som skal skiftas ut

Aukar alderen på kyrne vil me få fleire val i drifta. Det å kunne velje kva for ei ku ein vil skifte ut er ein definisjon på haldbarheita. Me kan velje å bruke kjønnsseparert sæd på dei ungkvigene med høgast GS-verdi/avlsverdi og på dei beste førstekalverne for å sikra eigenrekrutteringa. Vanleg sæd på dei nest beste og bruksdyrkryssing på den svakaste tredjedelen. På denne måten tar ein også vare på avlsframgangen sjølv om populasjonen blir eldre. Ein avlsmessig forbetring av haldbarheita, vil gi høgare yting. Eldre kyr vil gi meir liter pr. årsku (større livstidsproduksjon), auka kjøttproduksjon (fleire kalvar) som igjen fører til ein meir bærekraftig produksjon.

Fordeler med eldre kyr:

  • Haldbare kyr er friske, (det er derfor dei blir ståande)

  • Tyngre slakt

  • Gode beitedyr

  • Er van med driftsopplegget, lettstelte.

  • Lettare kalvingar

  • Produserer billigare mjølk (tørrstoff, mjølk - fôr)

  • Avlsframgang, ved at ein kan selektera blant førstekalvskyr til slakt/livsalg eller påsett. Mulighet for å velje dei beste dyra, og få fleire avkom etter desse.

  • God råmjølk

  • Bruksdyrkryssing

  • Auka livdyrsal

  • Auka kjøttproduksjon

  • Omdøme for Geno og NRF som rase.

  • Høgare yting i buskapen (utnyttar båsplass/robot betre)

  • Treng mindre påsett av kviger (dobbel effekt på grunn av auka yting og redusert utskifting)

Ulemper med eldre kyr:

  • Sal av livdyr, smitterisiko. Den som sel livdyr reduserar sin eigen smitterisiko samanlikna med om han måtte kjøpa dyr.

  • Avlsframgang? Kanskje dette er motsatt; haldbare kyr gjev grunnlag for økt avlsframgang både i praksis og reint matematisk dersom ein tek høgde for punktet ovanfor.

  • Større fare for sjukdom

  • Spenetråkk

  • Høgare celletal i snitt (mindre problem i robotfjøs på grunn av hyppigare utmjølking

  • Auka risiko for at kua daudar naturleg/mjølkefeber (mistar slakteverdi)