Kjøtt

Har kvalitetstilskottet gjort okseslakta betre?

Da kvalitetstilskottet på storfekjøtt vart innført frå 01.01.2014, var målet å stimulere til meir storfekjøtt. For NRF-oksar har gjennomsnittleg slaktevekt auka kvart år etterpå, og samtidig har gjennomsnittleg klasse auka litt med unntak av i 2017. Dessverre aukar feittgruppa i takt med dette. Auke i kjøttfylde gjev meir mat per kg slakt, men ikkje meir mørt og saftig storfekjøtt.

Åse Flittie Anderssen

Fagspesialist i Tine ­Fagavdeling

Ase.Anderssen@tine.no

Øystein Havrevoll

Rådgjevar i Nortura

Oystein.Havrevoll@nortura.no

Ei grei målsetjing i NRF-buskapar kan vera at 45 prosent av oksane skal oppnå klasse O+ eller betre, og at dei skal ligge på 2+ og 3- i feittgruppe.

Foto: Rasmus Lang-Ree

Tilskott blir gjeve for alle slaktegrupper med unntak av Ku og Okse, og for klasse O og betre. Feittgruppe må nå vera under 4-. Fram til 01.01.2017 var det lik sats for klasse O og betre, men frå da vart satsen redusert frå 4 til 3 kr i klasse O og opp frå 4 til 7 kr for klasse O+ og betre. Seinare er dette ytterlegare endra til 2,50 pr. kg for klasse O og 7,50 kr pr. kilo for klasse O+ og betre.

Korleis har tilskottet påvirka vekter og slaktekvalitet?

Utviklinga for NRF skil seg lite frå ­kjøttferasene bortsett frå at kjøttfegruppene ikkje har hatt auke i ­slaktevekter i 2017.

I Figur 1 viser vi kor stor andel av alle Ung okse-slakt (for alle raser samla) som har oppnådd klasse O og klasse O+ og betre i åra 2011-2017. Kvalitetstilskottet vart innført i 2014.

Figur 1 viser ein auke i andel slakt som er gode nok for å oppnå kvalitetstilskott, og ein stadig større del av desse har oppnådd det høgaste tilskottet, det vil seia klasse O+ og betre. Summen av desse klassene var 82,8 prosent i 2011, og høgste nivå hittil var i 2016 med 88,3 prosent. Dette skuld­ast både ei positiv utvikling generelt, og at ein større del av slakta kjem frå kjøttfe etter kvart som antal mjølkekyr i Norge blir redusert.

Figur 2 viser tydleg at Ung okse av kjøttfe-rasene oppnår vesentleg betre klassifisering enn NRF-oksane. Med nåverande satsar på 2,50 kr/kilo i klasse O og 7,50 kr/kilo i klasse O+ og betre betyr det at NRF-oksane i ­middel oppnår 3,95 kr/kilo medan Limousin-oksane oppnår 7,44 kr/kilo i kvalitetstilskott i middel.

Figur 1. Utvikling i andel Ung okse klassifisert i klasse O og O+ og betre i åra 2011-2017.

Kjelde: Animalia

Figur 2. Andel Ung okse klassifisert i klasse O og O+ og betre for ulike raser i 2017.

Kjelde: Animalia

Tabell 1. Utvikling i slaktekvalitet på Ung okse. Kjelde: Animalia

År

NRF

Hereford, Aberdeen Angus

Charolais, Limousin, Simmental

Slaktevekt

Slaktealder

Klasse

Feitt

Slaktevekt

Slaktealder

Klasse

Feitt

Slaktevekt

Slaktealder

Klasse

Feitt

2017

312,0

546

5,29

6,60

292,0

536

6,71

7,64

355,7

515

9,28

5,98

2016

309,9

542

5,35

6,61

293,8

537

6,70

7,67

356,5

519

9,30

5,91

2015

303,8

541

5,33

6,52

287,3

531

6,75

7,54

351,2

512

9,57

5,86

2014

295,4

539

5,24

6,39

278,6

535

6,54

7,32

344,2

520

9,23

5,79

2013

293,0

545

5,20

6,39

273,3

530

6,31

7,10

335,0

528

9,00

5,71

Store skilnader i slaktekvalitet mellom NRF-buskapane

Slaktedataene i Kukontrollen avslører at det også er store skilnader i slaktekvalitet for Ung okse mellom NRF-­buskapane. Anne Guro Larsgard i Geno tok ut slakteresultata i alle ­buskapar med minst 20 slakt av ung okse i Kukontrollen i 2017. Samtidig «forlangte» vi minst 40 NRF-hodyr i buskapane for å unngå buskapar med stor andel kjøttfe/krysningar. Resultata er vist i Figur 3 på neste side.

Figur 3 viser at rundt 42 prosent av dei 1 079 buskapane som oppfylte vilkåra i utplukket har oppnådd klassifisering som i gjennomsnitt for slakt av ung okse er i klasse O+ eller betre, medan rundt 57 prosent av alle har tyngda av slakta i klasse O. I tabell 2 er det vist eksempel på slakteresultat i to buskapar.

Buskap nummer 1 har slaktevekt under norsk middel, tilvekst likt med lands­middel og samtidig såpass som 43 prosent i klasse O+ og betre og berre så vidt over 2+ i feittgruppe. I ­fylgje Mjølkonomi går det med 4,6 kg kraftfôr per kg produsert oksekjøtt i denne buskapen, og kraftfôret blir ­tildelt mange gonger i døgnet gjennom kraftfôrautomatar på bingar med ­trakkutgjødsling. Grovfôrgrunnlaget er rikeleg.

Buskap nummer 2 har derimot høge slaktevekter og høg tilvekst, men greidde berre 37 prosent klasse O+ og betre og oksane er midt mellom 2+ og 3- i middel feittgruppe. Her tilseier Mjølk­onomiresultata at det har gått med 5,8 kg kraftfôr per kg produsert oksekjøtt, og buskapen sparer ein del grovfôrkjøp på denne måten. Kraftfôret blir tildelt på fôrbrettet to gonger i døgnet og oksane går i vanlege spaltebingar.

Det ser ut til at Buskap nummer 1 har drivi litt betre avl med tanke på kjøttproduksjonseigenskapar enn Buskap nummer 2 har gjort. Jfr. tabell 3.

Figur 3. Oppnådd gjennomsnittsresultat for Ung okse i buskapar med minst 20 slakt av Ung okse av NRF i 2017.

Kjelde: Kukontrollen

Tabell 2. Slakteresultat i 2017 for to NRF-buskapar, båe har 100 % NRF-dyr.

Buskap nr. 1

O-

O

O+ og betre

Sum/middel

Antal

3

14

13

30

Sum kilo

569

4190

4214

8973

Middel vekt

190

299

324

299

Middel fett

4,67

6,21

6,46

6,17

Middel tilvekst

462

553

582

552

% av alle

10 %

47 %

43 %

Kvalitetstilskott, kr/kg

4,69

Buskap nr. 2

O-

O

O+ og betre

Sum/middel

Antal

0

19

11

30

Sum kilo

6172

3799

9971

Middel vekt

325

345

332

Middel tilvekst

585

614

595

Middel fett

6,37

6,82

6,53

% av alle

63 %

37 %

Kvalitetstilskott, kr/kg

4,41

Tabell 3 viser den avlsmessige statusen for hodyra i dei to buskapane (rundt 130 hodyr i kvar).

Avlsverdi

Indeks kjøtt

Indeks slakteklasse

Indeks fettklasse

Indeks slaktevekt

Buskap nr. 1

7,7

101,4

99,0

101,9

103,8

Buskap nr. 2

8,7

98,9

97,8

102,4

100,3

Avl for kjøtt er viktig

Kjøttfylde er i stor grad genetisk bestemt. Blant eliteoksane i utvalget for mai – oktober 2018 varierer kjøtt­indeksen frå 86 til 122 poeng. Valg av oksar må sjølvsagt gjerast ut frå mange eigenskapar, men det er ingen tvil om at vi kan påvirke genetisk ­status for kjøtt i buskapen når vi set opp avslplanen.

Bruksdyrkryssing

Mange gjennomfører GS-analyser på kviger og kyr i buskapen. Dersom ein i tillegg er flink til å få kalv i dei er det ikkje behov for påsett av alle fødte ­kvigekalvar til eigen rekruttering. Det vil vera lønsamt å inseminere dei avlsmessig dårlegaste hodyra med kjøttfesæd, for dermed å få nokre kalvar som vil produsere kjøtt enda meir effektivt enn reine NRF-kalvar gjer. Krysnings-ku­kalvane skal også fôrast fram til slakt. Desse gjev gode slakt og kan utløyse beitetilskott i to sesongar. Viss dei oppnår både generelt beitetilskott og utmarksbeite-tilskott utgjer det 1 048 kr/sesong etter siste jordbruksavtale.

God start i livet

Vellykka kalveperiode er grunnlaget for å kunne oppnå høg middeltilvekst i buskapen, og vi reknar med at godt kalvestell i stor grad «forklarer» om buskapen havnar i O-søyla eller i O+-søyla i figur 3. Forsking har vist at god kalvetilvekst aktiverer fleire av dyret sine tilvekstgener som gjev auka tilvekstpotensial (sjå artikkel av Haga Kaldahl i Samvirke i mai 2018). Stikkord her er blant anna tidleg og rikeleg tildeling av råmjølk, 7-8 liter mjølk per dag inntil kalven et ca. 1 kg kraftfôr dagleg, nok plass, godt miljø, forebyggjande helsearbeid og god hygiene. Her viser vi til brosjyra «Godt ­kalveoppdrett» som inneheld nyttig fagstoff for å lykkast med å gje ­kalvane ein best mogleg start. Sjå: medlem.tine.noFagOppdrett Kalvebrosjyre.

Produksjonsmål tilpassa ­ressursgrunnlaget på garden

Vekt og alder ved slakting av storfe må tilpassast tilgang på kalv og grovfôr, plass i fjøset og prisløypa gjennom året. Men dyra må vera slaktemodne, det vil seia at ein utnyttar vekstpotensialet med så mykje feitt som marknaden etterspør. Knapp fjøsplass og grovfôrmangel tilseier å satse på høg fôrstyrke (høg kraftfôrandel) for å få slaktemodne oksar ved 14-16 månaders alder og slaktevekter opp mot 300 kg. I ein situasjon med rikeleg bingeplass og mykje og energirikt grovfôr kan NRF-oksar fôrast til 340 kg slaktevekt utan å bli feitare enn 2+/3-.

Ei grei målsetjing i NRF-buskapar kan vera at 45 prosent av oksane skal oppnå klasse O+ eller betre, og at dei skal ligge på 2+ og 3- i feittgruppe. Dersom resten av oksane går i klasse O, vil dette gje 4,75 kr/kilo i middel kvalitetstilskott. Figur 3 viser at det er samanheng mellom god klasse, høg slaktevekt og høg tilvekst, men det gjev også høgare feittgruppe.