Tema: Fôrkrise

Fôring med lite grovfôr

For nokre er avlingssvikten svært stor, og det kan være vanskelig å sjå moglegheitene. Det er derfor svært viktig å diskutere og planlegge tidlig for å ta kontroll over situasjonen. For dei fleste med avlingssvikt blir fokuset framover å begrense det økonomiske tapet mest mogleg. Eg skal prøve å sammenfatte nokre konkrete, praktiske råd som kan hjelpe på situasjonen. Eg har ingen quick-fix, men mange bekker små….

Anja Våg Skjold

Fagrådgiver Topp Team Fôring i Tine

anja.vag.skjold@tine.no

Kutta halm vil for mange vera mykje enklare å bruke, og for dei kan nok kutting være verdt å betale litt ekstra for.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Tiltak etter mengde grovfôr som manglar

Dei fleste som mangler inntil 20 prosent grovfôr klarer å kompensere godt med auka mengde av riktig kraftfôrtype tilpassa situasjonen og grovfôret. Oksene tåler store kraftfôrmengder og gjeldkyr/drektige kviger kan stå på svært restriktiv grovfôrfôring så lenge ein passer på energi, protein og mineraldekning gjennom tilpassa kraftfôr. Mangler du 30 prosent må du i tillegg bruke ein grovfôrerstatter. Ved enda større mangel vil det være behov for å kjøpe inn grovfôr, men vi har gode eksempler på vellukka innsparing på inntil 50 prosent av grovfôrmengdene med kraftfôr og grovfôrerstattere, men det krev som regel ekstraarbeid og er avhengig av fiberinnhaldet i grovfôret.

Blanderekkefølge og blandetid er viktig for å få rett kutting og luftig mix, og det kan bli ekstra utfordrende å få til ein homogen mix i år, med meir halm, tørrere grovfôr, meir grovfôrerstattere og høgare kraftfôrmengder.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Unngå fallgruvene

Min erfaring er at ein lett overdriver kraftfôrmengdene, og det kan nok mange stader bli ei utfordring med strukturfattig grovfôr i år. Da vil kyrne balansere i forhold til vombelastning, og små bagateller kan lett «bikke» ­situasjonen i feil retning, så vommiljøet forstyrres. Dermed oppstår problem som sur vom, lause mager, ytelsesfall, fruktbarhetsproblem, auka sjukdomsfrekvens og auka hold.

Eg tror det er viktig å planlegge med tanke på desse fallgruvene, med ­hyppig evaluering av planen for å unngå desse. Ein teoretisk fôrplan er viktig å ha i bunn, men teori er bare teori og her er det mykje biologi og ytre påvirkning som forstyrrer bildet. Så hyppig evaluering tror eg blir det viktigste å ha fokus på framover!

Sjå kritisk over eigen besetning og legg merke til lukt, adferd, gjødselskonsistens/farge, bevegelighet, gulpeballer, hold, pelskvalitet, sårheling og ungdyrtilvekst. Noter gjerne litt så du har ei føling med utviklinga og diskuter med rådgjevar eller naboen for å ­kalibrere deg.

Ekstra auge på nykalva kviger

I eit lausdriftssystem er det viktig å ha eit ekstra auge på nykalva kviger. Pass på at desse får nok etetid og nok mjølkinger. Bruk fokusavdeling eller utskillingsbinger slik at desse får nokre timar matro. Det er avgjerande for ei nykalva ku at ho raskt auker i grovfôropptak, og det er krevjande når ein har for lite fôr. Spar heller fôr på kyr lenger uti laktasjonen. Å flytte sjuke kyr og kyr som skal kalve til andre deler av bygningen gir som regel ekstraarbeid, men kan frigjere plass til å kunne fôre høgt­ytande kyr og nykalva kyr med fri grovfôrtilgang i ein form for «fokusavdeling», mens ein sparer grovfôr på resten av dyra. Meir intens oksefôring gir gjerne 2-3 månader tidligare slaktealder og dermed kan ofte utfordringer med plass løysast, dersom ein tenkjer kreativt i eit unntaksår.

Flytt kyr i båsfjøs

I eit båsfjos er det viktig å flytte kyr! Dette tiltaket sparer meir grovfôr enn dei fleste tror. Kyr som er nykalva og har høg yting må ikkje stå mellom to gjeldkyr eller i enden av fôrbrettet. Dei må plasserast der grovfôret sleppes ned eller nærast distribusjonsvogna slik at desse får mest grovfôr eller fleire tildelingar enn dei andre. Gjeldkyr og drektige kviger kan plasserast lengst vekk og fôrast restriktivt med grovfôr, så lenge du har kontroll på energi, ­protein og mineraldekning gjennom kraftfôret.

Utfordringar i lausdrift med robot

Fagrådgjevar i Tine Anja Våg Skjold trur lausdriftsfjos med mjølkerobot har størst utfordring med å spare grovfôr. Kjøp av grovfôr – sjølv om det blir dyrt - kan likevel bli det rimeligaste tiltaket på lang sikt.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Eg tror likevel at dei som har den største utfordringa med å spare grovfôr, er lausdriftsfjos med mjølkerobot. Ved store kraftfôrmengder blir kyrne late og trafikken kollapser. Då «sparer» kyrne opp til store maksrasjoner på få tildelingar, dei blir sure og ytelsen raser både av redusert trafikk og sure mager. Kyrne blir lett feite og gjelder seg tidlig av. Det kan gi store konsekvenser også i neste laktasjon. Har ein heller ikkje eteplass til alle, vil ein få tapere som aldri kjem opp i trafikk eller ytelse, som ein ufrivillig må utrangere og planen blir raskt øydelagt både på kort og på lang sikt. Det gir mykje ekstraarbeid å jage kyr til mjølking, og ein må være flink til å oppdage enkeltkyr tidlig nok. Det beste er nok å evaluere ofte nok til at ein unngår situasjonen og heller tar konsekvensene som er naudsynte for å unngå den, som for eksempel å kjøpe inn dyrt grovfôr. Det kan likevel bli det rimeligste tiltaket på lang sikt.

Krevjande å fôre med halm

Halm er krevjande å fôre med dersom ein ikkje har miksevogn og gir ofte mykje ekstraarbeid og svinn. Kutta halm er mykje enklare å bruke for mange, og for dei kan nok kutting være verdt å betale litt ekstra for. Ei løysing kan være å bruke halm til ­ungdyr og gjeldkyr og berre strø litt på grovfôret til kyrne for å stabilisere magene. Då vil det ikkje gå store mengder, men ein sparer ein del grovfôr på ungdyra. Her må ein finne gode løysingar i kvart enkelt tilfelle, og for nokre er halm heilt utelukka. Å blande inn små mengder av ein fiberrik 1.slått er ofte meir gjennomførbart og får ein tak i nokre baller av tørr kvalitet som tåler å ligge nokre dager utan å bli dårlige, treng ein ikkje store mengder for å stabilisere magene. Det gjer at dyra tåler større kraftfôrmengder, og då kan små mengder innkjøpt halm eller grovfôr av grov kvalitet gjere store utslag i totalrasjonen.

Å blande fôr er ein kunst

Mixer var gull verdt med 2017-fôr og blir nok eit enda betre hjelpemiddel i år. Men å blande fôr er ein kunst, og det er ikkje berre resepten som må stemme. Her er det også nokre fall­gruver ein må unngå! Blanderekkefølge og blandetid er viktig for å få rett ­kutting og luftig mix, og det kan bli ekstra utfordrende å få til ein homogen mix i år, med meir halm, tørrere grovfôr, meir grovfôrerstattere og høgare kraftfôrmengder. Tilsetting av vatn blir nok mange stader naudsynt for at kraft­foret skal klebe seg godt og sortering skal unngås. Hyppig evaluering av mix og resept er god investering.

Eg er ingen tilhenger av å blande to kraftfôrslag på tanken, da det ofte gir for stor ustabilitet for dei mest påkjente dyra med høgast rasjon. Men for nokre vil blanding av to kraftfôrtypar gi god effekt. Har du fiberrikt grovfôr og 80-90 prosent av normalavling kan dette være ei god løysing. Ellers vil som regel to kraftfôrtanker gi bedre, meir stabil og rimeligare rasjon for kvart enkelt individ. To kraftfôrtanker gir ei bedre og meir fleksibel løysing og vil ofte lønne seg, også i år utan fôrmangel.

Tilleggsfôring av kviger og gjeldkyr ute for å utnytte beiteressursene så lenge som mogleg utover hausten vil spare på grovfôret.

Foto: Solveig Goplen

Høgare kraftfôrandel krev meir fiber

Har du fiberrikt fôr kan du kompensere med ein høgare kraftfôrandel, utan at det blir problem med fruktbarhet og helse. Grovfôr med mindre struktur og raskare passasjehastighet krever kanskje fleire tiltak enn berre å endre kraftfôrtype eller tilsette ein grovfôrerstatter. Derfor er det vanskelig for oss rådgjevarar å være for generelle. Det som fungerer hos naboen treng ikkje ­fungere like godt hos deg.

Tine kan hjelpe til med å berekne fôrmengde i silo/plansilo/baller, og legge ein plan for kvotetilpassing og dyretal, slik at alle får utnytta ressursene på kvar enkelt gard maksimalt. Tine tilbyr inntil to timar fellesfinansiert rådgiving relatert til fôrmangel. Det lønner seg å produsere mjølk og kjøt, sjølv på høg kraftfôrandel og innkjøpt grovfôr. Men ein må rekne på kva som blir mest lønnsomt på kvar enkelt bruk.

Dette vil bli ein krevjande innefôringssesong! Lykke til!

  • Start med ein grovfôrerstatter snarast og ta kontakt med rådgjevar i Tine, Nortura, NLR eller din kraftfôr­leverandør dersom du treng hjelp til å få oversikt over grovfôrsituasjonen på din gard.

  • Kjør mjølkeprognose så du får god oversikt over ­kvotefylling og planlegg utrangering på riktige dyr til riktig tid. Ta med 2019 i planlegginga.

  • Rekn ut grovfôrmengde og juster for tørrstoff så du får eit riktig bilde av fôrmengde.

  • Ta analyse av grovfôret etter ensilering, for utrekning av fôrverdi og best utnytting av grovfôrressursene dine.

  • Okser kan klare seg med svært lite grovfôr, dersom ein bruker eit intensivt kraftfôr. Det kan redusere ­slaktealder med fleire måneder og sparer store grovfôrmengder.

  • Tilleggsfôring av kviger, gjeldkyr og sauer ute, for å utnytte beiteressursene så lenge som mogleg utover hausten. Kviger på innefôring kan også klare seg på låge grovfôrmengder så lenge ein kompenserer med riktig kraftfôr og følger med på tilvekst og hold.

  • Kyr med låg yting, som bidrar lite i tanken, kan ­avgjeldast litt tidligare enn vanlig og gå ute på rimelig haustbeite eller restriktiv gjeldkuforing.

  • Drektighetssjekk kyr og kviger tidlig for å unngå å fôre på tomme dyr lenger enn naudsynt.

  • Kjøp kraftfor, grovfôrerstattere og evt. grovfôr som passer til din grovfôrsituasjon.