Reportasje
Jærmessa 2018

Femtekalvsku etter Garvik ble Miss Jæren

Siste sundag i august var det igjen tid for det som no har vorte ein tradisjon, kuutstilling og kalvemønstring på Jærmessa på Varhaug. Takka vera ein god dugnadsgjeng både til planlegging og gjennomføring vart det eit vellukka arrangement der bønder fekk treffast og vist fram flotte og velstelte dyr.

Inga Skretting Timpelen

Mjølkeprodusent

ingaskretting@gmail.com

Vinnar av Miss Jæren-kåringa vart den som også vart kåra som beste eldre ku, femtekalvskua 683 Aksa etter 10565 Garvik. Ho fekk omtalen «Høgstilt, djup ku med korrekt kryssvinkel. Noko retthasa men perfekt beinstilling. Jur med god balanse, fantastisk midtband», 9 poeng på kropp/bein og 4,5 poeng på jur og første premie. Eigar Timpelen Ku. Marie Brådli, som mønstra kua, vann ungdomsmønstringa med ei anna ku. Lars B. Timpelen står bak kua.

Foto Marlen Hognestad

Fem deltakarar i ungdomsmønstringa konkurrerte om å visa fram kua si på best mogleg måte. I kalvemøntringa var det berre tri deltakarar i år, med stor spreiing i alder. Alle løyste oppgåva på ein god måte. 10 kyr stilte opp i konkurransen om å verta Miss Jæren. Dei vart fordelte på tri klassar; Første kalv Jersey, første kalv NRF og eldre kyr. I klassen for eldre kyr deltok det ei holsteinku i tillegg til tri NRF-kyr. Mathilde Mellemstrand dømde ungdoms- og kalvemønstringa. Dommar for kuklassane var den erfarne avls­rådgjevaren og kudommaren Tore Joa. Leiar i Rogaland Bondelag, Marit Epletveit delte ut premie til Miss Jæren og heldt samstundes ein ­inspirerande tale.

Ikkje alltid kalvane vil samarbeida. Thomas på 6 år med kalven sin.

Foto Tone Årdal

Carla til Sindre Årsvoll vart beste jerseyku og kom på andreplass i Miss Jæren-kåringa. Ho er ei førstekalvsku etter 27091 Rodme og fekk omtalen «Svært fin ku, god djupne i kroppen, jur med ekstremt godt framjur, god balanse og fin speneplassering. Svært tørre og fine bein». Kua fekk 8,5 poeng for kropp/bein og 4,5 poeng for jur og første premie. Som ein kan sjå av biletet kosar Sindre seg på utstilling og er stolt av den flotte kua si.

Foto Tone Årdal

Beste 1. kalvs NRF vart ku 805 etter 22016 A.Linne til Skretting Ku. Ho fekk 8,5 poeng på kropp/bein og 4 poeng på jur. Om denne sa dommaren «Høgstilt ku med sterk overlinje, svært bra bein og klauver, godt bakjur, godt midtband og fin speneplassering». Poenga vart 8,5 for kropp/bein, 4 for jur og første premie. Mikkel Skretting mønstrar kua.

Foto Tone Årdal

Tri flinke kalvemønstrarar. Frå venste Ola David Haavards­holm, Truls Reime og Thomas Skretting. Ola David vann klassen.

Foto Tone Årdal